Potetane hald seg best gjennom vinteren om dei er mest mogleg modne, fortel Arne Hermansen. (Foto: Georg Mathisen)

Lengre potetliv på lager

Jo meir modne potetane er, jo lenger kan dei lagrast. Med gulrot er det stikk motsett.

Om prosjektet

«Improved quality of Norwegian fruits, potatoes and vegetables after long- and short-term storage»

  • Fem år langt prosjekt leia av Bioforsk Plantehelse.
  • Samarbeid med Nofima og Norges miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU).
  • Total ramme: 16 millionar kroner.
  • Finansiert av Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (65 prosent), jordbruksavtalemiddel (35 prosent) og bransjemiddel (10 prosent).
  • Bransjeaktørane som har vore med, er Gartnerhallen, Fellesjuice, Bama, Findus, Hoff, Graminor, Nordgrønt, Norgesgrønt, Maarud og Orkla.
  • To stipendiatar arbeider med doktorgrad som ein del av prosjektet.

Når vekstsesongen er kort, må frukt og grønsaker lagrast lenge. Skal vi ha mat heile året, så trengst det kunnskap om korleis dei har det best på lageret.

Bioforsk har arbeidd i fem år med eit prosjekt om lagring. Her har forskarane sett på både potetar, eple, gulrot og oppkutta kålrot og nepe.

Meir norsk, mindre svinn

– Ein svært stor del av den norske produksjonen innanfor desse kulturane, blir lagra. Frukt og grønsaker ligg i mange månader – nokon av dei frå oktober til det kjem nye produkt i juni neste år, forklarer Arne Hermansen, divisjonsdirektør i Bioforsk Plantehelse.

Prosjektet skulle gjera det mogleg å redusere importen og bruke meir norskprodusert, men òg å redusere svinnet, i ei tid der mykje mat blir borte på vegen frå bonden til søplekassa heime på kjøkkenet.

– Og sjølvsagt vil vi gjera kvaliteten betre for forbrukaren, seier Hermansen.

Modne potetar

Dei minst modne potetane taper mest vekt. (Foto: Anette Tjomsland)

Det viser seg at dei minst modne potetane taper mest vekt. Dei utviklar òg mest råte. Om dei får lite oksygen på lageret, kan potetane bli kvelt, og det blir att enda mindre av dei friske, gode potetane.

– Konklusjonen er at vi ønskjer mest mogleg modne potetar. Det er jo ei utfordring i det norske klimaet, slår Hermansen fast.

Når gulrot ligg på lager, er resultatet eit heilt anna:

– Dei røtene som er minst modne, lagrar vanlegvis betre, på grunn av at dei blir mindre angripne av sjukdommar. Røter som du veit at du skal langtidslagre, bør du ikkje la stå, seier Hermansen.

Gulrota får òg mindre problem med fleire lagringssjukdommar om dyrkaren vel den rette sorten, og dyrkar den på dei areala som har minst smitte. Òg på potet har Bioforsk-prosjektet gitt ny kunnskap om kva for type soppar som gir råte på lager, og kva for potetsortar som er mest utsette for angrep av desse soppane.

Målar eplefarge

Andre forskarar har sett på når epla må haustast for å halde best på lager. Dei har funne fram til ein ny og betre måte å måle på. Vanlegvis har dyrkarane eller rettleiarane måtta øydelegge epla for å måle sukker og syre. Men det viser seg at det er betre berre å måle fargen på epla.

– Vi testa eit såkalla DA-meter; eit spektrofotometer. Det ein betre metode til å kunna seie noko om haustetidspunktet, fortel Hermansen.

Med riktig haustetid og lite oksygen på lageret kan lagringssesongen utvidast med heile to til tre månader.

– På vanleg kjølelager kan eplesortane Aroma, Summerred og Gravenstein lagrast til januar. Med lågt oksygen kan vi utvide sesongen til mars, slår han fast.

Nykutta

Forskarane har òg sett på ferdigkutta kålrot og nepe, og samanlikna nykutta med den som er lagra nokre dagar.

– Det er ikkje noko bombe at tid og temperatur er viktig for smaken. Emballasjen og atmosfæren i pakningen påverka kvaliteten mindre, fortel Hermansen.

Kålrot og neper er produkt som er tunge å skjera. Når den kan kuttast ferdig og halde på smaken i minst ti dagar, som forsøka viser at den kan, så kan det vera mogleg å utvikle nye produkt som kan få fleire til å eta norsk kålrot og nepe.

Powered by Labrador CMS