Veit kvar haren hoppar

Ny bruk av dataverktøyet GIS set biolog Vegar Bakkestuen i stand til å kartleggja og forutseia framferda til artane i den norske naturen betre enn nokon andre.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Vi brukar data som er samla inn i andre samanhengar. Desse dataene kan til dømes vera geologiske, meteorologiske, biologiske eller geografiske.

- Når vi koplar desse saman, får vi eit unikt verktøy for å forutseia korleis ulike arter vil te seg i naturen, seier biolog Vegar Bakkestuen ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo.

Bakkestuen fortel at han byrja å ta i bruk GIS for femten år sidan. GIS står for Geografiske informasjonssystemer, og er eit verktøy som handterer data som er knytta til geografiske lokasjonar.

"Terrengskuggekart frå ein høgdemodell i GIS."

Etter kvart som det vart klart kva muligheiter som låg i måten han knytte saman dei ulike datakjeldene på, vart han kontakta av andre forskarar som ynskte å ta dette i bruk.

Fann att sommarfuglar

- I eitt prosjekt fanga vi sommarfuglar som vi merka og sleppte ut att. Etter nokre dagar fanga vi dei att, i alle fall dei som vi klarte å fange. Då kunne vi kartleggja korleis dei hadde bevega seg frå A til B.

No skulle ein jo tru at vitskapen tidlegare òg har visst noko om korleis ein sommarfugl flyttar på seg, og det stadfester Bakkestuen. Det unike med det nye verktøyet er at forutseiingane vert mykje meir presise.

- Ved å ta omsyn til terreng som sommarfuglar ikkje likar, som åkrar, og terreng dei likar, som bekkefar, laga vi ein modell som forutsa kvar det var mest sannsynleg å finna sommarfuglane att. Og det stemte.

Bruken i startgropa

- Av alle kommunane i landet der blåveis enno ikkje er observert, kan vi forutseia kvar det er mest sannsynleg at den vil verta funnen.

- Og vi kan seia kva plantar hageeigarar i Tromsø bør unngå, fordi dei vil vera til skade om dei spreier seg i vill tilstand.

- Du veit med andre ord kvar haren hoppar?

- Eg kan i alle fall finna det ut.

Den nye bruken av GIS har vekt merksemd ikkje berre her heime, men òg utanlands.

Bakkestuen trekkjer fram eit prosjekt i England, der landskapsarkitektar brukte den same framgangsmåten for å samanlikna alternative løysingar for å sjå kva som ville gjera minst skade på miljøet.

Han meiner biologane sin bruk av GIS berre er i startgropa.

Ulike målestokkar

"- Det er eit stort potensial for bruk av GIS i biologifaget, seier Vegar Bakkestuen. (Foto: Per Aas, NHM)"

- Førebels baserer vi oss på data som opphavleg er samla inn for andre formål. Når vi vert i stand til å gjera observasjonar som er skreddarsydde for dette verktøyet, kjem vi eit godt stykke vidare på vegen til å utnytta potensialet som ligg her.

Som døme nevner han meteorologiske data, som brukar 1 km som målestokk.

- For vårt bruk skulle vi gjerne sett 100 m brukt som målestokk, slik at vi til dømes kan samanlikna nord- og vesthellingar. I nokre samanhengar ser vi på heile Noreg under eitt, medan i andre prosjekt kan målestokken vera heilt nede på ein enkelt mose.

Ei ulempe med GIS-verktøyet er at det ikkje er så lett å bruka. Bakkestuen tilrår derfor at biologistudentar vert introduserte for verktøyet tidleg i studiet. Til hausten skal han for fyrste gong gje undervisning i bruken til studentar.

Bakgrunn:

Bakkestuen forsvarte nyleg doktoravhandlinga si, som var sett saman av 12 artiklar knytt til ulike analyser og kartleggjingsprosjekt ved hjelp av verktøyet.

GIS as a tool for studying temporal and spatial patterns in Norwegian ecosystems across disciplines and scales - kunngjøring av disputasen.

Powered by Labrador CMS