Ein notis frå Universitetet i Stavanger - les mer.
UNESCO-professorat til Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger (UiS) er tildelt eit fireårig UNESCO-professorat innan temaet mangfald, inkludering og utdanning. Utnemninga blir gitt til institusjonar verda rundt som har fagmiljø som utmerkar seg innanfor utvalde område som er relevante for UNESCO. Geir Skeie er professor i religionsdidaktikk og jobbar ved Institutt for kultur- og språkvitskap. Han er no UNESCO-professor, og gjer dette arbeidet saman med ei stor gruppe kollegar.
- Dette er første gongen UiS blir tildelt eit slikt professorat, og UiS blir no del av eit større nettverk med liknande UNESCO-stillingar over heile verda. Vi får ein tydelegare talarstol, som gir høve til å opne nokre dører, utan at vi i dag kan sei nøyaktig kva dører og når, seier Klaus Mohn, rektor ved UiS.
Mohn seier at det ikkje følgjer pengar med tildelinga, men at universitetet blir del av eit større nettverk i UNESCO-familien og får ei anna plattform til å løfte fram arbeidet med mangfald og inkludering i eit utdanningsperspektiv. Å vere vertskap for ein såkalla «UNESCO chair» inneber i stor grad å drive nettverksarbeid i inn- og utland, lage møteplassar for folk som tradisjonelt sett kanskje ikkje jobbar saman, og sette relevante tema på dagsorden.
Les meir om professoratet på nettsidene til Universitetet i Stavanger
Les også disse sakene fra Universitetet i Stavanger:
-
Noen av Norges vakreste minnetavler er ferdig restaurert – en av dem skiller seg ut
-
Digital skole: Alle er enige om at lærerne trenger hjelp, men ingen foreslår hvordan
-
– Barna våre er i ubalanse
-
– Det fine er at elevenes tankesett kan påvirkes
-
Finn ditt lokale signalbål: Slik var vikingenes forsvarssystem
-
Forskere: Vi vet for lite om hvordan digitalisering i barnehagen påvirker de aller yngste