Kva er naturleg?

Paleoøkologiske data kan snu om på ideen om kva som er naturleg. John Birks åtvarar mot eit naturvern der målet er å rette opp igjen balansen i eit gitt økosystem. - Nokon slik stabil tilstand finst ikkje, seier han.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Paleoøkologi

Paleoøkologi dreier seg om å studere fossile avsetningar, og ut frå det trekkje slutningar om korleis økosystema har fungert og endra seg gjennom historia.

Avsetningane kan vere frå både plantar og dyr, og dei kan ein hente frå havbotnen, innsjøar, myrer og jord. Paleoøkologiske data kan ein så ordne i seriar som strekkjer seg fleire tusen år tilbake i tid.

Eit sams særdrag ved slike seriar er at dei gir eit bilete av ein dynamisk natur, eit system i kontinuerleg endring på grunn av til dømes klimaendringar, evolusjon og spreiing av artar til nye område.

Då vert det med eitt ikkje alltid enkelt å seie kva som er «naturleg» eller «verneverdig»

Professor John Birks ved Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen åtvarar samstundes mot overdriven verneiver hos naturvernarar.

Sjølv om skogbrannar, miljøendringar og emigrasjon kan endre eit økosystem drastisk, er det ikkje alltid godt naturvern å prøve å stogge slike endringar, eller føre naturen tilbake til tilstanden før endringa.

Naturvern er nemleg også eit inngrep, og om ein vert for ivrig etter å gjere om på menneskelege feil, kan ein fort gripe inn i det som er heilt naturlege prosessar også.

- Forandring sett som unaturleg

- Det spørs kva du meiner med ordet «naturleg». Kva er eigentleg det, spør Birks.

Saman med kollegaen Kathy Willis har han publisert ein oversiktsartikkel i tidsskriftet Science, som viser korleis planteøkologiske data kan snu om på ideen om kva som er naturleg.

- Biologar er fascinerte av variasjon i rom, men tidsoppfatninga er det ikkje alltid like bra stelt med. Det som er i dag, er slik det alltid har vore, og alltid bør vere. Forandring vert sett på som noko unaturleg som ein må kjempe mot. Men alt i verda endrar seg jo, seier Birks.

Ein klassisk skog som ikkje var så klassisk

Paleoøkologi dreier seg nettopp om å studere biologien i fortida, og ut frå det trekkje slutningar om korleis til dømes klimaet har endra seg gjennom historia. Gode, paleoøkologiske data kan gi eit ganske nøyaktig bilete fleire tusen år bakover.

"John Birks."

- Problemet er berre å overbevise naturvernarar om at endringa faktisk har funne stad, seier Birks. Det er ikkje alltid like enkelt, spesielt ikkje dersom dei vitskapelege funna kolliderer med ei etablert tru.

- Ein gong viste vi mellom anna at den klassiske, britiske skogen finst ikkje lenger. Den ble hogd ned av vikingane, og erstatta av ein blanding av mykje rart. Det var tungt kost å svelgje for dei som kjempa for å verne om det dei meinte var den klassiske britiske skogen, humrar han.

Birks meiner naturvernarane gløymer å rekne menneske inn i likningane. Då vert det grobunn for slike konservative oppfattingar om naturens «opphavlege» tilstand.

Naturen er i endring heile tida

- Eit klassisk døme er frå eit naturreservat i Storbritannia, eit myrlandskap. For å berge dette, valde styresmaktene å gjerde det inn. Men sidan det ikkje vart heldt i hevd av menneske, forfall det, og vart snart til ein ugjennomtrengeleg krattskog, seier Birks.

Som paleoøkolog vert han oppgitt når folk forsøker å finne fram til korleis floraen og faunaen på ein gitt geografisk stad eigentleg skal vere.

- Nokon slik stabil tilstand finst ikkje, naturen er i endring heile tida. Dels er det dei same faktorane som driv endringane, seier Birks.

Kva skal ein gjenreise?

Han bruker skogbrannar som døme: I Nordøst-Kambodsja har ein gått ut frå at menneskeskapte skogbrannar er skuld i at skogen ikkje er like tett som den skal ha vore, og at dette har skapt store, opne område med savanne innimellom skogane. For å bøte på dette, har styresmaktene gått inn for å stogge skogbrannane, for å forsøke å få skogen opp igjen.

 

- Men hadde dei sett på paleoøkologien hadde dei sett dette, seier Birks, og viser ein plansje over kor mykje trekullavsetningar som er funnen i jordsmonnet, frå nåtid og til for 10 000 år sidan.

- Skogbrannaktiviteten har ikkje vore så lav som den er i dag på 9 000 år, seier han. Birks meiner skogbrannane tvert om kan bidra til å tryggje skogdekket, og at dei opne savanneområda er eit resultat av monsunregnet.

Åtvarar mot gjenreisingsøkologi

Han åtvarar mot såkalla restoration ecology, gjenreisingsøkologi, der målet er å rette opp att balansen i eit gitt økosystem.

- Gjenopprette frå kva? Og til kva? Det er jo nettopp dette paleoøkologien viser: Naturen er i konstant endring heile tida. Ta til dømes sur nedbør, seier Birks:

- Jordsmonnet her i Nord-Europa var naturlig surt på eit tidspunkt, men då menneske begynte med lyngbrenning, vart det meir basisk. Etter kvart flytta mange av bøndene som dreiv med lyng- og torvbrenning til Amerika for å prøve lykka, og vatnet vart surare igjen, og med industriureininga vart det endå litt surare.

- Og det var då nokon fann ut at ein skulle gjenopprette pH-balansen i vassdraga ved å kalke dei. Men gjenopprette han til kva? Til før folk drog til USA? Eller til då dei brann bråte? Tenkte dei eigentleg på det, spør Birks.

Innvandrarar med djupe, lokale røter

Eit anna fenomen Birks er skeptisk til, er aversjonen mot såkalla introduserte arter.

Først og fremst fordi det ofte er problematisk både å fastslå om ein art er introdusert, samstundes som det er vanskeleg å utelukke at ikkje introduksjonen eigentlig har vore ledd i ein naturleg prosess.

- Ta Selaginella kraussiana, til dømes. Den er populær som prydplante i nokre deler av verda, men veks vilt på Azorene, og har låg status der, fordi mange seier den «innvandra». Han «høyrer ikkje til der», altså.

- Men igjen, ser du på paleoøkologiske fakta, viser det seg å vere heilt feil. S. kraussiana har vore der i over 2 500 år, frå før menneska oppdaga Azorene, forklarar Birks.

“Nordlegaste utbreiing”

Han er forundra over den tilbakevendande forklaringa på kvifor ein skal gripe inn for å verne om fotfestet ein art har i Nord-Europa. Forklaringa går ut på at staden er det nordlegaste utbreiingsområdet for arten.

- Vi høyrer sjeldan om det motsette, det sørlegaste området. Altså der arten truleg har emigrert frå. Det er ein underleg asymmetri.

- Paleoøkologiske data tyder nemleg på at det er nettopp i bakevja av migrasjonane at nye arter oppstår. Det er logisk at det er nettopp der det genetiske mangfaldet er størst, at ein må gjere ein innsats for å verne, hevdar han.

- Det vi seier i denne artikkelen er ikkje at det er feil å verne om naturen slik han er nett no. Det kan hende at slike tiltak er riktige.

- Men ein må vakte seg for å byggje naturvernpolitikk på kjensler og ikkje fakta. Med paleoøkologi har vi i det minste eit verktøy til å teste teoriane, seier Birks.

Referanse:

K. J. Willis og H. J. B. Birks; What Is Natural? The Need for a Long-Term Perspective in Biodiversity Conservation, Science 24 november 2006; vol. 314. no. 5803, s. 1261 - 1265; DOI: 10.1126/science.1122667.

Powered by Labrador CMS