Annonse
Barn med høyrselhemming har ofte ein spesialpedagog tett på seg. Men korleis skal ho legge til rette for at barnet skal delta i leik med dei andre? (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Kva er viktig for dei minste med høyrselshemming?

– Målet må vere at barn får den hjelpa og støtta dei treng, men at dei merker minst mogleg til tiltaka, seier forskar. 

Publisert

– Det er viktig at alle barn får oppleve seg sjølv som vanlege barn i ein vanleg barnehage, seier seniorrådgjevar Siv Hillesøy i Statped.

Ho har forska på kva for nokre vilkår barn med cochleaimplantat har for å delta i barnefellesskapet i barnehagen. Cochleaimplantat er eit teknisk hjelpemiddel som gir døve og sterkt høyrselshemma høve til å oppfatte og tolke lyd og tale.

I doktorgradsavhandlinga si følgde Hillesøy tre tilfeldig utvalde barn med cochleaimplantat i eit år. Barna var mellom eit og eit halvt og tre år gamle og gjekk i vanlege barnehagar.

Forskaren observerte barna i 30 dagar fordelt på tre besøk i kvar barnehage. Ho analyserte over 20 timar videoopptak av frileik og intervjua pedagogisk leiar, støttepedagog og anna personale.

Leiker på same måte

Funn frå tidlegare forsking viser at eldre barn med cochleaimplantat har større sosiale utfordringar enn andre barn. Hillesøy undersøkte difor korleis dei yngste barna med cochleaimplantat leiker. Ho fann at dei leiker på akkurat same måte som andre barn.

– Dei følger dei same rutinane og har det same repertoaret som andre. Dei erfarer både medgang og motgang i leiken, slik som dei andre barna. Dette er svært positivt fordi barna då gjer seg ulike typar læringserfaringar, seier Hillesøy.

Felles erfaringar med å leike

Cochleaimplantatet har på godt og vondt betydning for korleis barna deltar i leiken. Med cochleaimplantat kan døve og sterkt høyrselshemma barn høyre lydar og delta i leik med lydar og språk. Då er det enklare å vere med og leike.

Eit cochleaimplantat kan likevel aldri erstatte normal høyrsel. Det kan difor oppstå situasjonar der barna ikkje har den same tilgangen til lydmiljøet som andre barn.

Døme er situasjonar med mykje støy, leik over store avstandar eller leik utandørs når barn har mykje klede utanpå mikrofonen. Då står barna utanfor det lydlege og kommunikative fellesskapet, og det er vanskelegare for dei å delta i leiken.

Må få ta del i fellesskapet

– Barn med cochleaimplantat får ofte spesialpedagogisk hjelp. Hjelpa kan vere både god og naudsynt, men må organiserast på ein slik måte at barnet i størst mogleg grad får vere ein del av fellesskapet i barnehagen.

– Tilhøyret til barnegruppa er difor avhengig av at barna får vere aktive deltakarar i leik og samhandling med andre barn, seier Hillesøy.

Det er spesielt viktig at spesialpedagogiske hjelpetiltak ikkje går utover tid til leik og samhandling med dei andre. Det kan dei gjere om spesialpedagogen til dømes kjem i barnehagen og tek barnet med seg på eige rom for å trene på spesifikke dugleikar.

– Frileiken er særs viktig. Det er her barna etablerer relasjonar og får erfaring i å vere saman med andre. I frileiken utviklar barna i fellesskap dei sosiale kodane og rutinane som gjeld for samhandlinga i barnegruppa, forklarar Hillesøy.

Dei spesialpedagogiske tiltaka bør som hovudregel inngå i barnehagen sine felles aktivitetar. Til dømes kan heile barnegruppa jobbe med teikn som støtte i kommunikasjonen. I så fall vil bruk av teikn inngå som ein naturleg del av det felles kommunikative repertoaret i gruppa.

Rolla til dei vaksne

Barn med spesialpedagogiske tiltak har ofte støttepedagog eller assistent tett på seg, også under frileiken. Då forsøker gjerne den vaksne å legge til rette for at barnet skal delta i leik med andre barn.

– Nærværet til og støtta frå den vaksne er viktig for å gjere barna trygge og motivere dei til å leike. Samstundes kan det vere ein vanskeleg balansegang å involvere seg i barna sin leik utan at det går utover samhandlinga mellom barna, seier Hillesøy.

Hillesøy studerte kva som skjedde i slike situasjonar. Ho såg to klåre mønster. Det eine var at den vaksne retta merksemda si eksplisitt mot barnet med cochleaimplantat. Då vende barnet seg ofte mot den vaksne, og det blei ei samhandling mellom den vaksne og barnet.

– Eg såg fleire døme på at den vaksne prøvde å instruere barna med implantat i korleis dei skal leike med dei andre. Men barn er ikkje interessert i ein slik mellommann. Då blir den vaksne til hinder for at barnet deltek i fellesskapet, seier Hillesøy.

Det andre mønsteret var at den vaksne retta merksemda si mot ei gruppe barn. Då samhandla barnet vekselvis med den vaksne og dei andre barna, på lik linje med resten av gruppa.

– Når den vaksne har eit gruppefokus og deler merksemda si mellom alle barna, er det meir sannsynleg at barna leikar med kvarandre. Her ligg eit stort potensial for inkludering, seier Hillesøy.

I periodar kan barn med særskilde behov trenge vaksne tett på. Men den vaksne må og forstå når han bør trekke seg litt tilbake slik at barnet kan gjere seg erfaringar på eiga hand.

– Målet må vere at barn får den hjelpa og støtta dei treng, men at dei merker minst mogleg til dei spesialpedagogiske tiltaka. Det er viktig at alle barn får oppleve seg sjølv som vanlege barn i ein vanleg barnehage, seier Hillesøy.

Referansar:

Hillesøy, S. (2016): Et vanlig barn i en vanlig barnehage? Vilkår for deltakelse i barnefellesskap for de yngste barna med cochleaimplantat i barnehagen. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Stavanger.

Hillesøy, S. (2016): The Contribution of Support Teachers in Facilitating Children’s Peer Interactions. International Journal of Early Childhood. 48:95. Doi:10.1007/s13158-016-0157-1.

Powered by Labrador CMS