Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Forskarane får perlesnor-maneta til å tenne på alle pluggar
Dei har sjekka korleis dei kan få maneta til å brenne av krutet, så dei blir meir harmlause.
Perlesnormanet kan gje smertefulle stikk på menneske og alvorlege vevsskadar på fisk.(Foto: Tina Oldham / Havforskingsinstituttet, Erling Svensen / Havforskingsinstituttet)
– Neslecellene kan berre verte fyrte av éin gong. Brenner dei opp krutet, vert dei relativt harmlause, seier havforskar Tina Oldham.
Ho leiar JellySafe, forskingsprosjektet som granskar perlesnormaneta og konsekvensar frå A til Å. I 2023 førte maneta truleg til at 3 millionar oppdrettsfisk døydde, og i 2024 skapte ho trøbbel i nord.
Korleis kan ein ta knekken på manet-skrekken?
No har forskarane heilt ferske resultat.
Fakta om perlesnormanet
Latinsk namn: Apolemiasp
Phylum: Cnidaria (nesledyr)
Kor: Heile norskekysten, særlig sein haust. Utbreidd i Middelhavet, Atlanterhavet og Stillehavet. Observert i Nordsjøen og ved Dei britiske øyer. Førekjem i heile vassøyla frå overflata og ned til 1000 meter.
Kjenneteikn: Kolonien dannar lange kjeder som kan verte over 30 meter lange, men som ofte vert delte opp i mindre bitar av bølgjer. Langs perlesnora sit fødeopptaksindivid omkrinsa av mørkeraude fangarmar, som gjev kolonien ein bustete utsjånad, med raud og kvit farge. Når kolonien trekkjer seg saman, får han ein karakteristisk spiral- eller siksak-fasong.
Forvekslingsart: Kan verte forveksla med andre kolonimaneter, for eksempel Nanomia cara og Agalma elegans.
Dei raude rakkarane svir mest
Første steg er å kjenne sin motstandar.
Havforskarane veit at dei har med ein kolonimanet i slekta Apolemia å gjere, men ikkje kva art – eller kor ho kjem frå. Difor vert taksonomien til maneta opparbeidd på nytt og kvar vesle detalj skildra.
Alle individa – på fagspråk kalla zooid – i kolonien har sine eigne oppgåver: nokre skaffar mat, andre beskyttar flokken.
Dei kvite og raude tenktaklane inneheld nesleceller.
(GIF: Havforskingsinsituttet)
I ein perlesnormanet-koloni har alle individa nesleceller, har forskarane funne ut.
Nesleceller inneheld gift og er eit effektivt jaktvåpen. Kor mange og kva type varierer. Blant dei mange små individa er det nokre som svir ekstra frå seg: dei raude.
– Desse er stappa fulle av nesleceller, seier Oldham.
Men kvar neslecelle kan berre vert utløyst ein gong, og så er tanken tom. I ei rekkje eksperiment har havforskarane difor undersøkt om dei kan aktivere neslecellene og dimed ufarleggjere dei.
Første eksperiment: eksplosiv etanol
Forskarane sjekka først om handtering åleine gjer at neslecellene vert trigga. Svaret på dette: Nei, knapt eit einaste skot fyrte av hos maneta.
Forskarane har studert reaksjonane til små perlesnormanet-individ i mikroskop.
– Då vi tilsette ein drope etanol, hende ting raskt, seier Oldham.
Forskjellane mellom før og etter-bileta er store.
Bilete til venstre syner perlesnormanet-zooidet før det vert utsett for etanol. Bilete til høgre er etter ein dråpe vert tilsett. Alle dei kvite trådane er nesleceller som er løyst ut.(Foto: Tina Oldham / HI)
– Alle desse kvite trådane her er utløyste nesleceller. Dei vart både aktiverte og utløyste fort, forklarar forskaren.
Annonse
Etanol aktiverte det ytste laget med nesleceller. Men desse raude manetindivida er sett saman av fleire lag med nesleceller:
– Idet det første laget er brukt opp, så er det neste klart til å svi. For avbøtingstiltak er dette viktig. Då må vi utløyse fleire lag på same tid, viss ikkje er skade-risikoen der framleis.
Dei kvite trådane er nesleceller som vert løyste ut. Så raskt går det når maneta vert utsett for etanol. (GIF: Havforskingsinsituttet)
Andre eksperiment: feil vatn?
I neste eksperiment er trigger-effekten derimot svak til moderat. Å utsette maneta for ferskvatn fører ikkje til noko kjapp utløysing, viser det seg.
– Ei og anna neslecelle vart utløyst, men ikkje meir. Men vi såg noko anna spennande: manetvevet byrja raskt å gå i oppløysing, seier Oldham.
Etter fem minutt i ferskvatn vart konturane til maneta meir og meir utydelege. Ho seig utover og små fragment flaut frå kvarandre.
Bilete heilt til venstre syner perlesnorment-zooid før ferskvatn vert tilsett. Biletet i midten syner zooid 30 sekund etter ferskvatn vart tilsett. Biletet heilt til høgre syner zooidet 5 minutt etter ferskvatn vart tilsett.(Foto: Tina Oldham / HI)
Det naturlege neste spørsmålet er då: Kan neslecellene framleis brenne om maneta har gått opp i saumane?
Difor vart nok ein mini-koloni først utsett for ferskvatn og så tilsett etanol – for å sjå om neslecellene endå var aktive.
– Resultatet synte at nokre nesleceller hadde vorte deaktiverte av ferskvassbadet, men ikkje alle. Dei fungerer framleis, seier ho.
Før-bilete til venstre, etter-bilete til høgre. Dei kvite trådane er utløyste nesleceller. Dette syner at det framleis er nokre aktive nesleceller att, etter at maneta vert utsett for ferskvatn.(Foto: Tina Oldham)
Tredje eksperiment: null vatn?
Liknande resultat fekk forskarane også då dei undersøkte kva som hende om perlesnormaneta – som i hovudsak består av vatn – vert tørka ut.
Dersom perlesnormanetene først trenger inn i ein merd, lyt ein kvitte seg med alle nøtene i etterkant eller finst det ein måte å få brukt dei oppatt?
Annonse
Forskarane let manet-individ tørke ut før dei vart rehydrerte.
– Tørking fører til at manetene byrjar å gå i oppløysing. Brorparten av neslecellene sluttar å fungere, men ikkje absolutt alle.
Frå venstre: Først vart individet tørka, før det vart rehydrert, og til slutt tilsett etanol. Dei få kvite trådane på biletet heilt til høgre er utløyste nesleceller.(Foto: Tina Oldham / HI)
Fjerde eksperiment: elektrosjokk-terapi
Det siste trigger-forsøket var å bruke elektrisitet. Små fragment av maneta vart plassert i eit lite kar med ei straumførande metallplate langs eine sida.
Forskarane gav manetene rett og slett støyt.
– Og det var ein massiv respons. Eit stort tal nesleceller vart trigga av eit enkeltstøyt, seier Oldham.
Før-bilete til venstre, og etter-bilete til høgre. Dei kvite trådane er nesleceller som er løyst ut.
Elektrisitetsforsøket vart utført i samarbeid med Nofima og Harbor.(Foto: Harbor / Havforskingsinstituttet)
Kvart raude manetindivid har fleire lag med nesleceller, og for kvar støyt fyrte fleire og fleire av. Forsøka synte at di høgare styrke på støyta, di fleire nesleceller vert aktivert.
– Med eit sterkt nok støyt vil alle neslecellene verte fyrte av. I tillegg startar maneta å gå i oppløysing, akkurat som ho gjorde i ferskvatn, seier Oldham.
Resultata er lovande – elektrisitet er ein effektiv trigger, men:
– Straumen må vere kraftig nok til at alle laga med nesleceller i dei raude individa vert fyrte av på same tid. I tillegg er elektrisiteten målretta. Den treffer berre vevet som er plassert direkte mellom dei to elektrodane. Om straumen er for svak eller maneta er utanfor den elektriske rekkevidda, så vert ikkje neslecellene utløyst, seier ho.
Kan vi stenge faren ute?
Havforskarane har også undersøkt om det er mogeleg å unngå problemet. Kan dei stenge maneta ute ved hjelp av nylon-dukar?
Annonse
– Perlesnormaneta består av mange mindre individ. Desse sit saman i små grupper som vert kalla cormidia, forklarar Oldham.
Nylon-dukane varierte i maskevidder frå 25 µm til 1000 µm. 1 µm, mikrometer, er ein tusendels millimeter.
Forskarane undersøkte om desse maskene klarte å stogge dei knøttsmå manetene.
Forskarane testa ei heile rekkje ulike maskevidder.(Foto: Tina Oldham / HI)
– Dei tettaste maskene frå 25, 50 og 100 µm fanga alle manet-fragmenta. Og berre eit av dei raude zooida sleppte gjennom for 200, 300 og 400 µm, seier Oldham.
– Med dei større maskene gjekk nokre av manetene i fullstendig oppløysing, og det kan faktisk valde større skade.
Sjølv ei einskild neslecelle kan svi. Om ein barriere smadrar maneta i småbitar, er det berre enklare for delane å trenger inn i merden.
Her vert eit Apolemia-individ sleppt opp i kolben med vatn.
(Video: Tina Oldham / HI)
– Resultata syner at ingen av maskeviddene ein realistisk sett kan bruke, kjem til å halde individuelle nesleceller ute, men maskevidder opp til 400 µm vil halde dei fleste manetene på utsida.
Salt-testen: Etter ti minutt var alle daude
Den siste testen i rekka er korleis maneta reagerer på ulike saltnivå i vatnet.
Levande perlesnormaneter vert sleppt i eit sylinder som rommar 500 milliliter vatn i to lag med ulik salthaldigheit – saltvatn i botnen og anten ferskvatn eller brakkvatn over.
Forskaren registrerte både kor maneta hamna i det ho vart sleppt og kor ho var etter ti minutt.
– Maneta fell som ein stein rett gjennom brakkvasslaget før det stabiliserer seg, seier forskaren.
– Denne responsen er viktig. Mange oppdrettarar brukar barrierar rundt merdane for å beskytte fisken. Men har ein har eit brakkvasslag, kjem perlesnormaneta berre til å søkke under det.
Annonse
Resultata viste at fragmenta stabiliserte seg i vassøyla innan fem minutt. I snitt heldt manetene seg i 33,7 promille, tusendel.
Brakkvatn er med andre ord ikkje Apolemia sitt favorittmiljø, men er det skadeleg for ho?
Oldham delte ein koloni opp i 18 mindre, men jamstore, deler. Desse vart plasserte i seks petriskåler med vatn med ulike saltnivå.
I løpet av dei neste fire timane logga forskaren overlevinga i desse mikromiljøa.
– Etter ti minutt var alle manetene i vatn med 0 og 20 promille daude. Og daud betyr her at dei ikkje rørte seg verken når ein forstyrra petriskåla eller når ein pirka direkte bort i maneta, forklarar Oldham.
Forskarane testa korleis manetene reagerte på brakkvatn.(Foto: Tina Oldham / HI)
Om prosjektet:
JellySafe vert leia av Havforskningsinstituttet. Partnarar i prosjektet er Sintef Ocean, NIVA, NCE Aquaculture, Universitetet i Bergen (UiB), Åkerblå, Patogen og Akvaplan-niva.
Prosjektet er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering.