Hardangervidda kan beitast meir

Skog og landskap har utført ei beitegransking for store delar av Hardangervidda (6589 km²). Granskinga viser at Vidda har store unytta beiteressursar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Lågurteng og reinrosehei ved Ullensvang. (Foto: Johnny Hofsten)

Granskinga byggjer på ei ressurskartlegging utført ved eit nett av prøveflater lagt ut med ein avstand på 18 kilometer.

Dette er eit landsdekkande nett av flater som er under etablering ved Skog og landskap.

Satellittfoto er nytta for å få uttrykk for beitekvalitet ned på beitelagsnivå. Det Kgl. Selskapet for Norges Vel sine beitegranskingar for Hordaland, Buskerud og Telemark frå 1940 og 1950-talet har òg vore viktig grunnlag for ressursvurderinga.

Store beiteressursar

- Hardangervidda har store beiteressursar. Det finst jamt gode beite for sau over det meste av Vidda. Dei beste beita er å finne i område med næringsrike bergartar som til dømes området innafor trekanten Bjoreidalen - Kvennsjøen - Stavali.

- Mykje av beitet er høgtliggande og kjem derfor seint, dette gjeld særleg på vestsida der det i tillegg er mykje snø, sier Yngve Rekdal ved Skog og landskap.

Beitebruk

Omlag 27 000 sauer beita innafor granskingsområdet i 2007, og desse brukta 37 prosent av arealet. I Buskerud vart 61 prosent av arealet bruka, medan tilsvarande for Hordaland var 38 prosent.

I Telemark er det i første rekkje randområda i sør som blir nytta, og dette utgjer berre 21 prosent av arealet som fylket har i granskingsområdet. Sentrale delar av Vidda har lite eller ikkje sau.

Beitetrykket samla for granskingsområdet er lågt med 4 sau per km² totalt landareal. For områda som blir bruka av beitelag ligg beitetrykket i snitt kring 10 sau per km².

Tilrådd dyretal

Sju beitelag er nærare granska med omtale av beitegrunnlag og med tilråding av dyretal. Dyretal er gjeve med sikte på optimal produksjon frå dyr på beitet, samtidig som beitegrunnlaget ikkje blir forringa på lang sikt.

- I dei fleste laga burde det vera rom for ein god auke i talet av beitedyr, sier Rekdal.

Han understrekar at dei tilrådde dyretala må sjåast på som grove overslag.

- For å få ei god tilpassing i høve til ressursgrunnlaget er det viktig å følgje bruken av området, utviklinga i vegetasjonen og vektene på dyr frå beitet over tid. Dei gjevne dyretala forutset nokolunde jamn utnytting av områda, sier Rekdal.

Bakgrunn:

Arbeidet er utført for Atle Mysterud ved UiO og prosjektet ”Ecological effects of sheep grazing and the economy of sustainable husbandry in alpine habitats” (NFR, program ”Landskap i endring”).

Referanse:

Les hele rapporten: Vegetasjon og beite på Hardangervidda

Powered by Labrador CMS