Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Dyra Arne Hassel undersøker er mikroskopiske – her er det ei slangestjerne som vert undersøkt i mikroskop.
Dyra Arne Hassel undersøker er mikroskopiske – her er det ei slangestjerne som vert undersøkt i mikroskop.

Forsker: – Sjøpølse og havedderkopp er naturens kunstverk

Mikroskop, lupe og fotoapparat er hovudverktøya når Arne Hassel skal finne ut kva dyr som er henta opp frå havbotnen utanfor Noreg.

Heilt frå dei første prøvane var henta på det aller første botnkartleggingstoktet til Mareano-programmet har Arne Hassel hatt jobben med å finne ut kva artar eit utval dyr eigentleg er.

Mange av dyra som kjem inn på labben, ser like ut, men er likevel ulike artar. For å klare å skilje dei er dokumentasjonen avgjerande. Ofte må han lage han sjølv.

Hjulformet ossikkel hos sjøpølsen, Acanthotrochus mirabilis. Slike små «hjul» kan ein finne når ein studerar ei bestemt sjøpølse i mikroskopet. Forma på «hjulet» kan vere avgjerande for identifiseringa av arten.
Hjulformet ossikkel hos sjøpølsen, Acanthotrochus mirabilis. Slike små «hjul» kan ein finne når ein studerar ei bestemt sjøpølse i mikroskopet. Forma på «hjulet» kan vere avgjerande for identifiseringa av arten.

Den kjedelege sjøpølsa var eit skattkammer

Den tilsynelatande kjedelege sjøpølsa er eit av favorittdyra.

– Sjøpølsene ser jo eigentleg ganske like ut. Dei har liksom ingen annan fasong enn at ho ser ut som ei pølse medan ho er levande og meir som eit pølseskinn etter at ho er daud, seier han.

Men når prøvar av huda vert lagt inn i mikroskopet, dukkar det opp ei ny verd.

– Dei ulike artane har ulike beinstrukturar med utruleg avanserte mønster spreidd utover kroppen. Vi har funne alt frå enkle ringar til former som anker, briller og tennisracket.

Huda til sjøpølsen Acanthotrochus mirabilis er full av slike "hjul", eller ossiklar som dei vert kalla på fagspråket.
Huda til sjøpølsen Acanthotrochus mirabilis er full av slike "hjul", eller ossiklar som dei vert kalla på fagspråket.

Då det store mangfaldet blei oppdaga, var det ikkje anna å gjere enn å sette i gang med å dokumentere det.

Slik ser sjøpølsa ut.
Slik ser sjøpølsa ut.

– Den store variasjonen i form på sjøpølsene gav oss den eine overraskinga etter den andre. Da eg såg omfanget av det, så måtte eg berre dokumentere det, så eg starta å ta bilete av dei. No har vi mange 1000 bilete av slike strukturar i ulike variantar, fortel han.

Og fotoapparatet har blitt ein viktig følgesvein i arbeidet: Over 6000 bilete av ulike detaljar på dyra han har undersøkt, har hamna i eit fotoarkiv.

I tillegg til å fotografere dyra har han også sett saman plansjar for kvar enkelt art slik at det skal vere enklare å kjenne dei igjen seinare.

– Ein slik plansje inneheld alle opplysningar som vi treng for å kunne identifisere ein art – det er alt frå bilete av heile dyret til beskriving av bestemte organ, forklarar han.

I tillegg til plansjane støttar forskarane seg også på vitskapeleg litteratur for å finne ut av spesielt vanskelege artar.

Å identifisere dei små dyra kan vere tidkrevande. Forskarane brukar mellom anna slik plansjar for å sjå etter spesielle kjenneteikn. Denne plansjen viser slangestjerna Amphilepis norvegica .
Å identifisere dei små dyra kan vere tidkrevande. Forskarane brukar mellom anna slik plansjar for å sjå etter spesielle kjenneteikn. Denne plansjen viser slangestjerna Amphilepis norvegica .

Naturen sitt eige kunstverk

– Å dokumentere desse små dyra er utruleg spanande. Det er like interessant i dag som då eg starta, seier Hassel.

Og jobben med å dokumentere dei til dels mikroskopiske forskjellane på dyra har sett krav til korleis arbeidet blei utført.

– Alle desse små karaktertrekka som vi har funne, er jo naturen sitt eige kunstverk. For å klare å bruke det i jobben vår har vi utvikla fotografimetodar slik at vi skal få det riktig fram, forklarar han.

Sidan kvar dyregruppe kan bestå av mange ulike artar, er det ikkje mogeleg for ein person å ha oversikt over alle.

Slike havedderkoppar er ein av artane Arne Hassel har spesialisert seg på. Biletet er av arten Colossendeis proboscidea.
Slike havedderkoppar er ein av artane Arne Hassel har spesialisert seg på. Biletet er av arten Colossendeis proboscidea.

– Eg har spesialisert meg på pigghudar, nokre artar av makk og havedderkoppar. I tillegg har eg sett ein del på langhalsar. Det er ein fjern slektning av rur. Men medan rur veks direkte på berget, har langhalsane ein lang hals og så kjem sjølve «skjelet» på toppen av han.

Nokre av artane han studerer er så like at dei ikkje kan skilast berre med å studere dei i mikroskop.

I ei dyregruppe, sipunculider, er artane så like på utsida at Arne Hassel må fram med skalpellen for å få svara han er ute etter.

– For å finne ut kva art det er, må vi studere korleis til dømes nyrene og muskelbanda ser ut.

Men hos nokre artar, kanskje spesielt havedderkoppar, kan heller ikkje det gje svar på kva dyr som eigentleg ligg på bordet.

– Desse artane ser tilsynelatande nesten heilt like ut, då gjer vi DNA-undersøkingar i samarbeid med kollegaer på Universitetet i Bergen. Desse viser ofte at dyra er svært ulike til tross for nesten lik utsjånad.

Den underlege kråkebollen

Ein annan art som gjerne dukkar opp i prøvene, er kråkebollar. Dei høyrer til dyregruppa pigghudar, og artar av dei kan ein finne heilt frå fjøresteinane og ned i djuphavet.

– Veit du at kråkebollar har nokre bitte små klypeklør? Dei brukar desse klørne til å reingjere kroppen og forsvare seg mot små fiendar, forklarar Hassel.

Dette er klypeklørene til ein liten kråkebolle som heiter Gracilechinus acutus.
Dette er klypeklørene til ein liten kråkebolle som heiter Gracilechinus acutus.

Sidan kvar art har si eiga form på klørne, har han også nytte av dei.

– Forma på desse klørne har vist seg å vere fasiten på kva art vi har funne, seier Hassel og legg til at også desse er så små at ein treng mikroskop for å kunne studere dei i detalj.

Her er eigaren av klypeklørne - kråkebollen Gracilechinus acutus.
Her er eigaren av klypeklørne - kråkebollen Gracilechinus acutus.

Tilbake til barndommen

– Kvifor synast du at akkurat dyra som lever på botnen, er så interessante?

– Det er jo nesten som å vere tilbake i barndommen. Eg er sikker på at dei fleste, og i alle fall dei som vert marinbiologar, brukte mykje tid i fjøresteinane for å studere dyra der då dei var små. Det eg gjer på jobb er jo akkurat det same, berre at her har vi mikroskopet vi sakna då vi var små, smiler Arne Hassel.

Og sjølv om han nyleg passerte 70 år, og dermed må gå av med pensjon, har han ikkje tenkt å gje seg heilt:

– Eg har fått ei avtale om at eg kan arbeide nokre timar i veka, så eg kjem framleis til å kome innom botndyr-labben for å avslutte ein del arbeid som eg ikkje er komen heilt i mål med. Og kanskje vert det også tid til å skrive nokre vitskapelege publikasjonar, seier han.

– Kor mange heilt nye og ukjende artar har du funne?

– Det er eit omfattande prosjekt å få registrert eit dyr som ny art. Ein må mellom anna gå gjennom all tilgjengeleg litteratur og museumseksemplar av tilsvarande artar. Hittil har vi ikkje funne nokre kandidatar til nye artar her på laben, men vi kan heller ikkje sjå bort frå at det finst nokon i materialet vårt, avsluttar han.

Arne Hassel har eit rikholdig oppslagsverk tilgjengeleg - mykje av det har han laga sjølv.
Arne Hassel har eit rikholdig oppslagsverk tilgjengeleg - mykje av det har han laga sjølv.
Powered by Labrador CMS