I forskingsprosjektet Digitox har forskarar følgt den historiske utviklinga til digitaliseringa. Heilt frå ei tid med stor optimisme til ei aukande bekymring for dei negative konsekvensane.
– Vi har sett ei utvikling frå at folk tidlegare skulda på media til at dei no i større grad klandrar seg sjølve for overdriven bruk. Dette fører til skam og skuldkjensle.
Det forklarer professor Trine Syvertsen ved Institutt for medium og kommunikasjon på Universitetet i Oslo (UiO). Ho er prosjektleiar for Digitox.
Eit samfunnsproblem som gjeld alle
Forskarane har avdekt at 67 prosent av den norske befolkninga opplever at dei er for mykje på nett.
Dette er ikkje berre ei individuell oppleving. Det er også ei erkjenning av at overdriven skjermbruk er eit samfunnsproblem.
– Overdriven bruk av digitale medium har vorte ei problemstilling folk snakkar om. Det fører til konfliktar i heimen, på arbeidsplassen, på skulen og i fritida, seier Syvertsen.
Dialog og bevisstgjering
Forskarane valde ei utradisjonell formidling av forskingsresultata.
Dei reiste landet rundt og arrangerte gratis arbeidslunsjar og frukostmøte. I tillegg deltok dei på tradisjonelle konferansar.
Dei møtte folk på ulike stader som på legekontor, bibliotek, skular og kulturinstitusjonar. I møta delte dei kunnskap og bidrog til dialog om utfordringane knytte til digital fråkopling.
Konkrete døme på møteplassar, eksperiment og samarbeid:
Bibliotekstunt: Forskarane har møtt opp på bibliotek med papirkonvoluttar og bedt folk om å leggje mobilen i konvolutten medan dei jobbar eller les bøker. Dette har skapt engasjement og refleksjon rundt eigen mobilbruk.
Teknisk Museum: På Teknisk Museum vart det sett ut samtalebord med ulike gjenstandar, som gamle mobiltelefonar og aviser. Publikum kunne setje seg ned og reflektere over sin eigen mediebruk i dialog med forskarane.
Råd og rettleiing: Forskarane har gitt råd og rettleiing til ulike aktørar som ønskjer å gjennomføre tiltak for digital fråkopling. Dei har mellom anna vore i dialog med Deichman Bjørvika om ein kampanje dei har med mobilsoveposar. Dei har også arrangert arbeidsplass-frukostmøte i Kulturdepartementet.
Samarbeid med skular: Tett samarbeid med skular for å auke forståinga for digital fråkopling. Samarbeidet har også handla om å fremje sunne digitale vanar blant elevane.
Mobilsoveposar på biblioteket
Forskinga har ikkje berre inspirert til refleksjon. Ho har også ført til konkrete tiltak.
Deichman bibliotek lanserte ei kampanje kalla Ta tida tilbake i april 2023.
Målet var å hjelpe oslofolk med å leggje vekk mobilen. Kjernen i kampanjen var utdeling av mobilsoveposar – enkle neopren-lommer.
Dei symboliserer behovet for ein pause frå skjermen.
Annonse
– Trine Syvertsens forsking og rettleiing har vore avgjerande heilt frå starten av kampanjen vår. Innsikta hennar om forholdet folk har til skjermbruk og digitale detox-metoder, har vore sjølve fundamentet for kommunikasjonen vår. Takka vere dette kunne vi lage ein kampanje som verkeleg treffer folk sine behov og som viser korleis biblioteket kan bidra til ein betre digital balanse.
Det seier Lars Schwed Nygård frå Deichman bibliotek.
Kampanjen var ein suksess. Over 23.500 mobilsoveposar blei delte ut og dei fekk mykje positiv respons frå publikum.
Samtalar på museum
Teknisk Museum lanserte i samarbeid med forskarane eit nytt format for forskingsformidling. Dei kalla det kjøkkenbordsamtalar.
I ein intim setting rundt kjøkkenbord diskuterte forskarar og besøkjande tema knytte til digitalisering i kvardagen.
Samtalane var baserte på spørsmål utvikla i forskingsprosjekt. Deltakarane delte erfaringar og refleksjonar.
Nokre av spørsmåla denne kvelden var: Er digitalt samvær mindre verd enn fysisk? Blir naturen noko anna når han blir erfart gjennom skjerm? Korleis rører du skjermen på mobilen? Koplar du deg nokon gong heilt av det digitale?
Museet ønskte at funn frå forskinga skulle setje i gang samtalane. Dei ønskte også at historiene, tankane og dei kritiske refleksjonane til deltakarane vart delte.
– Museet skapte eit rom der dei eigne erfaringane til dei besøkjande vart ein viktig del av forskinga. På den måten vekte vi eit engasjement for samfunnsrelevante tema, seier Gro Ellefsen. Ho er arrangementsansvarleg ved museet.
Auka medvit på tvers av samfunnet
Forskarane har brukt aktiv formidling og dialog for å auka forståing for utfordringane ved overdriven skjermbruk.
Annonse
Syvertsen fortel at dei ofte har vore i media. Der har dei fått høve til å klargjere temaet frå ulike vinklar, alt frå konsekvensar for hyttelivet til mobilbruk på konsertar.
Forskarane har også delteke i politiske diskusjonar og bidrege med kunnskap til avgjerdstakarar.
– Sjølv om vi ikkje har teke stilling til konkrete politiske løysingar, har forskinga vår vore viktig for å vise kor komplekst problemet er og behovet for ei heilskapleg tilnærming, seier Syvertsen.
Nytt norsk omgrep: Digital fråkopling
Gjennom prosjektet har forskarane også bidrege til å utvikle eit norsk omgrepsapparat rundt digital fråkopling: «Digital detox» er erstatta med «digital fråkopling». Det er no inkludert i Store norske leksikon.