Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Meteorologisk institutt - les mer.

Korleis skal helsevesenet takle vassborne sjukdomar og andre helseproblem etter flaum og øydelegging?

Er helsevesenet førebudd på klimaendringar?

Har du fått beskjed om å koke vatnet frå kommunen i år? Eller fått ei oppmoding om ikkje å bade i fjorden fordi vatnet inneheld farlege bakteriar? Meir dårleg vêr gir fleire vassborne sjukdomar.

Publisert

Klimaet endrar seg og fører med seg meir ekstremvêr. Det noko som helsevesenet treng å førebu seg på. For meir dritvêr gir meir vassborne sjukdomar.

Kraftig nedbør, overvatn, flaum og tørke vert meir vanleg. Med det kjem det også ei auke i sjukdomar som diaré. Det gjeld spesielt i sårbare område med dårleg sanitærsystem og utdatert og gamal vassforsyning. 

Helsevesenet kan bruke informasjonen frå klimamodellar til å forstå kva type flaumar som kan forureine vassforsyningar med skadelege bakteriar, seier klimaforsker Rasmus Benestad.

I forskingsprosjektet SPRINGS ser forskarar på korleis vi kan bruke tal frå klima inn mot helse. 

Målet er å skape gode rutinar for å handtere fleire og oftare utfordringar knytt til den nye vêrnormalen.

Klimadata for å sjå etter kvar sjukdomsutbrotet kjem

Framover vert det viktig å kombinere klimadata med helseovervaking. Sjukehus og helsemyndigheiter kan spore vêrmønster og flaum og andre klimafarar. Då kan dei verte betre til å peike på kvar sjukdomsutbrot kan skje. 

Det hjelper dei med å førebu seg: lage beredskapsplanar, fylle opp lager, sende ut medisinske team og gi tidleg varsel til lokalsamfunnet.

– Til dømes kan helsevesenet bruke informasjonen frå klimamodellar til å forstå kva type flaumar som kan forureine vassforsyningar med skadelege bakteriar, seier klimaforskar Rasmus Benestad.

Når slike situasjonar er varsla, kan helsevesenet handle raskt. Det kan forhindre spreiing av til dømes ein sjukdom som kolera. Han har ein tendens til å blomstre etter ekstremvêr.

Alle må førebu seg på dårleg vêr – også helsevesenet

I eit område som er utsett for flaum, må helseinstitusjonar verte tilpassa for å tole ekstremvêr framover. Sjukehus må ha alt viktig utstyr plassert høgare enn forventa flaumnivå. Dei må ha betre tilhøve for naudstraum slik at dei kan fortsette å fungere under ei krise. 

Diaré er allereie eit stort globalt problem som forårsaker 500.000 dødsfall årleg blant born under 5 år. Når temperaturane stig og flaumar vert meir hyppige, så vil slike sjukdomar verte enda vanskelegare å kontrollere.

– Helsevesenet må få hjelp til å tilpasse seg ein ny kvardag. Dei har eit behov for å handle raskt og effektivt under ei krise. Men dei treng også hjelp til å handtere krava i ei ny verd som endrar seg raskt, legg Benestad til.

Reint vatn og betre vasshandtering

Ein annan viktig innsats framover er å bygge opp eit samfunn som er rusta for å handtere endringar som følgje av vêret. Til dømes er reint drikkevatn avgjerande for å førebygge sjukdomar. 

– Helsevesenet må samarbeide med lokale offentlege instansar og private vassverk for å sikre reint vatn. Det gjeld spesielt i områda som vi veit er mest utsett for flaum og tørke, seier Charlotte Stark. Ho er deltakar i prosjektet. 

Helsesektoren treng klimakunnskap, seier Charlotte Stark.

Stark har fagekspertise i kommunikasjon og krisehandtering. Prosjektet nyttar kompetansen for å sjå på korleis vi kan samarbeide på tvers av fagfelt til tross for forskjellig fagspråk og kultur. 

– Klima påverkar alt og alle uansett rikdom og status. For å ta gode val i ein utfordrande situasjon treng helse og andre offentlege instansar klimakunnskap. Det kan vi gi dei. Då vil dei vere enda betre rusta til å ta trygge og raske val som tek høgd for korleis klimaet påverkar oss frå alle kantar, seier ho.

Treng gode digitale varslingssystem

I tillegg til å gjere infrastruktur betre til å handtere vatn, så må helsevesenet og offentlege instansar informere både seg sjølv og folk på nye måtar. Slik kan dei få med seg potensielle utbrot og forhindre spreiing av sjukdom. 

Digitale plattformer kan overvake og handtere helsetrugslar, spesielt i område som er utsette. Med til dømes ein app kan innbyggarar og helsepersonell rapportere symptom og få råd i sanntid. Det vil hjelpe styresmaktene med å stoppe spreiing av infeksjonar før dei kjem ut av kontroll.

Prosjektet tek sikte på å få sett opp eit system som fangar opp tidlege varslar om diarérisiko, basert på klima, geografi, vassforhold og helsedata. 

– Ved å involvere både innbyggjarar og ekspertar tek vi sikte på å gjere kommunikasjonen om risiko betre. Vi vil få meir innsikt i korleis folk oppfattar klimaendringar og vasskvaliteten der dei held til og i faren for diarésjukdom. Då kan dei også bestemme kva tiltak som kan fungerer best for situasjonen, seier Stark. 

Rasmus Benestad understrekar behovet for at helsesektoren får opplæring i klima for å forstå helserisiko som heng saman med klimaet. 

I forlenginga av dette held han no på med å forfatte ein ny vitskapleg artikkel om å styrke evna som helsevesenet har til å forstå og bruke klimakunnskap.

– Klimakunnskap og opplæring vil gjere helsepersonell betre rusta til å behandle sjukdom som diaré. Han kjem ofte frå ekstremvêr i områder med avgrensa tilgang til reint vatn og sanitæranlegg, seier Benestad.

Samarbeid i klima, helse og vatn 

Kampen mot vassboren sjukdom som følgje av klimaendringar, er ikkje noko helsevesenet kan takle aleine. Difor har klimaforskarar ved Meteorologisk institutt gått saman med andre forskarar innan helse, samfunn og vatn. Dei har også med seg det offentlege og private vassverk. 

Saman vil dei sjå på samspelet mellom skiftande vêrmønster, miljøendringar og spreiing av sjukdom.

Sjukdomsdata kan kombinerast med klimaframskriving. På den måten vil forskarane auke kunnskapen om det som påverkar spreiing av diaré og kunne føresjå framtidige scenario. 

Målet er å kunne legge til rette for informerte avgjerder og bruken av målretta tiltak for å redusere slike problem som diarésjukdom i møte med klimaendringar.

Etter kvart som ekstremvêr vert meir vanleg, vil helsesektoren vere utstyrt med ny klimakunnskap i frontlina. Då er han klar til å kjempe mot den aukande trugselen frå vassboren sjukdom som E. coli, salmonella og dehydrering og sørgje for at lokalsamfunn held seg trygge.

Powered by Labrador CMS