Krangelen om Ida

Nok ein gong er forskarane usamde om Ida-fossilet, men kva er dei eigentleg usamde om? Zoolog og forfattar Torfinn Ørmen forklarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Ida og besøkende fotografert på Zoologisk museum i fjor sommer. (Foto: Marianne Nordahl)"

Ordforklaringer

Primater
Pattedyrorden. Dinglende penis; negler på i alle fall stortærne; stortær er motstilt; friksjonshud med eccrine kjertler på hender og føtter: “finger-” og “tå-avtrykk”; fullstendig postorbitalbro.

Underorden Strepsirhini – dobbeltnesete primater
Nese utstyrt med rhinarium; alle synsnerver krysser over til motsatt hjernehalvdel; klo på i alle fall 2. tå; underkjevens fortenner og hjørnetenner danner en tannkam.

Underorden Haplorhini – enkelnesete primater
Nese uten rhinarium, synsnervene krysser bare delvis. Høyre og venstre pannebein gror sammen på fosterstadiet.

Adapoider og omomyoider
To viktige utdødde grupper innen ekte primater. Flertallet av forskerne har antatt at forfedrene til dagens strepsirhine primater er å finne blant adapoidene, mens de haplorhine har sine forfedre blant omomyoidene, men dette bildet kan være mye mer komplisert. Det er mulig at begge gruppene er haplorhine, og at vi ikke har funnet forfedrene til strepsirhinene ennå.

Rhinarium
Fuktig, naken del av nesen hos de fleste pattedyr. Haplorhine primater mangler dette.

Postorbitalbro
Beinring rundt øyenhulen.

Eccrine kjertler
En type svettekjertler.

Klad
En gruppering som inneholder en stammor og alle hennes etterkommere, ufødte, levende og døde.

Kladistisk analyse
En metode der man sammenligner egenskaper hos ulike arter og grupperer dem etter slektskap.

Forklaringene er hentet fra Ørmens “Historien om oss”.

Fortsatt forvirret? Les om primater på NHMs nettsider
 

- Alle er samde om at Ida er eit fantastisk godt bevart fossil, og at det er viktig for forståinga av tidleg primatevolusjon.

- Usemja knyter seg til kor viktig det er for forståinga av mennesket sin evolusjon, altså rett og slett kor nær oss ho er i slekt.

Det forklarar Torfinn Ørmen, som nyleg ga ut “Historien om oss”, ei bok om mennesket sin biologiske evolusjon.

- Ordenen primatar er delt inn i to underordenar, som vert kalla haplorhine og strepsirhine. Det er vanleg å anta at desse skilde lag for 63 millionar år sidan.

Spørsmålet er om Ida, eller Darwinius, er haplorhin, i likskap med menneska, eller strepsirhin.

- Men bak dette ligg eit anna spørsmål: kva for ei av dei tidlege primatgruppene var opphav til dei ekte apane?

- Var det adapoidene, som Darwinius høyrer til, og som overflatisk liknar på lemurar? Eller var det omomyoidane, som liknar på spøkelsesapar? Dette har forskarane diskutert i fleire tiår.

Færre mulige stamtre

- Spørsmålet er om Ida er haplorhin, seier Torfinn Ørmen. Foto: Per Aas, NHM/UiO

Ørmen understrekar at det er mykje som er usikkert rundt tidleg primatevolusjon, sidan det er store hol i fossilarven.

- Dermed får til og med små fragment som enkelttenner og bitar av kjevar mykje å seia. Det er ikkje så unaturleg, for tennene er den sikraste måten å fastslå arten på, forklarar han.

Men i den nye studien har forskargruppa bak Darwinius sett bort frå dei minste fragmenta, og dermed kome til det dei meiner er eit resultat med færre og betre mulige stamtre.

Akademisk ping-pong

- Det seier seg sjølv at dess meir komplett eit fossil er, dess meir kan ein læra av det. Til små fragment må det nødvendigvis knyta seg meir usikkerheit.

- Det kan til dømes vera veldig vanskeleg å vita kva enkelttenner og andre små fragment som faktisk høyrer saman.

- Men nokre forskarar vil nok hevda at når vi har så relativt lite materiale tilgjengeleg som vi har, kan ikkje noko veljast bort – og det vil garantert koma påstandar om at Jørn og dei andre med hensikt har konsentrert seg om fossil som støttar deira hypotese, humrar han.

Som primatekspert fylgjer sjølvsagt Ørmen, som sjølv er laust tilknytt Naturhistorisk museum, diskusjonen med stor interesse.

- Det vert ein slags akademisk ping-pong i svært sakte kino. No har Ida-teamet kome med sitt tilsvar til innvendingane som har kome mot dei, så får vi sjå kva neste trekk vert.

Powered by Labrador CMS