Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Forskar blei uroa over kva ho så i heimetenesta
Sosiolog Astrid Ouahyb Sundsbø fekk følgje om lag 40 tilsette i heimetenesta over seks veker.
Det kan gå ganske lang tid før Dagny får frukosten sin. Og når det først skjer, vil han vanlegvis gå unna i ein fei.(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
I heimen sin i ein kommune i
Noreg sit ei eldre kvinne, Dagny, og ventar på hjelp. Kvar morgon kjem ein
helsearbeidar innom for å gje henne insulin og syte for at ho får seg frukost.
Ho
gler seg sånn til at nokon skal komme. Å få sjå eit anna menneske i ein elles
einsam kvardag der ho også kjenner seg fysisk svekka, betyr mykje.
Men det finst eit skår i
gleda, ei kjelde til uro og vonbrot: Dagny kan ikkje vite når denne personen
kjem. Heller ikkje kor mykje tid ho har til å vere ilag med henne.
Samstundes, i bilen som er på
veg, kan det sjå ut slik: Heimehjelpa sit med ei digital arbeidsliste for
dagen. På den andre sida av dalen frå Dagny bur Per, ein eldre mann som er
avhengig av blodfortynnande medisinar. Han står difor øvst på lista, slik folk
med prekære medisinske behov alltid gjer.
Dagny burde ha vore den neste
på lista, sidan ho ventar på frukosten sin. Men på same sida av dalen som Per,
bur også Karl. Behovet hans hastar det mindre med, for det han treng, er hjelp
til å få på seg eit par støttestrømper. Likevel blir han prioritert først, for
å spare på køyretida.
Slik kan det gå ganske lang
tid før Dagny får frukosten sin. Og når det først skjer, vil han vanlegvis gå
unna i ein fei.
Noko skjer
med velferdsstaten
Astrid Ouahyb Sundsbø er professor
i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet og Senter for omsorgsforsking, Vest. Ho har lenge interessert seg for forteljingane kring omsorgsyrka her til lands.
Ho
har lagt merke til ei sakte dreiing i språket, ein ny måte å snakke om desse profesjonane
på.
– Så godt som kvar einaste
forteljing om helsesektoren startar med snakk om kostnadseksplosjon,
eldrebølgje og færre skattebetalarar. Sidan er hovudtemaet alltid ulike måtar å
effektivisere på, anten det er på forskingskonferansar eller i politiske
samanhengar, seier Sundsbø.
Ho saknar kritiske
motspørsmål.
– Desse skildringane kan
høyrest veldig apolitiske ut, som ei urokkeleg sanning. Men det vi held på med
no, handlar djupast sett om kva slags
velferdsstat vi ønsker å vere. Vi er på veg til å legge omsorgsarbeidet tilbake
på familiane.
Sundsbø ser den same
tendensen i nye måtar kommunane jobbar på. Dei har teke til å kartlegge
innbyggarar som kan komme til å trenge hjelp.
I nokre tilfelle kjem dei på besøk
når du fyller 75 år og stiller spørsmål som dette: Kor mykje kan du klare å
gjere sjølv? Eller ved hjelp av ektefellen din, sonen, dottera? Eller har du
kanskje ein hjelpsam nabo? Kan ektefellen din kursast i korleis ta vare på deg,
med den diagnosen du har?
Slik leiter velferdsstaten
meir og meir etter måtar du kan klare deg sjølv på.
Store
endringar i plikter og oppgåver
– Vi er vane med å tenkje at
med ein gong du har eit behov, og du søker innpass hjå tenestene i kommunen, så
vil du få det. Men slik er det ikkje, seier Sundsbø.
– Eit tverrfagleg team vil sjå
på søknaden din og vurdere behova. Dei vil i det lengste prøve å hindre at du
kjem inn i tenesta i det heile fordi dei då vil ha vanskar med å avslutte tenesteytinga.
Annonse
Presset på å redusere
kostnader og drive meir effektivt har vore stort dei siste ti åra. Det har skjedd etter at kommunale
helse- og omsorgstenester har fått eit stadig større ansvar for å ta vare på
sjuke og skrøpelege menneske.
Samhandlingsreforma gjer at sjuke personar blir
send ut av sjukehuset og heim igjen til kommunen mykje raskare enn før. Ho har
ført til grunnleggande endringar i arbeidssituasjonen til helsearbeidarane kommunen.
Presset for effektivisering sildrar
ned frå helsestyresmaktene til det ytste leddet i tenestene: den enkelte pleiaren som
skal utføre oppgåvene. Prioriteringane har skjedd over hovudet til desse
personane. Likevel skal dei tolke og omsetje dei i handling. Og kva skjer
då?
– Vi treng å vite kva slags
forståingar som er førande for helsearbeidarar i dag for kva behov
som er naudsynte og verdige å prioritere. Klarer dei å ta vare på verdiane som
er grunnleggande for profesjonen deira? Og viss ikkje protesterer dei mot endra
arbeidsvilkår og oppgåver? Eller herskar resignasjonen? spør Sundsbø.
Desse spørsmåla førte henne
ut i eit seks vekers feltarbeid i tre ulike kommunar: ein by, ein tettstad og ei
bygd.
Ho fekk følgje med dei tilsette i bilen på jobb, møte brukarane, vere med
på forflytting og stell, servere frukost, overhøyre lunsjsamtaler blant
tilsette og mykje meir.
Ho jobba ofte doble skift og noterte det ho observerte.
Arbeidslista,
minutt for minutt
Tilbake til bilen og pleiaren
som er i ferd med å disponere arbeidsdagen sin: Ho (for det er som oftast ei kvinne) ser over den digitale arbeidslista
si. Den er delt opp i tre ulike typar av tid som ho skal bruke: ansiktstid (saman
med brukarane), køyretid (ofte underestimert og ikkje tilpassa vêr og
køyreforhold) og administrasjonstid (for eksempel til rapportering eller
administrering av utstyr og bilar).
Oppdraga er tildelte av ein i avdelinga. Med dei står ei kort skildring av korleis dei skal utførast og tida oppgåva er
forventa å ta.
Slik kan det sjå ut – og
desse eksempla er henta frå verkelege arbeidslister:
«Lage mat, oppvask, boss ut,
sjekke at det er brød. Middagen må vere VARM! Type 5 minutt i mikro» (5 min)
«Obs! Undervektig, lage mat
og tilby næringsdrikker. Sit gjerne ned med henne når ho eter. Gjer all mat feitare
med oljer eller fløte. Rydd over kjøkken og stovebord, oppvask, boss ut» (10
min)
«Tilby hjelp til stell» (10
min)
«Frå rullestol til toalett og
frå toalett til seng» (25 min)
«Kikke innom om alt er ok» (5
min)
«Ringe og høyre om brukar har
det bra» (2 min)
Annonse
Den siste arbeidsoppgåva, eit
såkalla ringetilsyn, kan gjerne gjennomførast frå bilen. Det skal berre ta eit
par minutt, men dette skjønar ikkje alltid personen i den andre enda av linja.
Den
personen ville kanskje gjerne ha dvelt litt meir, hatt ein ordentleg samtale.
Men ordet «samtale» finst ingen stad på den digitale arbeidslista.
– Pleie
utan omsorg
Ein av helsearbeidarane Sundsbø
fekk følgje, fortalte at ein eldre mann ho følgde opp, hadde sagt at sjølv om det heitte «pleie
og omsorg», var det vel heller snakk om pleie utan omsorg.
Og ho gav han
rett: «Vi jobbar i det skjulte med omsorgsbiten. Det blir jo fabrikk til slutt
(...) meir og meir spesialiserte tenester, og konkrete tenester (...) Mens
omsorgsbiten er forebyggande, for eksempel for å forebygge depresjonar, det gjer
noko med menneske, oppmuntring, det betyr mye. Viss du seier det, så får du høyre
at de skal ikkje sette dykk ned og prate med dei, det kan de gjere mens de held
på å stelle dei.»
Men viss varming av middagen
tek fem minutt i mikrobølgeomnen, og du samstundes skal rydde ut av boss, vaske
opp og sjekke at det finst brød: kor mykje ro har du eigentleg på deg til å prate
samstundes?
Og kva viss turen frå rullestolen til toalettet og vidare til senga
er ganske krevjande å få til på dei 25 tildelte minutta? Då er det vanskeleg å
vere både sosial og effektiv på same tid. Som regel er tida som er sett av til
oppgåva, for lita til å utføre arbeidet godt.
– Mange tilsette i tenestene
kjenner at det arbeidet dei gjer, ikkje strekk til. Dei meiner at det ikkje held fagleg mål, seier Sundsbø.
Jobbe mest
mogleg likt
Nokre få tilsette, og då
berre dei med lang arbeidserfaring, fortalde at dei ikkje brydde seg om
tidsestimatet i arbeidslista. Dei brukte den tida dei trong.
Men dei aller
fleste prioriterte høgt det å halde seg til den tilmålte tida. Sjølv når det kom
i konflikt med deira eigne faglege vurderingar. Dette finst det fleire grunnar
til, seier forskaren:
Bruken av nye digitale system med sanntidsoppdatering skapte
eit ekstra press til å halde tida. Då kunne kollegaene dine følgje med på
om og når oppgåver var gjennomførte.
Annonse
– I den eine av kommunane
hadde dei til og med eit krav om startregistrering når pleiaren kom til ein
brukar og iverksette eit tiltak, og sluttregistrering når dei var ferdige. Det
gjorde at dei som jobba i heimetenestene der, kjente seg overvaka. Difor gjekk
dei nødig utanfor tidsrammene, fortel Sundsbø.
Lojalitet til resten av
arbeidslaget var også ei sterk drivkraft oppi dette – behovet laget har for å få
arbeidsdagen til å gå opp. Nokre kjente at dei risikerte kollektiv, sosial straff
dersom dei valde å gå utanom føringane.
I lunsjpausar og møte blei det snakka
om at «alle må gjere likt». Viss nokon var for «snill» med ein brukar, kunne
det setje kollegaer som valde å følgje lista strengt, i eit dårleg lys – noko
som igjen kunne gjere brukaren vrang.
– Nokre valde likevel å gjere
unnatak frå å følgje lista til punkt og prikke, og gjere noko ekstra. Det var gjerne av
omsyn både til verdigheita til brukaren og eigen arbeidsglede. Men denne
ekstrainnsatsen måtte helst skje i det skjulte, utan at nokon oppdaga det,
seier Sundsbø.
Ikkje
selskapsdamer
Det Sundsbø såg med eigne
auge mens ho skugga pleiarane, var korleis folka i det ytste tenesteleddet fungerte
som lokale politikkutformarar.
Dagleg stod dei oppi komplekse situasjonar der
dei måtte tolke kva omsyn som var mest viktig å legge vekt på.
Slik blei dei
moralske aktørar som gjennom sine ord og handlingar trekte opp velferdsstatens rammer.
Og dei rammene viste seg å
vere tronge.
Det fanst ei sorg kring dette
hos pleiarane. Men misnøye over tidspress leia sjeldan til protestar. Heller
berre snakk. Kjensla av å ikkje strekke til blei avløyst av ei ny oppfatning
av kva det ville seie å vere profesjonell. I ho blei omsorg ikkje lenger sett
på som eit fag. Det var andre sitt ansvar, til dømes frivillige eller familie.
I eit feltnotat skriv
Sundsbø: «Sjukepleiar fortel at dei som teneste ikkje har noko ansvar for at
folk skal ha det bra, at fokuset må vere på medisinske behov.»
Ei anna sa:
«Det er fælt at vi ikkje har
tid til å ta den ekstra omsorga. Samtidig er eg imot at eg som har gått så
lenge på skule og er sjukepleiar, skulle være en støttekontakt. (...) Eg skal
ikkje vere et kaffibesøk.»
Annonse
Og ei anna sa når Sundsbø
spurte om det var noko ho kunne tenkje seg å ha meir tid til:
«Tja, gjerne det eg nemnde
med å sitte og prate litt med dei som har behov for det. Men då har vi blitt
fortalt at: Vi er ingen selskapsdamer.»