Parasittlarva føretrekkjer fiskefeitt

Kvart år vert tusenvis av menneske infiserte av parasitten kvalkveis, som vert å finna i rå fisk. No viser det seg at den bevegar seg annleis i vertsfisken enn det ein har trudd til no.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvalkveis Anasakis simplex. (Foto: (Ill.: Einar Strømnes, NHM))

Nokre parasittar er spesialiserte mot kven dei vert etne av, medan andre har liten innflytelse på kvar dei havnar.

Dette gjeld ikkje minst i havet, fortel fyrstelektor Einar Strømnes ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

– Rundormen kvalkveis er blant dei som held fleire muligheiter opne.

Fisk som mellomvert

Som navnet tyder på, er det den varme kvalmagen som er kvalkveisen sitt mål. Her vert den kjønnsmoden og forplantar seg.

Egga treng kjølige omgjevnadar som er rike på oksygen, og vert førde ut med avføringa til kvalen.

Larvane som vert klekte, har ei oppgåve: å bli etne.

– Kvalkveisen går gjennom fire larvestadium. For å koma frå det andre stadiet til det tredje, der den kan infisera sluttverten, er den avhengig av å verta eten av småkreps som krill, seier Strømnes.

Den raskaste vegen frå krill til kvalmage er om krillen vert eten av ein kval, normalt ein bardekval.

Men det er ikkje alle kvalartar som er krilletarar, så om krillen skulle verta eten av ein fisk, går ikkje kvalkveisen av vegen for å bruka den som mellomvert.

Gjennom mageveggen

– Faktisk kan den ha både to og tre mellomvertar før den er framme ved målet i kvalmagen. Mellomverten er som regel fisk, men det kan òg vera blekksprut, fortel Strømnes.

Den gjeldande oppfatninga har vore at kveisen har bora seg gjennom mageveggen og ut i kjøtet til fisken og slått seg ned der og venta på at fiskeverten skal bli kvalmat.

Einar Strømnes i parasittlaben ved Naturhistorisk museum. (Foto: NHM/UiO)

– Dermed skulle vi ha venta å finna høgare konsentrasjonar av parasitten i umiddelbar nærleik av mage- og tarmsystema i fiskane. Men under med hovudfagsarbeidet mitt med villfisk såg det ut til at denne hypotesen ikkje stemte heilt.

Tre-rettars meny

Strømnes la merke til at parasitten var ulikt spreidd i kjøtet på dei tre fiskeartane han undersøkte: uer, torsk og sei.

Men sidan det er mange usikkerheiter knytt til observasjonar hjå villfisk, testa han hypotesen sin under kontrollerte laboratorieforhold.

–  Enkelt sagt tilbaud eg kvalkveislarvane ein meny med tre ulike «rettar», dvs. oppløysingar med ulikt innhald av feittstoff, seier Strømnes.

– Det viste seg at dei føretrekte dei mest feitthaldige oppløysingane. Dette stemte bra med observasjonane i villfisken, der parasittane fordelte seg jamnare i det feite uerkjøtet enn i det magrare kjøtet hjå torsk og sei.

Kapsla inn av immunforsvaret

Han fann likevel at larvane ikkje var særleg målretta på jakt etter feittstoff.

Dei viste ein viss preferanse for høgt feittinnhald, men hadde berre evne til å «snuse» opp eit slikt område om det var innanfor nokre få centimeter .

– Det er riktigare å seia at dei virrar rundt utan mål og meining, men at dei stoppar opp når dei når område med høgt feittinnhald. Hugs at feittet berre er ein bonus, hovudoppgåva til larven er å verta kapsla inn av fisken sitt immunforsvar og venta på at verten vert eten, seier Strømnes.

Han understrekar at sjølv om han reknar denne forskinga som grunnforsking, er den ikkje utan praktiske konsekvensar.

Over 60 grader

– I Japan, der ein er svært bevisst på den sjukdomen denne parasitten gjev,  vert eit par tusen menneske i året diagnostiserte med kvalkveisinfeksjon. Sjølv om infeksjonen sjeldan er dødeleg, kan den gje sterke magesmerter, oppkast og diare, fortel Strømnes.

For fiskeindustrien kan det derfor vera nyttig å kjenna parasitten sitt distribusjonsmønster hjå ulike fiskeartar når dei skal inspisera fisk dei har fanga.

– Men kvalkveisen kreperer uansett når fisken er gjennomvarma, dvs. kokt eller steikt ved over 60 grader. Fisk som skal etast rå, bør djupfrysast i ei veke, seier Strømnes.

Referanse:

Strømnes: An in vitro study of lipid preference in whaleworm (Anisakis simplex, Nematoda, Ascaridoidea, Anisakidae) third-stage larvae, Parasitology Research 2014, doi: 10.1007/s00436-013-3748-x.

Powered by Labrador CMS