Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Nyfødde som ikkje kan få mjølk av mora, kan matast med donormjølk gjennom ein sonde.

Norske kvinner leverer mest morsmjølk i verda. No skal donormjølka bli enda sikrare

I motsetning til andre land vert ikkje all den donerte mjølka varmebehandla for å fjerne mikroorganismar, for dei kan vere bra for babyar. Ekspertar vil likevel ha full kontroll på kva morsmjølka inneheld.

«Det kvite blodet», kallar Hedvig Nordeng morsmjølka. Ho samanliknar dei tolv norske morsmjølkbankane med dei meir kjende blodbankane.

– Mottakarane av donormjølk er dei minste og mest sårbare medlemmene i samfunnet vårt. Vi er forplikta til å gje dei så godt tilbod som vi berre kan, seier ho.

Nordeng er professor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Ho har sete i ei breitt samansett gruppe klinikarar og ekspertar som nyleg har lagt fram oppdaterte retningsliner for norske morsmjølkbankar.

Evolusjonen har brukt mange millionar år

– Norske morsmjølkbankar er spesielle på to måtar. Den eine er at vi er det landet som donerer mest mjølk per innbyggjar. Den andre er at vi til liks med andre sjølvsagt sjekkar mjølka for virus og bakteriar, men derimot pasteuriserer vi ikkje all mjølka, seier Nordeng.

Årsaka er at varmebehandlinga i pasteuriseringsprosessen ikkje berre tek livet av uynskte mikroorganismar, men òg øydelegg mange av dei viktige stoffa som morsmjølka inneheld.

– Sjølv om vi ikkje veit når pattedyra begynte å gje ungane mjølk, kan vi trygt slå fast at evolusjonen har brukt mange millionar år på å optimalisera samansetjinga av morsmjølka for den enkelte arten, seier Nordeng.

– Når vi pasteuriserer mjølka, endrar vi òg denne samansetjinga og senkar kvaliteten på «det kvite blodet», påpeikar ho.

– Vi ville jo ikkje finna på å pasteurisera vanleg blod! Og sjølv om vi kan ha gode morsmjølkerstatningar, manglar dei ein del viktige protein og immunstoff.

– Evolusjonen har brukt mange millionar år på å optimalisera samansetjinga av morsmjølka vår, seier Hedvig Nordeng.

Må ha full kontroll

Morsmjølkbankar finst berre på norske sjukehus, og dei er i hovudsak meinte for for tidleg fødde som av ulike årsaker ikkje kan få mjølk av si eiga mor.

– Ein vanleg grunn er rett og slett at kroppen til mora ikkje er førebudd på å gje mjølk på kanskje to–tre månadar. Då er sjukehusa sin morsmjølkbank uunnverleg, seier Nordeng.

Donorane av «det kvite blodet» er mødrer som produserer meir mjølk enn dei treng sjølve. Retningslinene for morsmjølkbankar inneheld lister over kva legemiddel dei ikkje kan bruka og òg kva dei kan bruka.

– Vi må òg vita om donorane brukar naturmiddel. Nokre typar legemiddel er det uproblematisk å bruka, medan andre inneber kortare eller lengre karantenetid, seier Nordeng.

– Vi må ha full kontroll på kva mjølka inneheld. Ho må vera sikker som banken.

Revisjonsarbeidet er leia av Anne Grøvslien, nasjonal koordinator for norske mjølkebankar. Her ved sida av fersk donormjølk.

Skal sjå på overføring av legemiddel gjennom morsmjølk

Ho poengterer at når forskarar frå akademia er med og utarbeider retningsliner for drift i helsevesenet, er det ei form for forskingsformidling som ikkje alltid er like synleg, men som er svært viktig for samfunnet.

– Det er heilt avgjerande med farmasøytisk kompetanse når ein møter overordna problemstillingar knytte til legemiddel, slår ho fast.

Dei neste fem åra skal Nordeng delta i eit større europeisk forskingsprosjekt som skal byggja opp ein morsmjølkbank ved Uppsala universitet.

Formålet her er òg å studera overføring av legemiddel gjennom morsmjølk, men denne gongen mellom mor og eige barn.

Meir informasjon om morsmjølkbankar:

Drift av morsmelkbanker (helsebiblioteket.no)

Powered by Labrador CMS