Usemje om kven som skal ta rekninga for barn med funksjonsnedsettingar som er utsette for omsorgssvikt skapar frustrasjon hjå både fosterforeldra, barna sjølv og hjå barnevernstilsette.
Fosterforeldra føler at barna ikkje får den oppfølginga dei treng, barna kjenner seg som kasteballar i systemet, medan sakshandsamarane må bruke tid og ressursar på ansvarsavklaring.
Forskarar ved NOVA har intervjua fosterforeldre til barn og unge med funksjonsnedsettingar, tilsette i barnevernet og unge vaksne med funksjonsnedsettingar som har erfaring frå barnevernet.
– Det viser seg at det er eit stort forbetringspotensiale når det gjeld oppfølginga av barn og unge med funksjonsnedsettingar som treng hjelp frå barnevernet, fortel Tonje Gunderson, som har leia studien.
– Enkelt sagt kan ein seie at eitt av problema er at barna har krav på tilskot og hjelp både frå helse- og sosialetaten samt barnevernet.
– Begge etatar har trange budsjett og meiner ofte at den andre skal ta ein større del av rekninga, og då får ikkje barna alltid det det har krav på, understrekar Gundersen.
Vanskeleg å samarbeide
– Fosterforeldra som vi intervjua, viste eit sterkt engasjement på vegne av fosterbarna, men opplevde dels å bli motarbeida av barnevernet, seier ho.
– Deira erfaringar var at dei hadde fått oppgåva som fosterforeldre fordi dei var erfarne og ressurssterke, samtidig som dei opplevde at nettopp engasjementet deira blei til eit hinder for samarbeidet med barnevernet over tid.
Fosterforeldra skildra ei utvikling i samarbeidet med barnevernet som gjekk frå å vere produktivt, tett og samarbeidsorientert til å bli vanskeleg og fokusert på pengar og ansvarsfråskriving.
Dei opplevde óg at barnevernet var for fokusert på eigne predefinerte problemforståingar og for lite lydhøyre for kva fosterforeldra meinte var viktig for å kunne ta vare på barnet på best mogleg måte.
Fosterforeldra i denne studien var vonbrotne over at sakshandsamarane i barnevernet generelt viste lita interesse for barnet. Likevel ansvarleggjorde fosterforeldra sjeldan dei enkelte sakshandsamarane.
I staden såg dei på sakshandsamaren sin opptreden som eit utslag av at dei er underlagde eit system som til dels gjer dei handlingslamma.
I dei tilfella der fosterforeldra uttrykte at dei hadde fått til et godt samarbeid over tid, såg det ut til at sakshandsamar hadde gått ut over sine fullmaktar.
Deira skyld
– Forteljingane til dei unge vaksne med barnevernserfaring syner at dei opplevde funksjonsnedsettinga som ein viktig grunn til at dei blei utsette for omsorgssvikt. Dei følte at dei var ei byrde for foreldra, fortel Gundersen.
Dei meinte også at funksjonsnedsettinga gjorde at barnevernet brukte ekstra lang tid på å avklare om problema deira skuldest omsorgssvikt.
– Desse erfaringene førte til at nokre opplevde at dei sjølve var ansvarleg for omsorgssvikten dei blei utsett for.
Å bli plassert på barnevernsinstitusjon eller institusjon for barn og unge med funksjonsnedsettingar medførte ei betring av livssituasjonen. Men, personalet verka ha liten kunnskap om og forståing for korleis kombinasjonen av å vere funksjonshemma og ha vore utsett for omsorgssvikt gjev nokre særeigne utfordringar.
Annonse
Gundersen fortel at informantane opplevde å bli møtt med lave forventingar frå barnevernets side med omsyn til deira framtidige samfunnsmessige deltaking.
Dette medførte manglande tilrettelegging for å gjere det mogleg å ta utdanning og finne arbeid.
– Barnevernsbarn med funksjonsnedsetting kan oppleve seg som kasteballar i eit system som først og fremst er opptatt av fordeling av betalingsansvar mellom ulike kommunale og statlege etatar, understrekar Gundersen.
– Erfaringa med eit system som gjev økonomiske omsyn ein høg prioritet, kan medføre at dei ikkje berre opplever å vere ein byrde for foreldra sine, men òg for samfunnet.
Vanskeleg for sakshandsamar
For sakshandsamarane i barnevernet handla historia om korleis dei ønskte å gje barna eit best mogleg tilbod, noko som mellom anna medførte å plassere ansvaret riktig i forhold til gjeldande regelverk, fortel Gundersen.
Ei utfordring er at barnet både har ei funksjonsnedsetting og har behov for hjelpe- og/eller omsorgstiltak frå barnevernet, dermed har det rettar etter ulike lovverk.
Omsorgssvikt fører med seg rettar etter barnevernsloven, medan tenester og tilskot barnet treng som følgje av funksjonsnedsettinga, blir omfatta av helse- og sosiallovgjevinga. Ansvarsfordelinga medfører også ulikt betalingsansvar.
– Funna i studien indikerer at arbeidet med økonomisk og administrativ ansvarsfordeling, innan og mellom ulike etatar, kan vere svært tid- og ressurskrevjande og hindre ei god ivaretaking av barn og unge, seier Gundersen.