- Barnehagelærarane har det store overblikket og skaper rammer for verksemda, medan assistentar i større grad gjer det dei blir sette til, seier Liv Ingrid Aske Håberg. (Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix)
Det usynlege arbeidet i barnehagen
Utdanningsnivået til personalet i barnehagen har mykje å seie for korleis barnehagekvardagen blir.
– Nok pedagogar er svært viktig for å få gjennomført og planlagt alt det usynlege arbeidet i barnehagen, seier Liv Ingrid Aske Håberg.
Håberg kjem i forskinga si fram til at hierarkiet i barnehagen ikkje er så flatt som det kan sjå ut når foreldra kjem for å hente ungane ein tysdag ettermiddag. Barnehagen blir ofte framstilt som ein organisasjon med flat struktur der barnehagelærarar og assistentar i stor grad utfører same type arbeidsoppgåver.
Doktorgraden til Håberg er no blitt til boka Kvardagslivets didaktikk i barnehagen. Ho fortel at som utanforståande kan ein kome inn i barnehagen, sjå personale i arbeid med praktiske oppgåver og med barna, og ikkje vite om det er ein barnehagelærar eller ein assistent ein observerer.
Men no viser det seg at det kan vere større ulikskap mellom barnehagelærarar og assistentar enn ein tidlegare har gått ut frå.
– Observasjon av det ytre, synlege arbeidet som personalet utfører, kan gi inntrykk av at barnehagen som organisasjon er antihierarkisk og prega av likskap og jamstilling.
Samlingsstund og femårsklubb
Håberg har undersøkt korleis barnehagelærarar og assistentar planlegg, gjennomfører og vurderer to typar aktivitetar leda av dei vaksne: samlingsstund og femårsklubb.
Ho har intervjua og observert fem assistentar og tre barnehagelærarar som arbeider i to ulike barnehagar.
Barnehagen er på linje med skulen ein pedagogisk institusjon med ansvar for at barna skal utvikle seg og lære. Pedagogisk arbeid er ein tredelt prosess i form av planlegging, gjennomføring og vurdering.
Planlegging er usynleg arbeid
– Planlegging er ei form for usynleg arbeid som må gjerast før ein aktivitet tek til, seier Håberg. Ho meiner det i dette arbeidet er stor ulikskap mellom assistentar og barnehagelærarar.
Årsplan og periodeplanar med temaarbeid blir av barnehagelærarane delt opp til konkret innhald som barna skal møte dag for dag. Til dømes legg ein av barnehagelærarane kvar veke fram bøker som skal lesast for barna, og songkort med songar som det skal øvast på i denne perioden.
Ein av assistentane i studien fortel at ho liker dette systemet.
Som ho seier:
«Barnehagelæraren lagar vekeplanen og legg opp opplegget og finn bøkene og sånn. Så det er jo veldig greitt og enkelt, ein får liksom det ferdige opplegget».
Barnehagelærarane har overblikket
I barnehagane som Håberg har studert, er det assistentane som har ansvar for å førebu seg til eit dagsaktuelt innhald som er planlagt av barnehagelærarar. Barnehagelærarar har ansvar for både organisatorisk planlegging og langvarig og dagsaktuell planlegging. Det betyr at barnehagelærarane har oppgåver som assistentane aldri har.
– Barnehagelærarane har det store overblikket og skaper rammer for verksemda, medan assistentar i større grad gjer det dei blir sette til, seier Håberg.
Håberg peikar på at planleggingsarbeid generelt er lite undersøkt i barnehageforsking sjølv om barnehagen som organisasjon er heilt avhengig av dette usynlege arbeidet.
Sjølve gjennomføringa
I det pedagogiske arbeidet er gjennomføringsfasen det observerbare arbeidet i barnehagen, der barn og personale er saman om leik, rutinesituasjonar og aktivitetar gjennom heile barnehagedagen.
Her finn Håberg på linje med andre undersøkingar stor grad av likskap mellom assistentar og barnehagelærarar.
– Innhaldet er likeins uavhengig av om det var assistent eller barnehagelærar som gjennomførte samlingsstund og femårsklubb, seier ho.
Vurdering i barnehagen
Eit anna usynleg arbeid i barnehagen er den såkalla vurderinga. Håberg har undersøkt refleksjon som vurderingsform og finn tydeleg ulikskap mellom korleis assistentar og barnehagelærarar reflekterer over arbeidet.
– Assistentane fortel at dei i stor grad er opptekne av si eiga gjennomføring og om barna sat stille og høyrde etter under aktiviteten.
Assistentane er også opptekne av om barna liker dei som personar, og dei ønsker å bli hugsa som positive personar frå barnehagetida. Som døme seier to av assistentane at dei håper at barna ikkje hugsar dei som «ho kjeftesmella» eller som «…ho strenge, sure, ho med alle desse reglane».
Assistentar formidlar eit personleg perspektiv
Barnehagelærarane er derimot ikkje så opptekne av at dei skulle bli likte som personar. Dei hadde meir fokus på kva barnehagen kunne gi barna av opplevingar, støtte og omsorg.
– Ei mogleg forklaring på dette kan vere at rolla som pedagogiske leiar føreset oversikt over det totale barnehagetilbodet til barna slik at det blir lagt til rette for å utvikle institusjonelle perspektiv. Refleksjonsnivå kan og ha med utdanninga dei pedagogiske leiarane har teke å gjere, seier Håberg.
– Dette er ein type arbeid som er usynleg, men som har store konsekvensar for trivsel, læring og utvikling for barna i barnehagen, legg ho til.
Taus kunnskap?
Håberg hevdar at det omfattande usynlege arbeidet som barnehagelærarane gjennomfører, kan utgjere ei form for taus kunnskap på barnehagefeltet.
– Ved at barnehageforsking i liten grad har vore konsentrert om arbeidet til assistentane og samanlikning mellom yrkesgruppene, har det unike ved barnehagelærarane sitt opplærande arbeid i liten grad kome fram, seier ho.
Håberg saknar studiar med andre typar tematikk som kan følgje opp tendensar om ulikskap i arbeidsoppgåver mellom assistentar og barnehagelærarar.
– Eg finn fleire studiar som tek for seg tematikken når det gjeld barn med særskilte behov. Til dømes viser ein studie at barnehagelærarar i større grad enn assistentar er involverte i spesialpedagogiske tiltak, i foreldresamtalar og i å ta opp vanskelege og kjenslevare tema med foreldre. Vi treng meir forsking som går direkte på ulikskap i arbeidsoppgåver mellom barnehagepersonell, seier Håberg.
Referanse:
Liv Ingrid Aske Håberg: Kvardagslivets didaktikk i barnehagen, Universitetsforlaget, 2016.