Botanisk DNA-gullgruve

Ny metode gjer det mogleg for botanikarar å studere DNA frå plantesamlingar som tidlegare har vore rekna som for gammalt til slik bruk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Flekktvitann. Foto: Mika Bendiksby

− Vitskaplege botaniske samlingar er ei gullgruve som vert for lite brukt, seier botanikar Mika Bendiksby, som i arbeidet med doktorgraden sin har utvikla ein ny metode for å studera dette materialet.

I tidlegare tider brukte botanikarane utsjånad, formering og etter kvart tal på kromosom som grunnlag for å bestemma kva plantar som vart plasserte i same evolusjonære gruppe.

I dag er det DNA-analyse som vert brukt, ein langt meir presis metode.

− Ein kan seia at vi i dag etterprøver hypotesane som tidlegare botanikarar sette fram, seier Bendiksby, som i mai disputerer for doktorgraden ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Ikkje godt nok

Til DNA-analysane trengst plantemateriale, og di ferskare, di betre.

DNA vert øydelagd over tid, og 20−30 år gammalt materiale vert av mange rekna som for gammalt til dette bruket.

Heilt feil, meiner Bendiksby.

− Eg har studert ein underfamilie i leppeblomstfamilien som heiter Lamioideae. Den omfattar 63 slekter, og i starten klarte vi å få brukande data for 50 av desse slektene.

Det var ikkje godt nok for perfeksjonisten i Bendiksby. Etter mykje arbeid i laboratoriet kom ho til slutt fram til ein enkel metode for å få betre DNA frå materialet i herbaria.

Asiatiske herbarium

− Metodar for å få DNA ut av gammalt materiale fantest frå før, men dei er kostbare og kompliserte. Metoden min er enkel, nesten som eit triks. Den kan brukast i alle laboratorium med standardutstyr, forklarar ho.

Metoden sette Bendiksby i stand til å analysera ytterlegare ti av dei gjenståande slektene. Ho reknar med at ho skulle ha klart dei tre siste òg, men har ikkje lukkast med å skaffa til veges plantemateriale.

− Det finst berre i asiatiske herbarie, og vi har ikkje klart å få tak i det, seier ho.

Reisa utan garanti

Bendiksby har analysert prøvar som er opp til 168 år gamle.

− Kvaliteten på DNA dalar gradvis over tid.

− Men grensa for kor gammalt materiale som kan analyserast med den nye metoden, ligg endå eit stykke lenger tilbake i tid, seier Bendiksby.

Ho meiner fleire burde gjera seg nytte av herbariemateriale framfor å, som ho seier, ”bruka 50 000 på å reisa til Nepal utan garanti for at ein finn dei plantane ein ser etter”.

Genbank på Internett

Mika Bendiksby. Foto: privat

− Men materialet som vert brukt til analysen, går tapt, og ein vil jo helst unngå å øydeleggja for mykje av det verdfulle herbariematerialet.

− På den andre sida: når analysen fyrst er gjort, går DNAet inn i museet sin DNA-bank, og resultata inn i ein genbank på internett slik at andre kan henta data der.

− Dette er kjempeviktig for arbeidet med molekylær biosystematikk, seier ho.

Riktige hypotesar

− Systematikken vi byggjer med dagens verktøy, ligg mykje nærmare den heile og fulle sanninga om evolusjonstreet enn det tidlegare botanikarar hadde muligheit for å klara.

− Men undervegs unngår ein ikkje å bli fylt med stor respekt for tidlegare plantesystematikarar, som fekk til ubegripeleg mykje med dei begrensingane som låg i metodane deira. Dei fleste av hypotesane deira som eg har testa, har vore riktige.

Powered by Labrador CMS