Tang og tare kan mellom anna brukast i dyre- og fiskefôr, mat, til bioenergiproduksjon, helsekost, legemiddel og i kosmetikk. (Foto: Ragnar Våga Pedersen)

Kinesisk hjelp til tang- og tarenæringa i Noreg

Langs den norske kysten er det gode moglegheiter for produksjon av tang og tare. No kan eit kinesisk-norsk forskingssamarbeid kan få fart på den norske næringa.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Algar

Algane utgjer størstedelen av biomassen på jorda, og dei vert nytta kommersielt til ein rekkje produkt. 90 prosent av alle algar som inngår i industriell produksjon stammar frå algedyrking, og det er Asia som er leiande i verdsmarknaden.

Algar (latin: algae; tang, tare, «sjøgras», «grønske») er fellesnamn for ei mengde vassplanter, frå mikroskopiske eincella artar (mikroalgar), til tang- og tareartar med mange meters omfang (makroalgar). Dei aller fleste algane lever i saltvatn, mange i ferskvatn, og nokre få på land. Enkelte algar (cyanobakteriar, grønnalgar) lever i symbiose med sopp og dannar lav.

Algar kan delast i to grupper. Mikroalgar er eincella, eller dei dannar enkle koloniar som svever fritt i vatnet, medan makroalgar er fleircella og er festa til botnen. Makroalgane er difor godt synlige, medan dei største mikroalgane bare så vidt kan skimtast med auget. Store mengder mikroalgar gir derimot misfarging av vatnet. 

Fakta om samarbeidet

Det vil bli inngått ein institusjonell samarbeidsavtale mellom Nibio, Yellow Sea Fisheries Institute og Zhejiang Marin Culture Research Institute. I løpet av hausten skal det identifiserast konkrete samarbeidsområde der institusjonane skal ta sikte på å utvikle forskingsprosjekt ved hjelp av norske, europeiske og kinesiske offentlege midlar.

Nibio vil samarbeide med relevante norske næringsaktørar og forskingsinstitutt etter behov. Dette er det fyste store institusjonelle samarbeidet om makroalgar mellom kinesiske og norske forskarar.

Nibios Kina-samarbeid på tang og tare er ein del av Sinogreen-prosjektet som vert finansiert av Noregs forskingsråd og leidd av Jihong Liu Clarke. 

Nordlandsfylkeskommune (NFK) og Nibio har felles kinesiske samarbeidspartnarar i Zhejiang-provinsen, som gjer at  NFK og Nibio kan samarbeide om eit langsiktig Kina-samarbeid på tang og tare.

I Kina er produksjon av tang og tare – makroalgar på fagspråket – gamalt nytt. Noreg er førebels i startfasen med tanke på å utnytte desse effektivt. 

Tang og tare kan mellom anna brukast i dyre- og fiskefôr, mat, til bioenergiproduksjon, helsekost, legemiddel og i kosmetikk. Algeproduksjon kan bidra til å redusere dei negative sidene ved lakseoppdrett. Når tang og tare vert dyrka i nærleiken av oppdrettsanlegg, bidreg dei til å reinse avfallet frå anlegget. 

‒ Kina er verdas største produsent av tang og tare og satsar tungt på forsking og innovasjon. Det er mykje vi kan lære av kvarandre. Erfaringane frå Kina kan hjelpe Noreg å få fart på produksjonen mykje fortare, seier Kina-koordinator Jihong Liu Clarke i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

‒ I dag er tang- og tareproduksjonen i Noreg veldig manuell og krevjande, men dette gjeld òg Kina. Dei brukar mykje arbeidskraft og ynskjer difor teknologiutvikling velkommen. Kinesarane kan lære oss om biologi, avl og dyrkingspotensiale, medan dei kan lære teknologi frå oss, seier prosjektkoordinator i Nibio, Margarita Novoa-Garrido.

Det er stor etterspurnad i verdsmarknaden etter alginat og andre algeprodukt.

‒ Kina klarer ikkje å dekke verdsmarknaden. Vestlege land kan bidra, men då må vi lære meir om dyrking. Produksjonen må vere basert på dyrking om han skal vere berekraftig, seier Novoa-Garrido.

Kinesisk dyrkingssystem og sortsutvikling

Både Noreg og Kina har spesielle fortrinn for tang- og tareproduksjon, og vi trur det er potensial for eit veldig godt forskingssamarbeid mellom dei to landa, ifølgje professor Feijiu Wang, Hui Liu og Wenjun Wang frå Yellow Sea Fisheries Research Institute (YSFRI) i Kina.

Dei påpeikar at Kina har vi lang erfaring med produksjon og utvikling av tang og tare. Noreg har rikeleg med algeressursar langs kysten og eit godt miljø og gode tilhøve for dyrking og produksjon. Men Noreg har enno ikkje lukkast med å utnytte potensialet og kommersialisere dyrkinga.

Dei har fleire tankar om korleis dei kan hjelpe til med å utvikle makroalgesektoren i Noreg. Kina har erfaring med bruk av eit flotesystem der algane veks i ulike tausystem ned mot botnen.

Ynskjer å lære av norsk lakseoppdrett

Samstundes har kinesarane eigeninteresse i å samarbeide med Noreg.

‒ Noreg har eit godt utvikla og automatisert akvakultursystem for laks. Kina håper å kunne overføre noko av denne kunnskapen til å vidareutvikle vår eigen makroalgeindustri, skriv dei tre forskarane i ei felles fråsegn.

Kinesiske forskarar besøker Gildeskål forskingsstasjon for å sjå på lakseanlegg. (Foto: Margarita Novoa-Garrido)

Novoa-Garrido hadde nyleg besøk av kinesarane under eit seminar i Bodø, der målet var å bli einige om eit felles institusjonelt samarbeid.

‒ Dei er imponerte over norsk fiskeoppdrett, og dei ser at teknologien kan overførast. Det er eigentleg det vi allereie gjer. Når vi forskar på tang og tare, så brukar vi prinsippa frå oppdrettsnæringa når vi dyrkar, haustar og behandlar algar, seier Novoa-Garrido.

Kinesarane har og kunnskap om krysning, utvikling og avl av makroalgar. No vil dei studere dei norske tang- og taresortane, og korleis dei er tilpassa det nordiske klimaet. 

‒ Vi ynskjer å forske på de norske algesortane og genmaterialet for å sjå om vi kan lære noko som kan brukast til å forbetre sortar vi har i Kina, kommenterer dei tre forskarane. 

Vegen til storskalaproduksjon

Dei meiner Noreg må gjera følgjande for å lukkast med storskala produksjon av makroalgar:

  • Setje eit mål for kva ein vil oppnå med algeproduksjon i Noreg, og nytte dei algesortane som er best tilpassa storskalaproduksjon.
  • Lage eit oppdrettsystem som er tilpassa storskala kommersiell produksjon.
  • Utvikle ein automatisert modell for kommersiell algedyrking, med sikte på å redusere dei høge produksjonskostnadane.

Både kinesarar og nordmenn er opptatt av at ein må utvikle ein teknologi som i større grad kan utnytte heile biomassen og trekke ut produkt med høg verdi for til dømes legemiddelindustrien.

Novoa-Garrido seier at det er naudsynt å jobbe mykje med teknologiutvikling gjennom heile næringskjeda, nett for å automatisere og få ned produksjonskostnadane.

Margarita Novoa-Garrido forbereder seg til å gjennomføre eit forsøk i laboratoriet. (Foto: Ragnar Våga Pedersen)

‒ Det er særleg viktig å se på konservering og raffinering. Vi må tenkje logistikk på regionalt nivå. Algar inneheld 70–90 prosent vatn og vert forderva veldig fort. Dei må difor konserverast nært den staden dei vert hausta.

Norsk algemarknad i vekst

Den norske marknaden for tang og tare er i vekst. Selskapet Seaweed Energy Solutions er blant dei som allereie er i gang med å dyrke tare på Frøya utanfor Trondheim.

– Vi kan sjå at etterspurnaden etter tare har økt dei siste to‒tre åra. Då vi starta for fem år sidan, var det lite snakk om det. Men no har det kome omkring 20 konsesjonar for småskaladyrking langs den norske kysten, seier dagleg leiar Jon Funderud i Seaweed Energy Solutions til Sysla.no.

Novoa-Garrido trur på ei viss inntening frå storskala produksjon av makroalgar i Noreg i løpet av dei neste ti åra.

‒ Fem til ti år er eit optimistisk anslag. Om ein skal lukkast, må ein jobbe målretta med teknologiutvikling.

Powered by Labrador CMS