Annonse

Grønare gras på greenar

Norske golfbanar er utsette for vinterskadar på graset, både på fairwayane og på greenane. No testar Bioforsk om velvet bentgrass, eller hundekvein som arten heiter på norsk, kan betra kvaliteten på norske golfgreenar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Golfgraset hundekvein. (Foto: Trygve S. Aamlid)

Velvet Green

Velvet Green-prosjektet skal nå følgjande mål i løpet av prosjektperioden:

  • Samanlikna frost-, isdekke- og sjukdomstoleranse hos ulike sorter av hundekvein.
     
  • Fastslå kva effektar organisk materiale i rotsona, gjødsling, vatning, lufting og sandpåstrøing har på overvintringsevna til graset, og på evna til å tåla slitasje i kyst- og innlands-Noreg.
     
  • Overføra resultat frå veksthus- og feltforsøk til demonstrasjonsgreenar på fire golfbanar i ulike delar av landet.
     
  • Fremja samarbeid mellom golfgrasforskarar i Noreg og Nord-Amerika, og arrangera eit internasjonalt seminar om bruk av hundekvein på golfbanar.
     
  • Utdanna ein ny golfgrasforskar. 

Mange norske golfbanar er omgjevne av vakker natur, og trekk til seg golfspelarar frå utlandet. På landsbasis er det om lag 115 000 golfspelarar, og 150 golfbanar.

I heile Norden er det nærare ein million utøvarar av denne idretten, og opp imot 1000 banar.

Det er berre eitt skor i gleda: Graset på banane vert ofte skadd om vinteren. Dette fører til utsett spelestart om våren, og kortare sesong enn ønskjeleg.

Overvintringsskadane skuldast angrep av sopp og/eller isbrann. Utløysande årsaker er oftast is eller overflatevatn som minskar tilgangen på oksygen til graset.

Økonomi

Jordsylinder av golfgras. (Foto: Trygve S. Aamlid)

Tidleg og forutsigbar opningsdato om våren betyr mykje for banane sin driftsøkonomi. Lang sesong og god banekvalitet er ein viktig tryggleiksfaktor for baneeigarane.

Det er difor avgjerande å finna ein grasart som tåler norsk og nordisk vinterklima.

– Dette er grunnen til at vi forskar på alternative grasartar med betre overvintringsevne enn krypkvein, arten som er mykje brukt på greenane i dag, seier seniorforskar Trygve Aamlid ved Bioforsk Øst Landvik.

- Det viser seg at hundekvein er eit godt alternativ. Forskinga er konsentrert om nokre sentrale spørsmål som er viktige for golfsporten, seier Aamlid.

Han leiar prosjektet “Velvet Green: Potensialet for hundekvein (Agrostis canina) på golfgreenar i Skandinavia”.

Miljøvenlege golfbanar

- Det er ei utbreidd misforståing at golfbanar skadar miljøet ved at det vert nytta mykje gjødsel og plantevernmiddel. Sanninga er at golfanlegga brukar desse innsatsfaktorane i svært moderate mengder samanlikna med vanleg landbruk.

- Og innføring av grasarten hundekvein kan gjera drifta endå meir miljøvenleg. Kvaliteten på golfspelet er avhengig av greenar med rask og berekneleg ballrull, forklarar Aamlid.

Fløyelsteppe med fordelar

Hundekvein treng lite nitrogen, noko som reduserer behovet for gjødsling, og dermed faren for forureining frå banane. Rotsystemet går djupt slik at plantene tåler tørke.

Hundekvein greier seg også betre i skugge enn andre kveinartar. God buskingsevne gjev tett og fin plen med lite tunrapp. Og arten er lite utsett for sjukdommar. 

Internasjonalt samarbeid

Forskerteamet på golfgras. F.v. Agnar Kvalbein, Tatsiana Espevig og Trygve S. Aamlid. (Foto: Erling Stubhaug)

Prosjektet er finansiert av Scandinavian Turfgrass and Environment Research Foundation (STERF, ein forskingsstiftelse oppretta av dei nordiske golfforbunda), Noregs forskingsråd og Bioforsk.

Det går over ein fireårsperiode frå 2006 til 2010, og har ei total kostnadsramme på snaue 5 millionar kroner.

- Prosjektet er omfattande, og vi satsar ikkje berre på forsøk, men også på oppbygging av kompetanse, fortel Aamlid.

Det er lagt ut forsøksfelt på Landvik ved Grimstad, og på Apelsvoll på Toten.

I prosjektet samarbeider Bioforsk med Universitetet for miljø- og biovitskap, Rutgers University i USA, og University of Guelph i Canada.

– Forsøka går godt. Vi ser positivt på forskingsresultata så langt. Gjennom prosjektet byggjer vi verdifulle nettverk til det internasjonale golfforskingsmiljøet, avsluttar Aamlid.

Powered by Labrador CMS