Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Salsitas AS i Stavanger lagar meksikansk saus frå norskproduserte tomatilloer. Opphavleg er tomatillo ein gammal kulturvekst frå Mellom-Amerika.

Fleire eksotiske grønsaker veks godt i norske veksthus

Har du nokon gong smakt uragurk, tomatillo, bitter gourd, kvit mini aubergine eller okra? Alle er grønsaker som kan bli dyrka berekraftig i norske drivhus.

I eit prosjekt i regi av NIBIO Særheim – som bygg på eit forprosjekt i samarbeid med innvandrarbutikkar organisert gjennom den Indiske Foreininga i Noreg – testar forskarar ut dyrking av ei rekkje eksotiske veksthusgrønsaker som butikkane er interessert i å selje.

Målet er å lage eigne dyrkingsmanualar for grønsakene som kan brukast av lokale veksthusgartnarar – og etter kvart gartnarar kringom i Noreg.

Kortreist er meir berekraftig

Aldri har grønsaksforbruket vore høgare i Noreg enn i dag. Stadig fleire av oss et vel eit kosthald med mykje frukt og grønt grunna dei positive helseeffektane.

Ein del tykkjer også det er spennande å prøve ut meir eksotiske grønsaker. Mange av desse nisjeprodukta er av tropisk eller subtropisk opphav og blir etterspurd heile året.

Dei fleste blir importert og selt gjennom såkalla innvandrarbutikkar. Dette er lite berekraftig frå eit miljøperspektiv grunna utslepp av klimagassar frå transport. Dessutan er kvaliteten ofte dårleg. Samanliknar ein med ferske, norske, nyplukka grønsaker, så har desse som regel verken blitt transportert langt eller lagra lenge.

Det finst gode moglegheiter for å dyrke desse nye grønsakene i Noreg. Rogaland er landets fremste veksthusfylke for grønsaksproduksjon. Her er det mykje kunnskap og kompetanse innan produksjon av grønsaker frå sørlegare strøk i regulert klima. Men høge produksjonskostnader i samband med å prøve ut nye produkt gjer at risikoen for å starte opp blir stor for produsentane.

Mange tomme veksthus

Okra er ei belgfrukt som opphavlig kjem frå Etiopia, og som blir etterspurt av forbrukarar frå fleire delar av verda.

– Dette er eit treårig prosjekt finansiert av Rogaland fylkeskommune, og vi er no i det andre året, opplyser Geo van Leeuwen, avdelingsingeniør ved NIBIO Særheim.

Han fortel at dei i forprosjektet, på grunnlag av etterspurnad og salsprisoppgåver frå innvandrarbutikkar, valde ut 40 sortar av eksotiske grønsaker for å studere dyrkingspotensial i veksthus. Sortane blei testa i veksthus hos NIBIO Særheim.

– Forprosjektet viste potensial for fleire produkt, både når det gjaldt produktkvalitet, forventa pris og moglegheiter for produksjons i veksthus i Rogaland. Frå dei 40 utvalde grønsakene har vi i fyrste omgang valt ut 10 grønsaker til å fortsette med i forsøket.

For desse ser forskarane nærare på plantane sine behov i norske drivhus når det gjeld stell, temperatur, lys, vatning, gjødsling og plantevern i veksthusa til NIBIO Særheim.

Samstundes med utviklinga av kultiveringsprotokollar for dyrking av dei ti grønsakene i norske drivhus, prøvar dei også å skape interesse blant lokale gartnarar.

Van Leeuwen seier valet om å starte opp i Rogaland var bevisst, fordi det her er mange tomme veksthus som ikkje kan nyttast til storproduksjon av agurk og tomat som krev betre teknologi for lys og varme. Dessutan har han sjølv og fleire andre forskarar ved NIBIO Særheim mykje erfaring frå dyrking i veksthus.

Frå andre delar av verda kan det hentast kvalitetsfrø som gir god avling av auberginar med ulik farge og form. Dette er to nye sortar: `Exp 1410 F1’ (t.v.) og ‘Kokila F1’ (t.h.).

Vil innlemme produsentar

– Det som er problemet til produsentane er at det ikkje er rom for utprøving av nye vekstar utan at ein har ein god ide om kva for kulturar som kan dyrkast: Kva slags sortar bør ein velje frå dei ulike kulturane? Kva er krava til klima, vatning og gjødsling? Kva slags forventning kan ein ha til avling og kvalitet, og ikkje minst – kva slags problem kan oppstå, mellom anna når det gjeld sjukdommar og skadedyr og overføring av virus, seier han.

Forskarane har no kome så langt i prosjektet at dei prøver å innlemme produsentane.

– Nokon er veldig positive, mens ein del er skeptiske til å prøve nye ting. Så vi prøver å gjere det interessant for desse.

– Potensialet for å produsere fleire nye grønsaker her i Noreg er til stades. Ta til dømes tomatillo. Dette er ei meksikansk buskfrukt som høyrer til familien av tomat og paprika, som ingen tidlegare har forsøkt å dyrke i veksthus i Noreg. Tomatillo brukast mykje i meksikansk mat. Eit selskap i Stavanger som importerer ho frå Mexico til å lage sausar, spurde om det var mogleg å produsere den her i landet. Det var det. Om lokale produsentar vil vere interessert i å produsere ho, blir det med ein gong økonomisk interessant, påpeikar han og legg til at ikkje alt forskarane ser på vil bli produsert.

– Mitt mål er å få 4–5 ulike avlingar ut av prosjektet i Noreg, seier han.

Bottle gourd (Legenaria siceraria) finst med ulike navn som flaskegresskar eller hvitblomstret kalebas. Modne frukter veg 500 til 700 gram.

Nye typar agurk og squash

Van Leeuwen fortel at det er mange spennande grønsaker i testpanelet.

– Mellom anna testar vi ut ulike typar agurkar og auberginar. I Noreg kjenner vi berre til ein eller to, men det er som med tomatar – det finst mange ulike sortar. Det er mogleg å auka agurkproduksjonen og aubergineproduksjonen med forskjellige sortar som alle ser og smakar ulikt, seier han.

Forskarane ser også på mellom anna bladvekstar som amarant og fenugreek-amarant. Desse er proppfulle av viktige vitamin og mineral og er særleg populære blant allergikarar. Ulike typar bønner og squash, som butternut squash, er også med på lista.

– Vi vil i tillegg gjerne kunne produsere meir frisk koriander – og ikkje berre i potte slik det no blir gjort. Folk i Asia bruker gjerne koriander i maten kvar dag, seier NIBIO-ingeniøren.

Prøveproduksjon av grønsakene Amaranthus og Fenugreek. Produksjon av eksotiske grønsaker kan bidra til god integrering trur avdelingsingeniør Geo van Leeuwen.

Fleire gartnarar har meldt si interesse og Van Leeuwen trur også at prosjektet kan vere med på å utnytte kunnskap frå innvandrarar i produksjonen.

– Mange nye innvandrarar, mellom anna frå India og Syria, har god erfaring frå landbruk. Prøveproduksjon av eksotiske grønsaker i norske veksthus vil vere ein god måte å få brukt denne kunnskapen. Samtidig vil det vere ei moglegheit for å lære språk i arbeidsomgjevnadar. Så dette kan føre til god integrering, trur han.

Ifølgje Van Leeuwen vil utvikling av kommersiell produksjon av eksotiske grønsaker i Rogaland også kunne vere med å sikre utsette arbeidsplassar i eksisterande bedrifter, skape nye arbeidsplassar og bidra til auka kompetanse.

– Det bidrar til eit grønt skifte. Vi koplar saman produsentar og marknadsaktørar og mobiliserer bedrifter til å samarbeide mot nye marknadar. Arbeidet vil også styrke Rogalands posisjon som veksthusfylke, med fleire produkt enn tomat og agurk, seier Geo van Leeuwen.

Referanse:

Geo van Leeuwen, Anne Kvitvær og Michel Verheul: Muligheter til dyrking av eksotiske veksthusgrønnsaker i Norge. NIBIO Rapport 2017

Powered by Labrador CMS