Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Fisken er på vandring i hava, som blir varmare. Mellom anna har silda endra utbreiing på tvers av det opphavlege forvaltningsområdet sitt.

Fisken flyttar på seg i eit stadig varmare hav. Får det konsekvensar for fiskekvotane?

Fisk på flyttefot utfordrar fiskeriforvaltinga.

Mange europeiske fiskebestandar er på flyttefot i europeiske farvatn, ifølgje ein ny studie leidd av UiT-forskarar i det store prosjektet Climefish.

Den nye studien viser at fiskebestandar i Nordaust-Atlanteren brer seg lenger nordover og artar som tidlegare berre fanst i sørlege, europeiske farvatn, som til dømes lysing, har utvida utbreiingsområdet sitt mot nord.

Artar i nordlege, europeiske farvatn, som til dømes torsk, har derimot innskrenka utbreiinga si.

Varmare hav og betre forvaltning

Grunnen til at utbreiinga av fiskeartane er endra, er delvis at hava blir varmare og av betre forvaltning og redusert overfiske.

Ansjos, hestmakrell og tunge finst no òg i Nordsjøen, Det baltiske havet og vest for Skottland, truleg fordi havet har vorte varmare i desse områda.

– Endringar i fiskeutbreiing har stor tyding for fiskeriforvaltninga, med både økonomiske og politiske konsekvensar, seier Marie-Anne Blanchet som er forskar på Noregs fiskerihøgskule ved UiT. Ho fortel om eit kjent døme:

– Den såkalla «makrellkrigen» der fiskeripolitiske spenningar mellom EU, Noreg, Island og Færøyane oppstod som følgje av at store mengder makrell vandra inn i islandske og færøyske farvatn. Eit anna døme er den nyare auken i lysing i Nordsjøen som resulterte i omfattande fiskeutkast av den britiske flåten, seier Blanchet.

Lysing er ein av fiskeartane som har utvida utbreiingsområdet sitt mot nord.

– Fiskarar har rett og slett ikkje tilstrekkeleg lysingkvote og kan ikkje unngå å fanga dei enorme mengdene som no er til stades. Det kan vera nødvendig med ein revisjon av korleis totalkvotane blir fordelte mellom land viss fiskebestandane skal forvaltast berekraftig, sidan utbreiinga av kommersielle fiskeartar endrar seg så tydeleg, seier Blanchet.

Marie-Anne Blanchet er ein av forskarane bak den nye studien som viser at mange fiskeartar si utbreiing har endra seg.

Makrellbestand dobla i mengde

Det siste tiåret har nokre fiskebestandar utvida utbreiinga si på grunn av god fiskeriforvaltning som har ført til atterreising av mange bestandar.

Spesielt har makrellbestanden meir enn dobla seg dei siste 15 åra, mens lysingbestanden er femdobla i same periode.

Dr. Alan Baudron, som var på University of Aberdeen då han leidde denne studien, forklarer:

– I samsvar med avtaler og regelverk er total fangst for kvar fiskebestand fordelt mellom kyststatane etter framforhandla kvotenøklar. Innan EU kallast dette relativ stabilitet. Kvotenøklane er baserte mellom anna på dei ulike dei historiske fangstane i landa, på 1970-talet, seier Baudron.

Han meiner at endringane i utbreiing har skapt eit potensielt misforhold mellom desse faste fordelingsnøklane og dagens tettleik av fisk innan forvaltningsområda.

– Vi fann ut at fem av dei 19 undersøkte artane hadde forskove utbreiing over forvaltningsområda: sild, raudspette, lysing, tunge og hestmakrell, fortel prosjektleiar Baudron.

Om forskingsprosjektet

Forskarteamet som består av tolv forskarar frå Europa og USA fekk middel frå EU-prosjekta Climefish og CERES for å gjennomføra studien. Dette var ein del av eit initiativ som skulle undersøka korleis fiskeutbreiinga har endra seg dei siste 30 åra. Studien har omfatta 19 artar og 73 kommersielle fiskebestandar.

Referanse:

Alan Ronan Baudron mfl.: Changing fish distributions challenge the effective management of European fisheries. Ecography, 2020. Doi.org/10.1111/ecog.04864

Powered by Labrador CMS