Bidreg til auka avlingar i Etiopia

Bøndene som deltek i eit norsk-etiopisk forskningssamarbeid merkar det på avlinga.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Byggsorten Himblil. (Foto: Mekelle University)"

NUFU-programmet

NUFU (Nasjonalt program for utvikling, forskning og utdanning) vart lansert i 1991, som eit program for sjølvstendig akademisk samarbeid basert på initiativ frå forskarar og institusjonar i Sør og deira partnarar i Noreg.

NUFU-programmet støttar institusjonelt samarbeid mellom norske universitet/høgskolar og deira partnerinstitusjoner i Sør som er retta mot å bygge berekraftig kapasitet og kompetanse innan forsking og forskningsbasert utdanning.

Alle samarbeidsprosjekt har ein hovedpartnar i Sør og ein i Noreg. Nettverksprosjekt har fleire partnaruniversitet.

NUFU-programmet er finansiert av Norad og administrert av Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU). Overordna mål for NUFU-programmet er nasjonal utvikling og fattigdomsreduksjon i Sør.

69 femårige og 17 toårige NUFU-prosjekt er finansiert i perioden 2007 til 2012. Det totale budsjettet i denne perioden er på rundt 400 millionar kroner.

– Dette prosjektet er ei Guds signing. Aldri før i livet har eg opplevd at universitetsfolk kunne ha noka interesse av korleis ein fattig bonde som eg lever.

Det seier Gebregiorgis, ein 68 år gamal bonde frå bygda Habes i Tigray-regionen i Nord-Etiopia.

Han har opplevd ein auke i byggavlinga si etter at eit forskingsprosjekt vart satt i gong med føremål å dyrke fram høgtytande bygg i regionen.

På bøndene sine vilkår

I doktoravhandlinga si ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i 2007 undersøkte Fetien Abay kvifor bønder i Tigray-regionen ikkje dyrkar dei byggsortane som er tilrådde frå den statlege forsøkstenesta – trass i lågt avlingsnivå og at bygg er den tredje viktigaste matkjelda.

Nøkkelen var å prøve ut sortane under bøndenes eigne vilkår, ikkje på langt meir gunstige forsøksstasjonar. For å få dette til, måtte bønder som Gebregiorgis sjølve ta del i forsøka, noko dei gjorde med stor interesse. Nærare 250 bønder i regionen deltok.

"Dr. Salvatore Ceccarelli (i midten) og Dr. Fetien Abay, omgjevne av to bønder som tek del i prosjektet. På flankane UMB-professor Åsmund Bjørnstad (t.v.), og stipendiat Yemane Tsehaye (t.h.). (Foto: Mekelle University)"

Abay synte og at den høgast ytande sorten i forsøka var Himblil, vald ut av den då 87 år gamle fjellbonden Kahsay Negash. Sorten hans spreidde seg raskt då den blei kjent gjennom forsøka.

Får finne eigne løysingar

Arbeidet har halde fram i eit samarbeidsprosjekt med UMB og Mekelle University (MU), der Abay i dag er koordinator. Prosjektet bær namnet “Seed Safety through Diversity” og er finansiert av Nasjonalt program for utvikling, forskning og utdanning (NUFU).

I oktober arrangerte dei to universiteta ein workshop i Tigray regionens hovudstad Mekelle. Møtet blei dekt av etiopisk fjernsyn og kringkasta blant anna på dei nasjonale nyheitsendingane.

– Eg har erfaring med prosjekt utanfrå som påla oss løysingar som ikkje fungerte, men dette gjer oss i stand til å finne løysingar sjølve, sa Mulugeta, den unge ordføraren i bygda Hames.

Bland dei kring 30 deltakarane var seks bønder og dessutan dei fremste byggforskarane i landet. Særskilt invitert var Salvatore Ceccarelli, den tidlegare leiaren for byggforedlinga ved det Internasjonale instituttet for landbruk i tørre område (ICARDA).

Han er kjend for arbeidet med deltakande metodar saman med bønder i marginale område i Syria, Jordan og andre land.

Kan nyttast i andre regionar

Eit viktig resultat frå møtet var at etiopiske byggforskarar rosa resultata i Tigray og sa at slike metodar var verdifulle også i andre regionar.

NUFU-prosjektet synte også fram lovande byggliner frå kryssinga mellom Himblil og den mest utbreidde sorten i Tigray, Saesa.

Denne kryssinga blir studert vidare, mellom anna med molekylære metodar, for å forstå tilpassingseigenskapane.

Lenke:

NUFU-programmet

Powered by Labrador CMS