Saken er produsert og finansiert av Norsk institutt for skog og landskap - Les mer

Ikkje nok med sau mot attgroing

Gjennom århundrer har menneskets bruk av naturen gitt eit norsk kulturlandskap som nå er i sterk endring.
30.6 2011 05:00


Tynning i engbjørkeskog kan fleirdoble produksjonen i undervegetasjonen. (Foto: Yngve Rekdal, Skog og landskap)

Fråflytting, nedlegging av gardsbruk og redusert beiting gjer at trær og busker tek tilbake areal som tidlegare vart skjøtta av husdyr og menneske.

Sjølv om mykje gror att, finns det mange muligheiter for å halde kulturlandskapet og det tilhørande rikhaldige dyre- og plantelivet i hevd.

– Dei viktigaste kulturarbeidarane utan for dei areala som traktoren held i hevd, er sau og storfe, men beitedyra kan ikkje gjera jobben åleine. Ein lyt supplere med manuelle tiltak, som til dømes tynning av krattskog, seier beitegranskar Yngve Rekdal.

Han og kollegaer ved Norsk institutt for skog og landskap har gjennom mange år kartlagt beiteressursar rundt om i heile Norge. Det er utvikla spesielle beitekart som gir oversikt over kvar dei beste beita finst.

Ut frå karta kan det gjevast råd om dyretal, korleis beitet best kan brukast, og om skjøtsel av beite.

– Samla verdi av hausta beite i utmark er vel 1 milliard kroner per år, men det er eit stort potensial for å auke dette. Det samla dyretalet i utmark kan heilt sikkert doblast, fortel Rekdal.

Mange brukarinteresser


Kulturarbeidar på sommarjobb. (Foto: Anne Sigrid Haugset)

I Skandinavia dannar fjellbjørkeskog eit belte på 100–200 høgdemeter mellom barskogen si øvre grense og snaufjellet.

Her i fjellbjørkeskogen har attgroinga sett sine tydelege spor.Dette er areal med mange brukarinteresser.

– Ja, mykje av reiselivet i fjellet går føre seg nettopp her, og ikkje minst er privat hyttebygging svært utbreidd i fjellbjørkeskogen, fortel Rekdal.

– Tradisjonelt har mykje av norsk seterbruk foregått her, og veldig mykje av beitedyr som blir slept i utmark beitar i denne sona. Samla hausting har likevel gått sterk attende, noko som har ført til at vegetasjonen er i endring.

I følgje forskarane blir husdyrbeiting fortsatt drive i stort omfang,

– Attgroing fører til at det som før var lysopne beiteskogar, artsrike beitevollar eller open hei- eller engvegetasjon, får ein tett ung skog. Tett tresjikt fører igjen til at mindre lys og varme når undervegetasjonen, seier Rekdal.

– Dette gjev sterkt redusert planteproduksjon. Tett tresjikt gjer også beitemarka vanskeleg tilgjengeleg for beitedyr.


Skogstorknebb er en viktig arti i engbjørkeskogen. Fra Tolga kommune i Hedmark. (Foto: Yngve Rekdal)

Men det er ikkje berre kjøt, mjølk og ull som kjem ut av beiting i fjellbjørkeskogen.

– Også kulturlandskap, oppleving og biomangfald er viktige produkt, fortel Rekdal.

– Skal ein ta vare på desse kvalitetane, må skogen skjøttast.

Skjøtsel av fjellbjørkeskog for husdyrbeite

I følgje Rekdal foreligg det lite av forsking eller anna innsamla kunnskap kring skjøtsel i fjellbjørkeskogen med tanke på husdyrbeite.

– Eit mangfaldig skogbilete med ulike tynningsgrader, også med snauflater, er truleg det mest gunstige både ut frå beitesynspunkt, landskapsbilete og biologisk mangfald, seier Rekdal.


Beitegranskar Yngve Rekdal. (Foto: Karine Bogsti, Skog og landskap)

Men sjølv om ekspertane kjem med gode råd er det òg viktig med lokal kunnskap når ein skal drive skjøtsel.

– Det er uansett viktig å ha kunnskap om økologi og lokal skoghistorie. Dette av di same tiltak kan ha ulik verknad etter dei lokale tilhøva.

– Norsk natur er så mangfaldig at det er viktig at den som går laus på større skjøtselsoppgåver, prøver seg fram og haustar eigne erfaringar, avsluttar Rekdal.

Lenke:

Meir informasjon om skjøtsel av fjellbjørkeskog for husdyrbeite finn du på Beitebruk og seterdrift (Norsk institutt for skog og landskap)

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse