Der kvar fjelltopp har sine eigne biller

Kortvengjebillene på dei vulkanske fjelltoppane i Aust-Afrika har felles opphav. Men isolert på kvar sin topp har dei utvikla seg til heilt ulike artar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mount Muhavura, 4127 meter høg og den høgaste vulkanen i Virunga-kjeda, ruvar over landskapet. (Foto: Hallvard Elven, NHM/UiO)

For ti millionar år sidan stod regnskogen tjukk i Aust-Afrika. Dyr- og planteliv var sannsynlegvis like rikt som i regnskogen vi kjenner i dag.

Men så begynte det å skje ting. Grunnane er forskarane enno ikkje sikre på, men klimaet i Aust-Afrika endra seg i alle fall. Regnskogen vart erstatta av eit langt turrare klima.

– Dette skapte naturleg nok vanskar for dei artane som hadde tilpassa seg livet i regnskogen, fortel insektforskar Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Men landskapet her er prega av isolerte kjeglevulkanar, ofte med enorme avstandar mellom seg. Fjella her er òg relativt unge. Dei eldste vulkanane er rundt 30 millionar år gamle, og dei yngste berre eit par hundre tusen år gamle.

Tre ulike hypotesar

Vengjelaus kortvengje frå Rwenzori-fjella i Uganda. Dyret er ubestemt og sannsynlegvis ubeskrive. Det er svært mange ubeskrivne artar i desse fjella. (Foto: (Illustrasjon: Hallvard Elven, NHM/UiO))

– Løysinga for mange artar, som dei billene vi har forska på, var å flytta seg oppover i fjellsidene. Her er klimaet fuktigare enn nede på sletta, seier Elven.

Han og kollegane tok for seg ei gruppe kortvengjer som ikkje kan fly. Målet var å avdekkja korleis fjelltoppane var vortne koloniserte.

– Vi hadde tre ulike hypoteser vi ville testa. Hadde billene ”hoppa” frå fjell til fjell, trass manglande flygeevner? Blanda dei seg med kvarandre i fuktigare periodar, når regnskogen midlertidig kan ha kome tilbake?

Deler same nisja

Men då dei analyserte DNA-et til dei ulike artane, viste det seg å vera det tredje alternativet som er det mest sannsynlege svaret: artane har eit felles opphav, men var alt begynt å skilja lag før innturkinga av landskapet skjedde.

– Etter kvart som tilhøva endra seg ved at klimaet vart turrare, utvikla ulike artar seg til å okkupera dei same nisjene på ulike fjelltoppar.

– Men to artar som deler den same nisja, men på to ulike fjelltoppar, treng ikkje vera meir i slekt enn at dei altså har ein felles stamfar mange millionar år tilbake i tida, forklarar Elven.

Kome med vinden

For dei lokale plantane vart utviklingshistoria litt annleis.

– Desse har òg langsamt utvikla seg i takt med dei nye tilhøva. Men dei har fått konkurranse utanfrå. Vi finn plantar som stammar frå Europa og Asia, og òg frå kjøligare område i Afrika, som Kapplandet.

Hallvard Elven. Her på feltarbeid i Smoky Mountains i USA. (Foto: Vladimir Gusarov, NHM/UiO)

– Frøa har antakeleg kome med vinden. Sidan tilhøva oppe i fjellsidene ikkje var så ulikt dei tempererte områda desse plantane kom frå og var tilpassa, hadde dei ein evolusjonært forsprang på dei lokale plantane.

– Derfor er vegetasjonen her ei blanding av lokale plantar og plantar med fjernare opphav, og vi finn mindre forskjellar frå fjelltopp til fjelltopp.

Bakgrunn:

Hallvard Elven disputerer for doktorgraden 3. mai.

Powered by Labrador CMS