Norske bønder må bli meir produktive i framtida, men dei må også bli færre, spår økonomar ved NIBIO. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Økonomar: Slik blir den norske bonden i 2050

Produktiviteten i jordbruket må auke både i Noreg og i verda for å halde tritt med befolkningsveksten. Men kva slags bønder og gardsbruk må vi ha for å greie det?

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Både i Noreg og internasjonalt skal produktiviteten i jordbruket opp. Landbruks- og matmeldinga har sett som mål at produksjonen skal halde tritt med befolkningsveksten¸ noko som betyr rundt ein prosent vekst per år.

Men større kjøpekraft fører til utvida krav til matmangfald, særpreg, ferskheit og kvalitet på varene.

Skal vi i tillegg halde fram med å vere like sjølvforsynte som vi er no, må truleg produktiviteten auke meir enn denne eine prosenten, ifølgje økonomar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Dei samla seg for å dra opp eit mogeleg bilete av framtidsbonden her i Noreg.

I Noreg må vi tene meir kvar time

Ivar Pettersen, forskar og spesialrådgjevar ved NIBIO. (Foto: NIBIO bildearkiv)

– Det er grunn til å rekne med at produktivitetsveksten både i norsk og global jordbruksproduksjon må auke med over ein prosent i året dei neste 20–30 åra, seier Ivar Pettersen, forskar og spesialrådgjevar ved Nibio.

Vi kan då sjå produktiviteten som eit uttrykk for samla effektivitet i utnytting av ressursar som dyrka areal, arbeidskraft, energi, gjødsel og vatn.

– Kva som vil gi best gevinst, vil variere med premissane for drift. Såleis vil kravet til effektiv bruk av vassressursar i enkelte område antakeleg bli langt høgare enn for verda i snitt.

– Nokre land vil ha rikeleg tilgang på arbeidskraft, medan norsk jordbruk først og fremst må auke verdien av kvar arbeidstime, seier Pettersen.

Vil bli færre norske bønder

Kravet om meir effektiv bruk av arbeidskraft i norsk jordbruk gjer at vi kan vente at talet på årsverk og aktive gardsbruk vil fortsette å gå ned, trur NIBIO-forskaren.

– Den mest stabile trenden i norsk jordbruk er nedgangen i talet på aktive bruk og bønder. Berre mellom 40 og 50 prosent av dagens bruk vil sannsynlegvis vere i drift som sjølvstendig jordbruksføretak i 2050, seier han.

Pettersen trur at årsverkstala vil gå ned om lag i same takt.

Men det er ikkje sikkert at like mange av dei bøndene som eig jorda og bruka, vil vere aktive på same måten som no.

– Arbeidsdeling og spesialisering pregar allereie jordbruket. Det kan til dømes bli fleire maskinentreprenørar som leiger ut både kompetanse, arbeidskraft og maskiner til dei som eig gardane og såleis utfører gardsarbeidet for dei. Sjølve kan kanskje eigarane hente hovudinntekta si frå andre kjelder enn drift av eiga eller leigd jord, påpeikar han.

- I det norske jordbruket anno 2050 vil bonden i snitt ha ansvar for tre gongar så stort areal som i dag, seier Ivar Pettersen. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Ned frå 46 000 til 20 000?

Pettersen seier at dei anslagsvis 15 000 til 20 000 aktive eigarane i det nye, norske jordbruket anno 2050 – ned frå 46 000 i dag – i snitt vil ha ansvar for tre gongar så mykje areal som ein bonde har i dag:

– I staden for 250 dekar kan den gjennomsnittlege kornprodusenten handtere anslagsvis 750 dekar. Det er framleis langt frå eit heiltidsbruk. Det kan verta vesentleg mindre enn 3000 aktive kornprodusentar mot om lag 11 000 i dag.

– Kvar bonde treng å effektivisere arbeidet sitt slik at verdien av ein arbeidstime blir det femdoble og tidoble. Det skal mykje kompetanse til for å greie dette. Den kompetente bonden må også kunne nyttiggjere seg nye kornsortar og ha evne til å utnytte presisjonsteknologien både når det gjeld plantevernmiddel og næringsstoff til jorda.

Ivar Pettersen trur det er mogleg med ei slik utvikling, men tvilar på at dette er politisk vilje til å skapa ein god overgang frå dagens jordbruk til det nye jordbruket.

– Då kan det bli endå færre aktive, sjølveigande bønder og dei som eig kan i enda mindre grad vera dei som dyrkar, seier han.

Må vi auke importen av kjøtt?

Nibio-forskar Agnar Hegrenes fortel at utviklinga innan mjølkeproduksjonen raskt går i retning av færre og større mjølkekubesetningar. Fram til 2034 skal alle fjøs ha lausdrift. Dette er eit fjøs der dyra kan bevege seg fritt mellom fôrbrett og liggjeavdeling – og der talet på liggjebåsar er likt eller større enn talet på dyr i fjøset.

Fram til 2034 skal alle fjøs ha lausdrift. Bildet er fra gamlefjøset på NMBU, som ble revet sommeren 2015. (Foto: Erling Fløistad, NIBIO)

– Kanskje vil det i framtida bli vanlegast med besetningar som høver for ein eller to mjølkerobotar. Det vil seie 60 til 70 og 120 til 130 mjølkekyr. Det kan bety 2000 til 3000 bruk med mjølkeproduksjon.

– Der det ikkje ligg til rette for så store bruk, kan det bli ei utfordring å finne rasjonelle og lønsame driftsopplegg, seier Hegrenes.

Supplerande inntekt frå tenesteproduksjon, reiseliv og utnytting av utmark for fritidsføremål kan bli viktig, kanskje enda meir enn i andre produksjonar, trur han.

Han seier mjølkeavdråtten aukar, og fôrforbruket går i retning av meir kraftfôr. Talet på årskyr vil gå ned, sjølv om det samla mjølkeforbruket blir oppretthalde. Og med færre mjølkekyr vil også kjøtproduksjonen frå mjølkeproduksjonen bli mindre. Dersom ikkje forbruket minkar eller det blir tilsvarande auke i kjøtproduksjonen frå ammekyr, vil importen auke.

– Vi kan ha grunn til å belage oss på meir ‘pampaskjøt’ i norske daglegvarebutikkar, spår Hegrenes.

Ønskjer for mykje

– Det er vanskeleg å sjå at ei reversering av utviklinga vil kome frå politisk hald, seier Klaus Mittenzwei. (Foto: NIBIO bildearkiv)

Politikken kan påverke både takt og retning på jordbruket i framtida.

– Men det er vanskeleg å sjå at ei reversering av utviklinga vil kome frå politisk hald, seier Klaus Mittenzwei, som forskar på nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk ved NIBIO.

Han påpeikar at klimatilpassing innan jordbruket vil vere viktig:

– Men heller ikkje eit klimatilpassa jordbruk fjernar produktivitetskravet, presset frå arbeidsmarknaden og behovet for meir krevjande agronomi. Sannsynlegvis forsterkar klimafokuset krava om produktivitetsvekst.

Han trur den store utfordringa kan bli å velje kva det skal satsast på:

– Vi brukar årleg om lag 20 milliardar kroner i offentleg verkemiddelbruk på norsk jordbruksproduksjon. Ein skal ikkje kimse av potensialet i målretta bruk av eit slikt beløp over 5–10 eller 20–30 års tid.

– Problemet er at vi gjerne ønskjer oss for mykje frå politikarane. Men for å finne dei beste satsingsområda kan det vere klokt å tenkje på kva slags bønder dei tre tusen korndyrkarane og kanskje endå færre mjølkeprodusentane skal vere. Det kan vere ein stad å byrje, meiner Mittenzwei.

I tillegg trur han det kan bli farleg å vere for nærsynt – vi må tenke på at vi er ein del av verda.

– Norsk mattryggleik er vel så avhengig av at det er orden i verdas matvaremarknader som vår eiga evne til å produsere mat.

Powered by Labrador CMS