Bærdyrking i plasttunellar er eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere problem med soppsjukdommar. Men tunellane har auka problema med spinnmidd og nokre andre skadedyr.
Bioforsk
Siri EliseDybdalfrilansjournalist
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Gjennom forskingsprosjektet “BERRYSYS - Ei systemtilnærming til biologisk kontroll i økologisk og integrert jordbærproduksjon” har forskarar ved Bioforsk sett nærare på samspelet mellom skadedyr, plantepatogene sopp og naturlige fiendar i samarbeid med mellom anna landbruksfakultetet ved São Paulo University i Brasil, Koppert Biological Systems i Nederland, Norsk Landbruksrådgjeving og jordbærbonden Simen Myhrene.
Denne situasjonen har ført til ein redusert bruk av soppmiddel, men ein auka bruk av skadedyrmiddel.
No har forskarar ved Bioforks testa ut dyrkingssystem og planteverntiltak som fremjar naturlege fiendar som nyttesopp og rovmidd, for å redusere problem med spinnmidd og mjøldogg på jordbær.
Ser på samspelet
- Bruken av kjemiske soppmiddel er kraftig redusert ved tunellproduksjon, men dersom skadedyrproblema aukar tilsvarande som problemet med soppsjukdommar avtek er vi nesten like langt.
- Difor treng vi å utvikle dyrkingssystem som minskar problemet med soppsjukdommar utan at det fører til større problem med skadedyr, seier Ingeborg Klingen, forsker ved Bioforsk Plantehelse.
Ifølgje Klingen har dei ulike organismane blitt forska på kvar for seg tidligare.
- Men for å forstå korleis vi skal kunne handtere eit samansett plantevernproblem i ein kultur er det behov for ei systemtilnærming, seier ho.
Forskarane ved Bioforsk har samarbeida med kollegaer i Brasil og Nederland, og ein jordbærbonde.
Frå laboratorium til åker
- Våre laboratoriestudier viser til dømes at bruk av mange soppmidlar, inkludert svovel som brukast i økologisk produksjon, kan føre til meir spinnmidd fordi soppmidla også hemmar N. floridana, seier Klingen.
Om dette er viktig i en feltsituasjon vet ikkje forskarane enda. Men i dei brasilianske forsøka ser dei at ein auka bruk av kjemiske plantevernmiddel fører til auka problem med spinnmidd.
- Laboratorieforsøka viser og at mjøldogg er med på å redusere spinnmiddens reproduksjon og at mjødogg, rovmidd og svovel i kombinasjon kan redusere spinnmidden ytterligare, påpeikar Klingen.
Vil gje retningsliner
Ho fortel at forskarane har sett på mange ulike område, frå spørsmål rundt overvintring av nyttesopp og påverknad frå lys/temperaturforhold til storskalaproduksjon av nyttesopp, korleis nyttesoppen påverkar spinnmiddens val av partner og om rovmidd og nyttesopp kan spele på lag.
- Vidare har vi sett på kva slags rovmidd som fins naturleg i eit jordbærfelt i Noreg og i Brasil. Diversiteten og talet på rovmidd ein har funne i norske jordbærfelt samanlikna med brasilianske er høg. Fleire nye rovmiddartar for Norge er også funne, seier ho.
Resultata frå forskinga vil ikkje berre gje nye retningsliner til jordbærbønder i Noreg og internasjonalt, men kunnskapen frå prosjektet kan også bli brukt i produksjon av mellom anna bringbær:
Annonse
- Prosjektet vil kunne gje ny kunnskap om korleis ein jordbærkultur kan forvaltast for å redusere problem med spinnmidd og soppsjukdommar og ta vare på og fremje rovmidd og nyttesoppen N. floridana.
- Dette vil ha overføringsverdi til mellom anna dyrking av bringebær og kirsebær i tunnell, seier ho.
Prosjektet har også resultert i ny kunnskap som kan brukas til å forstå korleis ein kan få etablert og spreidd nyttesoppen N. floridana i ulike plantekulturar og under ulike klimatiske forhold.
- Denne tek oss et skritt i retninga av å kunne bruke soppen mot spinnmidd i ulike biologiske motarbeidingsstrategiar, som kan brukas av så vel norske som brasilianske dyrkarar. Men her er det framleis ein veg å gå, seier Klingen.