Under halvparten av elevane med nedsett høyrsel får opplæring i lokale som har høyrselsteknisk utstyr, og som er regulert for akustikk. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Nedsett høyrsel kan påverke skuleresultat

Elevar med høyrselshemming har dårlegare skuleresultat enn andre elevar. Dei med lett høyrselstap får truleg for lite merksemd i skulen, for dei presterer dårlegare enn elevar med moderat høyrselstap.

Funn frå kartlegging i Noreg

Nokre av funna om skuleprestasjonar hos elevar med høyrselshemming:

  • Jenter presterer betre enn gutar
  • Lågare gjennomsnitt på nasjonale prøvar
  • Lågare deltaking på nasjonale prøvar (65 prosent mot 96 prosent hos høyrande)
  • Svakare resultat hos dei med tilleggsvanskar
  • Svakare resultat hos elevar med minoritetsbakgrunn 

Nesten tre promille av norske elevar har ei konstant høyrselshemming på eitt eller to øyre. Det vil seie at 3 av 1000 elevar har lett, moderat eller alvorleg høyrselstap, eller er døve.

Desse elevane gjer det dårlegare på skulen enn elevar med normal høyrsel. Dette gjeld både i lesing, skriving og matematikk, viser ei rekkje studiar frå ulike land.

– Vi skal forvente mykje. Barn med høyrselshemming skal ha like gode resultat på skulen som andre barn, men i dag gjer vi ikkje alt vi kan for dei, seier Ola Hendar ved Specialpedagogiska skolmyndigheten i Sverige.

Han forskar på skuleresultat hos elevar med høyrselshemming i Noreg og Sverige. Nyleg disputerte han ved Københavns Universitet med ei avhandling om skuleresultat og tidleg kommunikasjon.

Viktig å bruke språk tidleg

Kjønn, innvandrarstatus og utdanningsnivået til foreldra har betyding for skuleresultat. Slik er det også for dei med nedsett høyrsel. Men hos elevar med høyrselshemming blir skuleresultata også påverka av eventuelle tilleggsvanskar og kva for ei språkstimulering barnet får tidleg i livet.

Ola Hendar. (Foto: Privat)

– Barn som får tilgang til språk og kommunikasjon tidleg, klarer seg betre enn andre. Det speler inga rolle kva for eit språk dei møter. Det er kommunikasjonen i seg sjølv som er viktig, seier Hendar.

Språkforsking viser at det er positivt for språkutviklinga å bli eksponert for mange språk. Hendar meiner det er viktig at barn med høyrselshemming møter både talespråk og teiknspråk tidleg.

– Barn med høyrselshemming må få tilgang til teiknspråk og talespråk frå dei er heilt små. Så kan dei sjølve velje kva for eit språk dei vil nytte når dei blir større, meiner Hendar og held fram:

– Noreg og Sverige skil seg frå andre europeiske land ved at vi er tidleg ute med å tilby barna teikn. Men volumet er likevel ikkje stort nok, seier Hendar.

Ta lette høyrselstap på alvor

Skuleresultata for barn i Noreg med høyrselshemming blei kartlagt i 2012. Ola Hendar leia arbeidet, som blei utført av Skådalen kompetansesenter, i dag Statped. Kartlegginga såg på læringsresultata i lys av vedtekne kunnskapsmål.

Forskinga byggjer på statistikk over grunnskulepoeng for 10. trinn, standpunktkarakterar for 10. trinn i engelsk, matematikk og norsk og nasjonale prøver for 5. og 8. trinn i matematikk og lesing i norsk og engelsk. Datagrunnlaget består også av resultat frå eit anonymt spørjeskjema fylt ut av foreldre og lærarar, samt korleis lærarane vurderer kunnskapsutviklinga til elevane med høyrselshemming, sett i lys av måla i Kunnskapsløftet.

– Eit overraskande og viktig funn er at elevar med middels høyrselstap presterer betre enn elevar med lett høyrselstap, seier Hendar.

Skilnaden mellom desse gruppene er liten på 5. trinn, men tydeleg på 8. trinn.

– Ein tenkjer gjerne at dei med lett høyrselstap klarer seg bra og ikkje treng ekstra støtte. Dermed får dei ikkje nok hjelp. Men elevar med lette høyrselstap treng også tilrettelegging i skulen, seier Hendar.

Siv Hillesøy. (Foto: Statped)

Seksjonsleiar Siv Hillesøy i Statped meiner det er svært viktig å ta lette høyrselstap på alvor. Dette utgjer fleirtalet av elevane med nedsett høyrsel.

– Eit lett høyrselstap kan gi store utfordringar. I mykje støy er det utfordrande å identifisere og diskriminere lydar, som jo er nøkkelen til å lære å lese og skrive. Skal du lære bokstaven p, må du kunne høyre forskjell på p og b, seier Hillesøy.

Tilrettelegging på skulen

Tilrettelegging i klasserommet kan vere til stor hjelp for elevar med nedsett høyrsel. Forskinga til Hendar viser at under halvparten av elevane får opplæring i lokale som har høyrselsteknisk utstyr, og som er regulert for akustikk. Dette kan gjere kvardagen slitsam og krevjande.

– Når elevar brukar mykje energi på å få med seg det som blir sagt, har dei mindre overskot til å bearbeide innhaldet slik at dei lærer, seier Hillesøy.

Støy kan gjere det vanskeleg å oppfatte munnlege ytringar. Skulen må difor jobbe aktivt med å identifisere og redusere all støy som kan gjere lydbiletet dårlegare for eleven. Slike støykjelder kan vere alt frå ventilasjonsanlegg som susar til stolar som skrapar på golvet. Ofte veit eleven best kva som forstyrrar og bør bli tatt med på råd.

God klasseleiing er også særs viktig for elevar med høyrselshemming.

– Læraren må sørge for ro og struktur i klassen og ikkje gi beskjedar i situasjonar med støy, som til dømes når elevane tar bøker opp og ned av sekken. Vidare må ein planleggje og legge til rette slik at det finst tilgjengelege grupperom om ein skal ha diskusjon i lita gruppe, seier Hillesøy og held fram:

– Tekniske hjelpemiddel som lydutjamningsanlegg eller elevmikrofon er også til hjelp for mange. Bruk av slikt utstyr må vere ein naturleg del av aktivitetane i klasserommet. Mange elevar vil ikkje ha merksemd mot høyrselsvansken sin. Då er det uheldig om læraren spør eleven om det er naudsynt å bruke mikrofon, meiner Hillesøy.

Kompetanse

Forskinga peiker på at lærarane har avgrensa erfaring i å undervise elevar med høyrselsvanskar. Tal frå 2012 viste at 44 prosent av kontaktlærarane hadde under to års erfaring i å lære opp elevar med høyrselshemming. Berre 20 prosent hadde spesialpedagogisk vidareutdanning.

– Det er utruleg viktig at dei som underviser elevar med nedsett høyrsel, skaffar seg kompetanse, både om utfordringane til eleven og korleis skulen kan møte dei. Dei kan til dømes få rettleiing og kurs frå Statped eller andre fagfolk med høyrselsfagleg kompetanse, seier Hillesøy.

Ho meiner lærarar og skuleleiarar må ta ansvar for å skape eit inkluderande miljø der alle deltar.

– Viss høva er godt lagt til rette, kan elevar med nedsett høyrsel ha like gode skuleresultat som andre. Det er ingen grunn til å ha lågare forventningar til elevar med høyrselshemming enn til andre barn, meiner Hillesøy.

Eit teiknspråkleg miljø

Nokre elevar med høyrselshemming kommuniserer på teiknspråk eller tale med støtte av teikn. Opplæringslova gir dei rett til opplæring i og på teiknspråk, etter sakkunnig vurdering. Mange av elevane som går i ordinære skular, opplever å vere den einaste teiknspråklege eleven. På nokre skular er det også vanskeleg å rekruttere lærarar som kan teiknspråk.

– Det er mange utfordringar i å vere einaste teiknspråkbrukar. Kommunikasjon med andre som nyttar teiknspråk er viktig både for språkutviklinga, skuleresultata og identiteten, understrekar Hillesøy.

Teiknspråklege elevar som følgjer ordinær opplæring, kan difor få delar av undervisninga på ein alternativ opplæringsarena. Frå to til tolv veker i året samlast dei til deltidsopplæring i eit teiknspråkleg miljø. Mellom samlingane får dei gjerne fjernundervisning via video.

Referansar:

Ola Hendar: When two language modalities meet: Speech and sign language, and the impact on education. Doktorgradsavhandling, Københavns Universitet, 2016. Sammendrag

Ola Hendar: Elever med hørselshemming i skolen. En kartleggingsundersøkelse om læringsutbytte. Statped-rapport, 2012.

Utdanningsdirektoratet: Veileder om pedagogisk tilrettelegging for barn og unge med hørselshemming.

Powered by Labrador CMS