God agronomi eit godt klimatiltak

– Bruk vidvinkel, seier forskar Sissel Hansen ved Bioforsk Økologisk, og sikter til korleis ein best kan talfeste landbruket sitt bidrag til klimaendringane. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis maten blir produsert er avgjerande for kor mykje klimagass som blir tilført atmosfæren. (Foto: Leif Arne Holme)

Viktige moment for eit klimavennleg landbruk

• God agronomi som gir gode avlingar i høve til innsatsen
• Høg sjølvforsyning av gjødsel og fôr
• Biologisk nitrogenfiksering som ein motor i nitrogenforsyninga på garden
• Godt hushald og effektiv nytting av nitrogen og andre næringsstoff ved:
   - tilpassa vekstskifte
   - god gjødselpraksis
   - god handtering av grøngjødsel og planterestar
   - tilpassa fôring
• God jordstruktur (unngå kjøreskade)
• Stor del grovfôr i fôret til drøvtyggarar
• Godt husdyrstell med produksjonsdyr som lever lenge
• Energieffektivt landbruk med tilpassa maskinpark

Hansen er oppgitt over at mange berekningar utelet viktige faktorar som lagring og frigjering av karbon i jorda og utslepp av CO2 frå transport og produksjon av innsatsfaktorar.

Utslepp av lystgass (N2O) frå landbruket har vært i Sissel Hansen sitt interessefelt heilt sida 80-talet. Hennar utgangspunkt er at ved å redusera utsleppa av lystgass vinn ein dobbelt opp.

Ein reduserar landbruket sitt bidrag til global oppvarming og får samtidig nytta det verdifulle nitrogenet betre i planteveksten.

Lystgass kjem frå omdanninga av nitrat i jord eller i gjødsel, utan tilgong til oksygen. I tillegg kan landbruket bidra negativt til klimaendringane gjennom utslipp av metan og karbondioksid.

Metangass kjem frå husdyras melting av gras og anna nedbryting av organisk materiale (for eksempel gjødsel) utan tilgong til oksygen. Karbondioksid slipp ut i atmosfæren gjennom andinga til ulike organismar og frå forbrenning av karbonrikt materiale.

Sprik og fellestrekk

Det er store skilnader mellom ulike gardar i kor mykje av drivhusgassane metan (CH4), lystgass og karbondioksid (CO2) dei slepp ut.

Det blei mellom anna illustrert på den fyrste internasjonale konferansen om klima og økologisk landbruk i Frankrike i april, der Sissel Hansen deltok saman med 250 forskarar og fagpersonar frå 20 ulike land.

– Her kom det fram at dei innbyrdes skilnadene mellom økologiske gardar og mellom konvensjonelle gardar er større enn den generelle skilnaden mellom økologisk og konvensjonell drift, seier Hansen.

Per arealeining er det lågast utslipp av drivhusgassar frå økologisk landbruk samanlikna med konvensjonelt.

– Men om ein ser på utslepp per produsert eining av til dømes kjøtt, mjølk, korn eller grønsaker, kjem konvensjonell produksjon best ut i nokre høve medan økologisk landbruk er best i andre høve.

Fellestrekket er, ifølgje Sissel Hansen, at både innanfor økologisk og konvensjonelt landbruk er det dei agronomiske vegvala som avgjer kor store mengder drivhusgassar som endar opp i atmosfæren.

Danske gardar under lupa

Professor Jørgen Olesen ved Universitetet i Århus har arbeid mykje med korleis utsleppa av klimagassa varierar mellom ulike driftssystem. Han presenterte resultata på konferansen i Frankrike:

I eit langvarig dyrkingssystem med korn, belgvekstar og poteter har han og kollegaer berekna utslepp av drivhusgassar frå 2005 til 2007. Alle gassane som bidreg til drivhuseffekten vart i berekningane omrekna til CO2-ekvivalenter.

Resultata til Olesen syner at både avlingar og utslepp varierer mykje mellom de ulike økologiske systema.

Medan kornavlingane varierte frå 310 til 450 kg tørrstoff per dekar, varierte utsleppa 340 til 670 kg CO2-ekvivalentar per 1000 kilo tørt korn.

I dei konvensjonelle systema var variasjonen mindre og utsleppa av klimagassar låg mellom 360 og 410 kg CO2-ekvivalentar per 1000 kg tørt korn.

Berekningane viser at husdyrgjødsel auka kornavlinga i økologisk landbruk, men utslepp av drivhusgassar per eining korn auka òg. Bruk av fangvekstar minka utsleppa.

Folk – ikkje berre fe

På same konferanse presenterte professor Bernhard Freyer berekninga på kva effekt diett og dyrkingsmetode har på utsleppa av drivhusgassar.

Han arbeider ved instituttet for økologisk landbruk på universitetet for naturressursar og anvendt livskunnskap i Wien.

Utgangspunktet var dietten til ein gjennomsnittlege austerrikar som berre et konvensjonell mat.

Freyer fann at dersom austerrikarane følgde dei offisielle ernæringsråda og åt sunnare, ville utsleppa av drivhusgassar frå matproduksjonen gå ned med 16 prosent.

Dersom den gjennomsnittlege austerrikaren ikkje endra meny, men bytta ut den konvensjonelle maten med økologisk mat, blei dei totale utsleppa av klimagassar redusert med 30 prosent under austerrikske forhold.

Om forbrukaren gjer begge delar, det vil sei både legg om kosten og et økologisk, syner berekningane til professor Freyer at dei totale utsleppa frå matproduksjonen i Austerrike vil minke med 40 prosent.

Heile bildet

Sissel Hansen var den fyrste i Norge som fekk løyva midlar frå Forskingsrådet for å arbeide med økologisk landbruk. Dette resulterte seinare i doktorgrada hennar. (Foto: Magne Vassli)

– Når me vil berekne landbruket sitt bidrag til klimaendringane er det mange faktorar å ta med i reknestykket, seier Sissel Hansen.

– Mange berekningar utelet lagring og frigjering av karbon i jorda, utslepp av CO2 frå til dømes transport av innsatsfaktorar, energiforbruk for tilverking av utstyr og bygningar.

Nettopp fordi det er eit så stort og samansatt bilde, ser Hansen behovet for meir kunnskap om korleis dei ulike faktorane saman påverkar klimaet og korleis me best mogleg kan gjere gode berekningar av desse effektane.

Sjølvforsyning

Hansen nemner spesielt god agronomi, mest mogleg sjølvforsyning og eit sunt husdyrhald som viktige føresetnader for ein positiv klimaeffekt av økologisk landbruk.

- Eit sjølvsagt tiltak i det konvensjonelle landbruket er at nivået på nitrogengjødslinga blir justert til reelt avlingsnivå, og ikkje ut frå kva ei optimal avling kan være.

– Overforbruk av kunstgjødselnitrogen aukar ikkje avlingane, men bidreg til global oppvarming og anna nitrogenforureining.

– Dette skuldast høge energikostnader og utslipp av lystgass ved gjødselproduksjon, og tap av nitrogen i landbruket på grunn av høg nitrogenintensitet, avsluttar Hansen.

Lenke:

Konferansen Organic Agriculture and Climate Change

Powered by Labrador CMS