Med godfoten på øglejakt

− Øglegravarane på Svalbard og Rosenborg under Nils Arne Eggen har begge lukkast gjennom å skapa sin eigen kultur, seier Tommy Wensås. Sikkerheitssjefen for utgravingane har skrive prosjektoppgåve om øglegravarteamet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Øglegraverne på Svalbard viser sin interne hilsen. Foto: Naturhistorisk museum, UiO
Øglegraverne på Svalbard viser sin interne hilsen. Foto: Naturhistorisk museum, UiO

− I boka Godfoten snakkar Eggen om kor viktig ein felles kultur er for å skapa god samhandling. Teamet med øglegravarar har lukkast i å skapa ein slik kultur, fastslår Wensås.

− Den eigne kulturen kjem til uttrykk ved at vi har utvikla eigne normer, felles humor og slike ting. Det vert spesielt synleg når vi har gjester utanfrå.

Til dagleg er Wensås teknisk sjef for Handelshøyskolen BI i Oslo. Men eit par veker kvar haust pakkar han sekk og rifle og deltek som sikkerheitssjef på Naturhistorisk museum sine utgravingar av marine øgler på Svalbard, leia av Jørn Hurum.

Isolerte problemstillingar

No har han skrive prosjektoppgave om teamet, som ein del av emnet “Ledelse og coaching; verktøy og virkemidler”.

Som deltakar i teamet er kanskje ikkje Wensås den rette til å vurdera kor godt teamet fungerer. Det har då heller ikkje vore hovudmålet hans.

− Det eg var interessert i å undersøkja, var om dette teamet svara til det som vert beskrive i teorien.

− Såpass isolerte som vi er på ekspedisjonane våre, vert det lett å isolera problemstillingane som skal studerast. Der oppe er det ingen linjeorganisasjon som ein må ta omsyn til.

Svara nesten ordrett like

Undersøkjinga vart gjort ved at deltakarane vart bedne om å svara på eit spørjeskjema som dei fekk på e-post.

Nokre få takka nei, men dei som svara, var samstemte om svaret på det fyrste spørsmålet: Kva legg du i omgrepet team?

− Med eitt unntak var svara nesten ordrett like: Ei gruppe menneske som arbeider mot eit felles mål.

Deltakarane vart òg bedne om å plassera seg sjølve i tre av ni ulike teamroller, utvikla av Meredith Belbin. Dei fordelte seg ut over åtte av dei ni rollene.

− Med ei såpass lita gruppe som vår, må dette seiast å vera ei stadfesting av teorien. Det fyrste som slo meg då eg såg svara samla, var “Jøss! Teorien stemmer jo”.

To veker i flytsona

Tommy Wensås under støping av gipskappe rundt fossil på Svalbard. Foto: Hans Arne Nakrem, Naturhistorisk museum, UiO
Tommy Wensås under støping av gipskappe rundt fossil på Svalbard. Foto: Hans Arne Nakrem, Naturhistorisk museum, UiO

Wensås peikar likevel på mulige fallgruver for øglegravarane.

Mellom anna er det lite formell rollefordeling ut over at alle er samde om at Hurum er leiaren, og det er lite refleksjon hjå dei enkelte deltakarane over kva som gjer at teamet fungerer.

Han låner eit anna uttrykk frå Eggen for å forklara ei anna årsak til at øglegravarteamet fungerer.

− Eggen snakkar om flytsona. Vi er i den sona dei fyrste to vekene. Men eitt år var vi der oppe i tre veker, og då byrja slitasjen å merkast mot slutten.

− Så det at opphaldet er såpass avgrensa i tid, bidreg nok til at ein ikkje treng så klare rollefordelingar, trur han.

Viktig med gruppe som fungerer

Ekspedisjonsleiar Hurum er enig i at det er viktig med eit felles mål.

Samstundes meiner han det er viktig å setja saman ei gruppe som fungerer, og fortel at både frivillige og studentar som deltek i prosjektet er handplukka.

− Alle veit at dei bidreg med noko viktig i prosjektet. At Øglegravarane er så einestående internasjonalt gjer jo òg noko med haldningene i gruppa. Vi føler oss alle privilegerte som deltakarar i dette eventyret, seier Hurum.

Powered by Labrador CMS