Kinderegg i grøftekanten

Betre stell av plantelivet langs norske vegar kan gje tre gevinstar på ein gong: bevaring av artsmangfaldet, penare vegkantar og trafikksikkerheit.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Med saks og sigd har Inger Auestad undersøkt plantelivet i vegkanten. (Foto: Hanne K. Sickel)

- I dag vert vegetasjonen langs norske vegar handsama på ein måte som liknar mykje, men ikkje nok, på den tradisjonelle drifta av kulturlandskap, fortel Inger Auestad.

- Med berre små justeringar i skjøtselen kan ein truleg få tre ting på ein gong, ivrar ho.

Auestad har nyleg levert doktorgradsarbeidet sitt ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Der har ho studert likskapane mellom plantelivet i vegkantane og naturbeitemarker.

Slåttemarker forsvinn

- Dei tradisjonelle kulturmarkene, det vil seia slåttemarker og beitemarker med mange artar, er i ferd med å forsvinna i det moderne landskapet. Låg produksjon og tradisjonelle driftsmåtar kan vanskeleg kombinerast med moderne jordbruksdrift, seier ho.

Men nokre stader driv ein enno småskala landbruk som ikkje skil seg like mykje frå den tradisjonelle drifta. Det er mellom anna tilfelle ein del stader i Lærdal, der Auestad har gjort feltarbeidet sitt.

- Eg har samanlikna plantelivet i vegkanten med det som finst på naturbeitemarkene i området, fortel ho.

Viktige nye veksestader

- Eg har studert samansetjinga av vegetasjonen, det vil seia kva plantar som veks saman med kvarandre på ulike stader. I tillegg har eg sett spesielt på korleis skjermplanten gjeldkarve trivst i vegkantar og beitemarker, og korleis denne planten og vegetasjonen generelt reagerer på ulike typar skjøtsel.

I motsetning til kva ein kanskje skulle tru, klarar plantelivet seg bra i selskap med eksos og bilhjul som dundrar forbi.

- Dei mest sjeldne og sårbare plantane finn ein riktignok ikkje her. Men elles er det mange likskapstrekk med tradisjonelle kulturmarker, fortel Auestad.

Slår i blømingstida

Det tyder at vegkantane kan vera viktige nye veksestader for mange planteartar når dei gamle forsvinn. Og viktigare kan dei verta med bistand frå dei som har ansvaret for forvaltinga av vegkantane, Statens vegvesen.

Mange forbind kanskje Vegvesenet meir med rykande asfalt enn med blømande fargeprakt. Men etaten er medviten om samfunnsansvaret sitt, mellom anna med ein eigen miljøpolicy. Og Auestad har eit forslag til endring av skjøtsel.

- I dag vert vegetasjonen langs vegkantane slått ein eller to gonger i året, og det er greitt nok. Men ulempa er at den fyrste gongen slår ein midt i blømingstida for ein del plantar, slik at dei ikkje får sett frø.

Dette er mellom anna tilfelle for gjeldkarven, som Auestad har undersøkt ekstra nøye.

Gjeldkarve. (Foto: Jan Wesenberg, NHM)

Lever lenger

- Vi ser riktignok at det spirer små plantar likevel, så det regnar truleg inn frø frå tilliggjande område som ikkje vert slått like ofte. Plantane kompenserer òg ved at enkeltplantar lever lenger når dei blir hindra i å setje frø, seier Auestad.

Men hadde Vegvesenet slått i mai i staden for midtsommars, ville det ha samsvart med perioden då sauene gjekk på beite før dei vart sleppt på fjellet.

Den rike vegetasjonen i dei undersøkte beitemarkene tydar på at dette er gunstig for mange artar.

- Då ville plantane fått ro i blømingsperioden, og dei som farta langs vegen i ferietida ville få oppleva blomelivet i full flor. Samstundes vert trafikksikkerheiten teken vare på, særleg om ein klippar på nytt i august, etter at frøsetjinga er ferdig, seier Auestad.

Vegvesenet lanserer ny skjøtselsstandard for vegkantar til våren, og Auestad meiner det ville vera interessant å studera effekten av denne over tid.

Ho er nøye med å understreka at det trengst meir forsking for å finna ut om funna hennar òg er gyldige på stader med fuktigare klimatilhøve enn i Lærdal, der ho har gjort undersøkjingane sine.

Powered by Labrador CMS