Annonse
Frå samlingane til Naturhistorisk museum i Oslo: To individ av kirgisisk steppehøne, den eine skoten ved Skien, den andre på Jæren. Begge frå 1888. (Foto: Karsten Sund, NHM)

100 000 fugleprøvar på nett

Ei gladmelding til alle fuglekikkarar: Fuglesamlinga til Naturhistorisk museum i Oslo er no tilgjengeleg på nett.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Publikum tenkjer gjerne på eit museum som utstillingane, men utstillingane er berre toppen av isfjellet i eit universitetsmuseum. Fundamentet er dei vitskaplege samlingane som finst i magasina der publikum sjeldan slepp til.

– Vi er naturleg nok størst på norske fuglar, men vi har prøvar i samlingane våre frå store delar av verda, fortel professor Jan T. Lifjeld ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (NHM).

– Til saman har vi objekt frå 3600 artar. Det er rundt ein tredjedel av alle eksisterande fugleartar.

DNA- og vevsprøvar

Men forskarane forskar ikkje berre på dei objekta som finst i deira eigne samlingar. Dei låner gjerne frå kvarandre, og det er særleg prøver som kan brukast i DNA-analyser som er av stor internasjonal interesse. No lanserer NHM ei teneste som skal gjera det lettare å få oversikt over kva dei har å tilby.

– Over 100 000 objekt er no tilgjengeleg på nett. Det omfattar alle skinn, egg, spermprøvar og DNA- og vevsprøvar, fortel overingeniør Lars Erik Johannessen ved NHMs DNA-bank.

I databasen kan ein søkja mellom anna på navn, familie, innsamlingsstad og objekttype. (Foto: (Skjermdump frå Fuglesamlinga til Naturhistorisk museum))

I tillegg inneheld fuglesamlinga skjelett og fuglar som er nedlagde på sprit. Desse er mindre aktuelle for utlån og lågare prioritert i denne omgang.

– Forskarar frå andre institusjonar er mest interesserte i DNA- eller vevsprøvar, og gjerne i kombinasjon med skinn. Men skinn vert mindre interessante for genetiske analyser når dei vert eldre, sidan DNA-et i dei vert dårlegare over tid, seier professor Arild Johnsen.

Utdøydde artar

– Samstundes inneheld skinnsamlinga førebels fleire artar enn DNA-samlinga, og ny genteknologi som gjer det råd å setja saman småbitar av DNA, kan gjera dei gamle skinna i skinnsamlinga meir interessante igjen, supplerer Lifjeld.

Ein «type» er i biologien det eksemplaret som ein art vert beskriven ut frå. Typeeksemplaret er vanlegvis bevart i ei naturhistorisk museumssamling. Fuglesamlinga ved NHM har typemateriale frå fleire fugleartar, blant anna frå Australia.

– Typane og prøver frå utdøydde artar er det aller viktigaste å ta vare på for eit museum, fortel Lifjeld.

Jan T. Lifjeld, Arild Johnsen og Lars Erik Johannessen i NHM si samling av fugleskinn. No kan kven som helst få oversikt over kva som finst her. (Foto: Torstein Helleve, NHM)

Forskarar og fugleinteresserte

I fuglesamlinga ved NHM finst mellom anna eit eksemplar av den no utdøydde geirfuglen, og ein modell er stilt ut i dei zoologiske utstillingane. Men NHM har òg utdøydde artar frå så langt borte som Hawaii og New Zealand.

DNA-banken ved NHM inneheld litt over 70 000 objekt frå fugl. I størrelse reknar dei seg som samanliknbare med den største samlinga av fuglevev i Europa ved Statens Naturhistoriske Museum i København, sjølv om sistnemnde har fleire artar.

Sjølv om basen fyrst og fremst er retta mot forskarar, reknar dei med at andre fugleinteresserte òg vil ta den i bruk.

– Vi får jevnlig henvendelsar frå amatørornitologar som lurer på kva vi har i samlingane våre. No får dei muligheiten til å finna fram til det sjølve, seier Lifjeld.

Lenke:

Besøk NHMs fuglesamling på nett

Powered by Labrador CMS