Fire år gamle Elida (i midten) har store høyrselstap på begge øyre. For henne har det vore positivt at alle i Bø barnehage kan nokre teikn. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Lærte alle barna teiknspråk

Tre skular og ein barnehage på Vestlandet har det siste halvanna året testa ut å lære teiknspråk til alle barn og tilsette. Slik inkluderer dei barn med nedsett høyrsel. Prosjektet er radikalt, seier NTNU-professor.

– Å bruke teikn-til-tale gir barn større ordforråd og betre forståing av omgrep. Det viser både forsking og erfaringa vår, seier Margrethe Fjæren i Statped. Ho er teiknspråkkonsulent og tolk for døve og har lang erfaring med bruk av teiknspråk.

– Tida er heldigvis forbi då både pedagogar og andre trudde at teiknspråk stod i vegen for å utvikle talespråk. Det er tvert imot positivt å lære seg eit ekstra språk, meiner Fjæren.

Auke statusen til teiknspråk

Statped har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet leia eit pilotprosjekt om bruk av teiknspråk i barnehage og skule. Målet er å gjere teiknspråk meir synleg i grunnopplæringa og auke statusen til det offisielle og fullverdige språket.

Ein av dei fire prosjektene har vore i Bø barnehage på Radøy. Personalet var ukjend med teiknspråk før dei fekk eit barn med nedsett høyrsel for nokre år sidan.

Målet for teiknspråkpiloten er å auke statusen til teiknspråket. Det har barnehagen klart. Ungane er stolte og krye over å vise fram teikn. Fra venstre: Michelle, Martin, Mariell, Rasmus, Gro Håland (styrer) og Ingvill Hovland (støttepedagog). (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Gjennom teiknspråkprosjektet har alle dei 70 barna og 20 tilsette tatt del i ulike teiknspråktiltak, som å bruke teikn i samlingsstund, under måltid, i spill og i leik. Fleire av dei tilsette har deltatt på korte teiknspråkkurs og dei har fått månadleg rettleiing av Statped.

Under ei samlingsstund for dei eldste barna syng pedagog Elin Stevneø kva ho heiter medan ho gjer teikn. Barna syng med. Hendene er flittig i bruk. Alle barna har sitt eige namneteikn. Så er det tid for å sjå på smartboarden, ei interaktiv tavle som barn og vaksne kan trykkje på. I dag viser skjermen bilete av ein dyrehage og mange teikn for dyr.

Barna får etter tur seie namnet på eit dyr dei ser, før dei foreslår kva som er teiknet til dyret. Når dei så trykkjer på skjermen, viser ei dame korleis ein gjer teiknet.

– Barna har kopla samanhengen mellom visuelle uttrykk og teikn. Dei gjer teikn for lang hals når vi snakkar om sjiraff, og stor munn når vi snakkar om krokodille, fortel Stevnebø.

Bø barnehage har ein smartboard kor barna mellom anna speler dyrelotto på teiknspråk. – Barna har kopla samanhengen mellom visuelle uttykk og teikn, seier pedagog Elin Stevnebø. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Inkluderande

I Bø barnehage går fire år gamle Elida. Ho har store høyrselstap på begge øyre. Med høyreapparat høyrer ho mykje, men ikkje alt. Difor bruker ho teiknspråk i tillegg til talespråk. For Elida har det vore positivt at alle i barnehagen kan nokre teikn.

– Elida føler seg meir normal når alle bruker teikn. Då føler ho at det ikkje er noko gale med henne, ho har berre eit anna språk, fortel mor til Elida, Elisabeth Vågenes.

Elida var to år gamal då høyrselstapet blei diagnostisert. Det var ikkje berre-berre å skulle lære seg ein ny måte å kommunisere på. Då var det til stor hjelp at heile barnehagen tok i bruk teikn.

– Dei eldste barna er flinke til å bruke teikn i kommunikasjonen med Elida. Ho blir lettare forstått no. Før leika ho meir ved sida av dei andre, no er ho meir med i leiken. Ho er mindre sint og frustrert, seier mor.

Nyttig for framandspråklege

I Bø barnehage synest pilotprosjektet å ha vore nyttig for fleire barn. Særleg framandspråklege barn er raskare med i dialogen enn dei normalt er når dei kan bruke teikn som støtte i kommunikasjonen.

Barna tar gjerne i bruk teikn når dei ikkje finn orda. Det skjedde mellom anna då eit barn frå eit anna land ikkje hadde ordet for brunost. Då peikte barnet på sin eigen mørke hud, for deretter å gjere teiknet for ost. Ei jente gjorde teiknet for regn då ho skulle fortelje i kva for eit vêr ho kunne nytte dei nye støvlane sine.

– Bruk av teiknspråk har gagna alle barna. Vi ser at barn som bruker lang tid før dei klarer å uttrykkje seg på norsk, blomstrar når dei tar i bruk teikn, seier støttepedagog Ingvill Hovland i Bø barnehage.

Teiknspråk har også ein meirverdi for dei andre elevane og for læringsmiljøet, ifølgje dei som har jobba med prosjektet. Prosjektet er difor retta mot heile opplæringsarenaen, og handlar ikkje om spesialundervisning retta mot enkeltelevar. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Eit radikalt prosjekt

Dette teiknspråkprosjektet byggjer på ein tanke om at fellesskapet skal tilpasse seg individet med særskilde behov. Dette er radikalt, ifølgje professor Patrik Kermit ved NTNU. Han evaluerer pilotprosjektet på oppdrag frå Statped.

Patrick Kermit er professor ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskap. (Foto: NTNU)

– Sjølv om vi kallar det inkludering, handlar praksisane i Noreg tradisjonelt om å få enkelteleven til å tilpasse seg fellesskapen. Tanken om spesialundervisning, der vi tar enkeltelevar bort frå fellesskapen, lever godt i Noreg. Men vi er på rett veg mot meir ekte inkludering, sjølv om det går sakte, meiner Kermit.

Forsking viser at det er vanskeleg å inkludere. Dette gjeld barn og unge med høyrselshemmingar så vel som andre nedsette funksjonar. Kermit meiner at teiknspråk er ein god inngang til inkludering. Dette er nettopp fordi eit språk berre har ein funksjon om mange nyttar det.

I evalueringa har Kermit funne fleire positive effektar av teiknspråkpiloten. Han ser mellom anna at mange barn har hatt glede av språkstimuleringa.

– Vi veit at det nesten alltid er ein styrke å kunne fleire språk. Det er mange døme på korleis teikn blir brukte for å stimulere ulike grupper, som spedbarn, utviklingshemma og andre. Det er difor positivt at alle har fått ta del i tiltaka, seier Kermit.

Erfaringskonferanse om teiknspråkprosjektet

Teiknspråkpiloten blei oppsummert på ein erfaringskonferanse i april, der kring 90 deltakarar utveksla erfaringar om prosjektet. På talarlista sto rådgjevarar frå Statped, Språkrådet, Utdanningsdirektoratet, samt professorar frå NTNU og Høgskolen i Oslo og Akershus.

Tilsette frå dei fire pilotane delte sine erfaringar med å gjennomføre teiknspråktiltak blant alle barn i ein barnehage eller på ein skule.

Utdanningsdirektoratet har vore oppdragsgjevar for teiknspråkpiloten. Rådgjevar Berit Holmlimo sa i innlegget sitt at prosjektet har vore viktig for å auke haldningane til teiknspråk

Teiknspråk er eit offisielt og fullverdig språk i Noreg. Seniorrådgjevar Sonja M. Holten frå Språkrådet sa i innlegget sitt at ved å anerkjenne og glede oss over det språklege mangfaldet i Noreg, kan vi auke statusen til minoritetsspråka i Noreg.

Kilde: Statped

Powered by Labrador CMS