Lærdalslaks uendra etter kritisk periode

Laksestamma i Lærdalselva har måtta tola regulering, Gyrodactylus og rotenonbehandling dei siste tiåra. Og tolt det har den gjort, i alle fall genetisk, for arvematerialet til laksen er uendra.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kanskje vert det igjen råd å fanga laksar som dette i Lærdalselva. (Foto: Svein Jakob Saltveit, NHM/UiO)

– Vi klarer ikkje påvisa nokon endringar verken i genetisk struktur eller variasjon, seier professor Arild Johnsen ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Han er ein av forskarane bak ein studie der DNA-prøver frå fiskeskjel har blitt samanlikna for å undersøkja om såkalla flaskehalsar har påverka genetisk struktur hjå laksestammen i Lærdalselva.

Lakseskjela nytta i studien er henta frå skjelsamlinga ved Naturhistorisk museum, og er samla inn over 40 år.

Laksefisket i Lærdalselva har ein lang historie, og elva vert kalla Dronninga blant lakseelver. Ho vart regulert i 1972, men i 1996 kom ei meir dramatisk endring: den frykta lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart påvist i vassdraget.

Tek livet av laksen

– Reguleringa i 1972 førde til utjevna vassføring,  men berre små temperaturendringar. Dette ser ikkje ut til å ha hatt effektar på vekst, alderssamansetning eller arvematerialet, seier forskar Svein Jakob Saltveit.

For å få bukt med Gyrodactylus-parasitten i 1997, vart heile vassdraget behandla med rotenon, ei gift som tek knekken på verten, laksen. Hensikta med den drastiske kuren er ikkje berre å utrydda parasitten frå elva det gjeld, men òg å førebyggja at parasitten spreiar seg til andre vassdrag.

Ein såkalla flaskehals er knytta til kritiske perioder i livshistoria til ein bestand, og kan enten vera naturleg eller menneskeskapt, som vassdragsregulering, Gyrodactylus-infeksjon eller rotenonbehandling.

Genetisk reservoar

Når ein bestand går gjennom så omfattande inngrep som Lærdals-laksen har gjort, kan desse flaskehalsane føra  til påviselege endringar i den genetiske strukturen og ikkje minst variasjonen.

– Men vi har vel blitt imponerte av den genetiske stabiliteten hjå Lærdals-laksen. Trass dei potensielle katastrofane den har vore gjennom, har vi ikkje funne nokon endringar i arvematerialet, seier forskar Åge Brabrand.

Forskarane peikar på to faktorar som har bidratt til stabiliteten:

Den eine er at laks frå Lærdalselva i gjennomsnitt står tre år i havet før den kjem tilbake til barndomselva for å gyta. Årsklassane i havet vert ikkje påverka, og vil gje stabilitet ved å fungera som eit genetisk reservoar.

– I tillegg har det vore sett ut att i yngel i elva frå den lokale stamma, fortel Johnsen.

Suldalselva, ei av elvene som var med i undersøkjinga. (Foto: Svein Jakob Saltveit, NHM/UiO)

Ikkje utvikla resistens

Forskarane ynskjer likevel ikkje at studien deira skal takast til inntekt for at rotenonbehandling og utsetjing av lokal fisk er den beste kuren mot Gyrodactylus salaris. Stabilisering kan like gjerne bety stagnasjon.

– Ved at elva vart rotenonbehandla så raskt etter at parasitten vart oppdaga, har ikkje bestanden fått høve til å utvikla motstandskraft gjennom naturleg utval, peikar Saltveit på.

Han samanliknar med funn frå Batnfjordselva, eit anna vassdrag som inngår i studien, og der dei fann forskjellar i den genetiske samansetjinga 25 år etter at Gyrodactylus ble oppdaga.

Bestanden i Batnfjordelva er betydeleg mindre enn i Lærdalselva, og laksen her står dessutan berre eitt år i sjøen. Det vil redusera den genetiske stabiliteten når store delar av den elvelevande delen av bestanden døyr.

Viktige samlingar

– Her gjekk det dessutan 14 år frå Gyrodactylus vart påvist til ein tok rotenon i bruk. I Batnfjordselva har andre undersøkjingar påvist relativt store mengder av laksunger, allereie før rotenonbehandlinga.

− Det kan tyda på at denne stamma kan ha utvikla ei form for resistens mot Gyrodactylus.

Johnsen understrekar kor viktige vevs- og skjelsamlingar som dei ved Naturhistorisk museum er for undersøkjingar som dette.

– Utan dei ville vi ikkje ha kunna undersøkt utvikling over tid. Vi kan ikkje gå ut i dag og ta prøve av ein fisk som levde for eit halvt århundre sidan. Det er derfor eit satsingsområde for museet å byggja opp ein fullverdig DNA-bank med vekt på norsk fauna og flora.

Referanse:

Johnsen m.fl.: Impact of human-induced environmental changes on genetic structure and variability in Atlantic salmon, Salmo salar, Fisheries Management and Ecology 2013, doi: 10.1111/fme.12049.

Powered by Labrador CMS