Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kva er kriteriet for død og når kan organ dermed donerast? Dette er eit stort tema for etisk debatt og forsking.

Når er det etisk forsvarleg å hente ut organ frå ein pasient?

Ein ny studie kan bringe debatten kring organdonasjon inn på eit nytt spor.

Det er mangel på organ til donasjon i Noreg. I august opna ei ekspertgruppe for at Noreg kan bruke ein ny metode, såkalla donasjon ved sirkulasjonssvikt, i tillegg til den metoden som har vore brukt før. Dette vil auke tilgangen.

Då ekspertgruppa si avgjerd vart kjend, trakk fleire organdonorar seg, ifølgje ein nyhetssak på nrk.no. Mange var redde for å kome i ein situasjon der dei vart kopla frå før alt håp var ute.

I ein ny studie har religionsfilosofane Emil Junge Busch og Marius Timmann Mjaaland sett nærmare på sjølve grunnregelen for organdonasjon, «Dead Donor Rule». Studien er publisert i det vitenskapelige tidsskriftet American Journal of Bioethics.

– Til no har debatten i stor grad handla om når personen er død. Men det er vanskeleg å finne den eintydige definisjonen av død. Vi foreslår ein ny innfallsvinkel til debatten, seier Mjaaland, som er professor ved Teologisk fakultet på Universitetet i Oslo.

Marius T. Mjaaland er professor i religionsfilosofi og systematisk teologi ved Det teologiske fakultet.

Uoppretteleg hjerneskade

Organdonasjon ved sirkulasjonssvikt blir i dag praktisert i ei rekke land. I slike tilfelle er den døyande på livsforlengande behandling med ein hjerneskade som reknast som uoppretteleg – til dømes etter eit alvorleg hjerneslag – men kor det framleis er sirkulasjon i hjernen.

Viss legane er sikre på at vidare behandling er nyttelaus, kan dei etter samtalar med pårørande avslutte livsforlengande behandling. Deretter kan dei la pasienten døy naturleg for så å vente i fem minutt eller meir for å vere sikre på at sirkulasjon og andedrett har stoppa og at hjartet ikkje tar til å slå igjen.

Så kan dei hente ut organ for transplantasjon.

Før det vart opna for dette i Noreg, var det eit krav at hjernen var totalt og uopprettelig øydelagt ved at hjernen ikkje lenger fekk tilført blod. Først då kunne ein kople frå respirator.

– Det finst svært mange diskusjonar i etisk litteratur om kva som er kriteriet for død og om når organ dermed kan donerast. Det er ein krevjande diskusjon, for døden er ein prosess. Skal ein seie at nokon er døde når dei ikkje kan kome attende til livet, eller når det ikkje finst moglegheiter for signal i hjernen?

– Personen kan ikkje vakne opp att

Ved å studere grunnregelen for organdonasjon, opplever Busch og Mjaaland at dei har funne ein ny måte å angripe problemstillinga på.

Dead Donor Rule vart først klart definert av John Robertson, professor i jus og bioetikk i USA, i 1989. Men regelen hadde sett standarden for medisinsk praksis i mange land sidan 1960-talet.

– Det var overraskande for oss at John Robertsons klassiske definisjon av donorregelen i faglitteraturen ikkje set eit krav om at personen må vere død. Derimot er hovudbodskapen at donasjonen ikkje må forårsake død. Det er ei litt kontra-intuitiv innsikt. Men det gjev god meining, meiner Mjaaland.

I dei tilfella av sirkulasjonssvikt der donasjon no blir lov i Noreg, vil personen vere død både i etisk og juridisk forstand, påpeikar han.

– Men skeptikarane spør likevel om ikkje det finst ein sjanse for at pasienten vil vakne opp att. Og ja, teoretisk sett er det ein sjanse for at vi kan registrere signal i hjernen, men dødsprosessen er irreversibel.

Støttar ekspertgruppa

Når det er snakk om organdonasjon ved sirkulasjonssvikt, er legane heilt sikre på at personen ikkje vil vakne opp att til eit bevisst liv, understrekar han. Personen har nemleg ein øydeleggande hjerneskade.

Om pasienten blir kopla frå og døyr naturleg, er det hjerneskaden og hjartestansen han eller ho døyr av, ikkje organdonasjonen.

Difor bryt ikkje denne praksisen med Dead Donor Rule, ifølgje Mjaaland. Busch og Mjaaland støttar dermed den norske ekspertgruppa sin konklusjon om at den nye metoden er forsvarleg.

Ekspertgruppa har vurdert metoden ut frå juridiske, medisinske og etiske kriterium. Busch og Mjaaland har konsentrert seg om det etiske.

– Korleis kan legane vere sikre på at personen ikkje kunne ha vakna opp att?

– Hjernen er skanna, og hjerneskaden er dokumentert. Ein kan ikkje dokumentere absolutt null aktivitet i hjernen, men ein kan dokumentere at skaden er uoppretteleg.

Meiner uroa byggjer på misforståing

– Kan det skje at legane tar feil?

– Ikkje i desse tilfella. Det er skilnad på ein døyande pasient der ein har avslutta livsforlengande behandling og ein frisk ungdom med hjartestans og ein fungerande hjerne. I sistnemnde tilfelle vil legane gjere alt for å få hjartet i gang igjen.

Mjaaland meiner at uroa om dei nye norske reglane byggjer på ei misforståing.

– Ein sjeldan gong dukkar det opp historier frå europeiske land der legane trudde at folk var døde, og så begynner dei å puste igjen. Det skjer, men det er veldig sjeldan. I slike tilfelle har ikkje personen ein uoppretteleg hjerneskade.

Diskusjonar med filosofar og etikarar

Studien er del av eit større forskingsprosjekt kalla 3DR der medisinarar, biologar, filosofar, teologar og ekspertar på klinisk transplantasjonsmedisin tar del.

Det overordna målet med prosjektet er å utvikle ein metode for å transplantere organ ved hjelp av ein annan energitilførsel enn oksygen. Den største skaden på organ skjer nemlig når du koplar frå oksygenet – mange organ må kasserast på grunn av dette.

– For å kome fram til konkulsjonen i denne studien har vi tatt utgangspunkt i dei viktige etiske utfordringane som kollegaene våre møter i operasjonssalen og i møte med pårørande. Så har vi diskutert desse spørsmåla med andre filosofar og etikarar som har tatt opp temaet. Det har vore stor debatt om dette i etikktidsskrift.

Ikkje alle andre filosofar og etikarar er samde i vurderingane til forskarane.

– Nokre vil nok meine at dette er kontroversielt, fordi vi flyttar fokuset. Vi seier at viss donasjonen ikkje forårsakar død, vil sjølv ikkje Dead Donor Rule stå i vegen. Det er sjølvsagt andre forhold som er relevante, som kor vidt den avdøde og familien ønskjer donasjon, men dette er allereie teke omsyn til i gjeldande praksis.

Eit nytt spor i debatten?

I artikkelen skriv Busch og Mjaaland at debatten bør handle om kor vidt donasjon er dødsårsaka, ikkje korleis døden skal definerast.

Ein av dei uavhengige forskarane som har vurdert artikkelen før publisering i tidsskriftet, skriv at Busch og Mjaaland sin artikkel vil føre organdonordebatten inn på eit nytt spor.

– Synspunkta våre vil nok møte motstand, men vi meiner at dei kan leggje grunnlag for eit meir konstruktivt spor i debatten, seier Mjaaland.

– Korleis kan de vere sikre på at denne regelen er det rette utgangspunktet for organdonordebatten i dag?

– Regelen er slett ikkje det einaste kriteriet for organdonasjon, men han har vist seg å vere breitt akseptert. Han vernar pasientane mot misbruk og sikrar tillit til god praksis, seier Mjaaland og held fram:

– Respekten for regelen gjer at alle kan ha tillit til at legane vil gjere sitt ytste for å redde liv. Men om livet ikkje står til å redde, finst det ei moglegheit for at andre liv kan reddast før organa blir ubrukelege.

Det står over 500 på venteliste for transplantasjon i Noreg.

– Den nye metoden kan gje betre og fleire organ, men det er helt avgjerande at vi bevarer tillita til at det gjerast på ein etisk forsvarleg måte, seier han.

Referanse:

Emil J. Nielsen Busch og Marius T. Mjaaland: Does Controlled Donation after Circulatory Death Violate the Dead Donor Rule? The American Journal of Bioethics, 2022. Doi.org/10.1080/15265161.2022.2040646

Om forskargruppa 3DR

Tverrfagleg forskargruppe knytta til UiO Livsvitskap med forskarar innan biologi, medisin og religionsfilosofi/teologi.

Dei vil auke tilgangen og funksjonen til donororgan til transplantasjon, samt skape merksemd og debatt i samfunnet om etiske spørsmål ved bruk av donasjon etter sirkulatorisk død.

Powered by Labrador CMS