Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Framleis er det mange spørsmål om livet til den europeiske ålen. Havforskar Caroline Durif håpar å finne nokre svar.

Slik kan blod og parasittar avsløre det hemmelege livet til ålen

Nye metodar kan kaste meir lys over kor mange ålar som vel å verte verande i havet.

Frå ålen klekker midt ut på havet, er det straumane som bestemmer kor han ender opp. 

Nokre larvar driv sørover, mot den nordafrikanske kysten. 

Nokre tek vegen mot kysten av Europa.

Andre igjen vert ført nordover til norskekysten. 

Alle desse høyrer til den same bestanden europeisk ål. 

Felles for dei er at dei skal legge ut på den same eventyrlege reisa seinare i livet. Som tenåringar vender dei snuten mot Sargassohavet for å gyte. Innan dei når fram, har dei lagt bak seg fleire tusen kilometer og fleire månadar.

Men livet dei lever før dei dreg på langtur, er ikkje nødvendigvis det same. 

Ikkje alle går opp i ferskvatn

Lenge trudde vi at ålen var eit klassisk døme på ein katadrom art, noko som betyr at han veks opp i ferskvatn og gyt i saltvatn. 

– Men det er nokre ålar som ikkje går opp i ferskvatn i det heile, og vi er usikre på kvifor, seier havforskar Caroline Durif. 

Ho har brukt tallause timar i vadebukser med vatn opp til knea i habitatet til ålen. Der leitar ho etter svar på dei mange spørsmåla vi framleis har om denne eldgamle arten. I fjor vart ho òg medleiar i åleutvalet i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).

Eit av spørsmåla havforskaren har granska, er nettopp kva livsstrategi ålar vel. 

«Norsk» ål vel uvanlege liv

Mange ålar seg opp ei elv, men nokre «alternative ålar» vert heller verande i sjøen heile livet eller vekslar mellom ferskvatn og saltvatn. 

Her heime er desse «alternative ålane» vanlegast:

– Det er viktig å høyre på fiskarane, for dei veit kor fisken er. Historisk har det norske ålefisket stort sett vore i sjøen – for her omkring er det der ålen har vore mest. Han er ikkje så mykje i ferskvatn som ål på kontinentet, seier havforskaren. 

I dag er all fiske av ål i Noreg forbode. Det har det vore sidan 2010. Talet ål har vore rekordlågt dei siste tiåra, og arten er rekna som sterkt truga i raudlista til Artsdatabanken.

For å finne ut meir om ålen har likevel kring 30 fiskarar løyve til å fiske ål til forsking. Dataa hamnar hos Durif.

– Gjer vi noko for å verne ål i norske farvatn, betyr det ikkje at vi får mykje ål neste år. Etter dei klekker i havet, er det tilfeldig kor dei hamnar, seier Caroline Durif.

Når vi ikkje kan telje ålen, kva då?

Kor mange ålar som lever i sjøvatn, er vanskeleg å finne eintydig svar på. 

Enklare er det å ha oversikt over kor mykje ål som veks opp i ferskvatn. Då kan vi nemleg telje kor mange glasålar som vandrar oppover elva. 

Ål i sjøen er eigentleg ganske ukjent.

Men det finst nokre metodar som kan kaste meir lys over det som til no er eit lite mysterium. 

Øyresteinen 

Som andre fisk, har ålar ein otolitt – òg kalla ein øyrestein. Denne kan fortelje forskarane ei heil rekkje ting: kor gammal ein fisk er, kor mange gongar han har gytt, kva forureining han har vorte utsett for og kva vandringsmønster han har hatt. 

Mikrokjemiske otolittanalysar kan òg fortelje forskarane om salthistoria til ålen. Har han berre vore i saltvatn, eller har han òg vore i ferskvatn?

– Dei kjemiske forskjellane i vatn vert spegla i otolitten etter kvart som ålen beveger seg frå eit habitat til eit anna, forklarar Durif. 

Men metoden har ulemper. For det første må du ta livet av ålen, sidan øyresteinen sit i hovudet. Det er òg tidkrevjande å førebu og analysere otolittar.

Øyresteinen er heller ikkje som eit komplett leksikon der du kan lese av all informasjonen du treng. Han «loggar» ikkje nødvendigvis hurtige forflyttingar.

Feittsyrene

Det er ikkje berre øyresteinen som ber preg av kor ålen har vakse opp. Det same gjer feittsyrene han har i kroppen. Dei fortel kva ålen har ete og kor desse måltida har funne stad. 

– Om du et mykje sjømat, så får du mykje omega-3 i deg. Det gjeld òg for ålen, forklarar Caroline Durif. 

– Samstundes får ålen som går opp i ferskvatn, meir omega-6, ei feittsyre som er viktig for gyting, enn ålen som vert verande i sjøen. 

Både otolittanalysar og feittsyregransking er velkjende metodar som særleg i kombinasjon med kvarandre kan svare på kvar ålen har budd og bevegd seg. 

Men nye verktøy har òg kome på plass i metodeskrinet.

Ålen som held seg i sjøen, veks dobbelt så raskt som ålen som går opp i ferskvatn. I tillegg modnar han tidlegare. Ferskvassålen får derimot større energilager og meir av feittsyrene som er viktige for gytinga.

Blodprøva

Ein nyare metode har vist seg å vere like presis som øyresteinen, men meir skånsam: 

– Ei lita blodprøve! Det er ein veldig spennande metode for å sjå om ålen har halde seg i ferskvatn eller i havet, seier åleeksperten.

For det er òg nokre fysiske endringar i ålen når han går frå saltvatn til ferskvatn. Metabolismen hans endrar seg. Denne endringa gjev ulike RNA-molekyl, noko forskarane kan lese av i ei blodprøve. 

Metoden gjer det mogeleg å fiske ål i felt og ta ei blodprøve utan at han må bøte med livet. 

– Og blodprøven gjev pålitelege svar. Vi klarar faktisk sjå kor ålen har opphalde seg i nesten 100 prosent av blodprøvene, seier Durif.

Her tar HI-forsker Caroline Durif blodprøve av en ål på feltarbeid i 2022.

Parasitten

Sist, men ikkje minst, kan ålen ha blindpassasjerar som tystar om kor han har vore:

– Det er nokre parasittar ålen berre kan få i ferskvatn, og som fisken beheld heile livet. Ålen vert ikkje kvitt dei, rett og slett. Om han har slike parasittar, har han vore i ferskvatn, forklarar havforskaren. 

Men det trengst mykje ekspertkunnskap for å nytte metoden til det fulle.

Den europeiske ålen kan vere vert for minst 161 ulike parasittar. Forskarane skal ikkje berre identifisere kva parasitt det er, men dei lyt òg ha kjennskap til livssyklusen til parasitten og kor lenge han plar halde seg på ein vert.

– Denne metoden er ikkje så etablert i ål, men vi arbeider med saka, seier Durif. 

Når ålen er liten og gjennomsiktig, som desse, vert han kalla ein glasål.

Den ukjende ålen

Men kvifor har det noko å seie kor mange ålar som vel eit liv i saltvatn? Fordi det fortel oss noko om korleis den kritisk truga bestanden er sett saman.

Ål vert rekna som ei delikatesse, og det europeiske fiskeriet har difor vore omfattande. 

Anten det er yngelen – dei små gjennomsiktige glasålane – som vert eten som spagetti eller den vaksne ålen som gjerne vert røykt og servert. Ekstra god er ålen om han er i puberteten – proppa full av feitt.

Farar i ferskvatn

I tillegg har heimtraktene endra seg. Viktige ferskvasshabitat tørkar opp, samstundes som vasskraftverk og turbinar gjer turen opp elvane både vanskeleg og farleg. 

Mange av desse riskane er fremst knytte til ferskvasslivet. 

– Difor kan det vere at ålen som lever i marine habitat, har ein betre sjanse til å fullføre livssyklusen sin, seier Durif. 

Men til no er ikkje ålen som vert verande i sjøen, omfatta av bestandsvurderinga, fordi det har vore mangel på data. 

Sidan 2016 har Caroline Durif og kollegaane bygd opp ein tidsserie for ål i Noreg, og snart er serien lang nok til at han kan verte teken i bruk. 

– Kor stort bidraget frå saltvassålen er, veit vi ikkje endå. Men det er viktig å ikkje gløyme ålen som vert verande i havet, seier ho. 

Referansar: 

Caroline Durif mfl.: The evolving story of catadromy in the European eel (Anguilla anguilla). ICES Journal of Marine Science, 2023. Doi.org/10.1093/icesjms/fsad149

Mehis Rohtla, Caroline Durif mfl.: Habitat use and growth of yellow-stage European eel in coastal and freshwater ecosystems in Norway. Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences, 2023. (Sammendrag) Doi.org/10.1139/cjfas-2022-0033

Francesca Bertolini, Caroline Durif mfl.: Blood-based gene expression as non-lethal tool for inferring salinity-habitat history of European eel (Anguilla anguilla). Scientific Reports, 2022. Doi: 10.1038/s41598-022-26302-y.

Frå yngel til vaksen ål

  • Ålar vert klekte i havet. Som larvar driv dei med Golfstraumen mot Nord-Afrika og Europa. 
  • Når dei når kontinentalsokkelen, så vert dei til glasålar. Då er dei små og gjennomsiktige. 
  • Etter dei har nådd fram til kysten og finn fram til habitatet sitt – anten det er i ferskvatn eller saltvatn – så vert dei gulålar. Dette stadiet kan vare frå 5 til 30 år, medan ålen veks. 
  • Når ålen er klart til å byrje gytevandringa, vert han ein blankål. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS