Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

I gjennomsnitt var risikoen for psykisk sjukdom dobbelt så stor i denne gruppa som blant barn som ikkje hadde opplevd eit slikt tap.

Barn som mistar foreldre brått, er ekstra utsette for psykisk sjukdom

Dei må få ei betre oppfølging enn i dag, meiner forskar.

– Dei er ekstra sårbare på ei rekkje felt, seier forskar Lisa Victoria Burrell.

Hennar siste studie handlar om barns risiko for psykisk sjukdom, åtferds- og utviklingsvanskar. Her tydar resultata på at barn som mistar mor eller far i sjølvmord, drap eller ulykke, har større risiko for psykiske utfordringar, særleg åtferds- eller utviklingsvanskar og rusproblem.

Forsker Lisa Victoria Burrell disputerer 15. desember med ein doktorgrad ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

Burrell har tidlegare fortalt om den auka risikoen for at desse barna ikkje fullfører vidaregåande skule, samt auken i risiko for sjølvskading eller sjølvmordsforsøk.

Opptil tre gonger så høg risiko

– I den siste studien fann vi at så godt som alle psykiske lidingar var meir vanlege i denne gruppa. Risikoen for ein del utviklingsforstyrringar og åtferdsforstyrringar i barndommen, som lærevanskar og ADHD, var nesten tre gonger høgare enn blant barn som ikkje hadde opplevd eit slikt tap, seier ho.

Også rusbrukslidingar – som inntreff seinare i livet – var det tredobbel risiko for.

Alle problema nemnt over, er klassifiserte som psykisk sjukdom. Forskarane såg også på ei rekke andre psykiske sjukdomar, som depresjonslidingar, angstlidingar, psykotiske lidingar og bipolar liding.

Første breie norske studie

I gjennomsnitt var risikoen for psykisk sjukdom dobbelt så stor i denne gruppa som blant barn som ikkje hadde opplevd eit slikt tap. Burrell understrekar at resultata gjeld på gruppenivå og at dei ikkje kan seie noko om kvart enkelt tilfelle.

– Tidlegare internasjonale studiar har tyda på at eit brått tap av ein forelder kan auke risikoen for visse typar psykiske lidingar, men mange lidingar har ikkje blitt undersøkte. I Noreg har ein heller aldri før sett på dette i såpass stor skala, seier Burrell.

Andre studiar som har blitt gjort på feltet i Noreg, har tatt føre seg eit mindre utval av psykiske lidingar.

Stort utval

Datagrunnlaget var rundt 650.000 norske personar som vart fødde mellom 1970 og 2012.

– Ved å bruke data frå ei så stor gruppe unngår vi ein del feilkjelder, som andre studiar kan lide av. Til dømes er risikoen for eit skeivt utval liten, seier Burrell.

Samtidig kan andre typar studiar ha andre fordelar, understrekar ho.

Den einaste typen psykisk sjukdom forskarane ikkje fann nokon auka risiko for, var eteforstyrringar. Burrell er usikker på om dette har statistiske årsaker eller om det er eit reelt fenomen.

– Det er ingen som har undersøkt risikoen for eteforstyrringar i denne gruppa før, så det er vanskeleg å seie.

Treng betre oppfølging

Burrell meiner at resultata har ein tydeleg implikasjon:

– Vi må vere obs på denne problematikken. Dei barna som mistar foreldra sine brått i ulykke, drap eller sjølvmord, må bli følgde opp. Vi må i større grad hindre at dei utviklar psykiske problem, og vi må tilby hjelp når det skjer. Folk er ulike og vil trenge ulik grad av støtte og oppfølging.

Også naturlege dødsfall kan vere plutselege, legg ho til, men det er oftare tilfelle ved ytre dødsårsaker.

– Det er vondt å miste ein forelder, og når ei hending skjer plutseleg, kan belastninga på dei etterlatne bli enda større. Da opplevast dødsfallet nemleg oftare som eit traume.

Ekstra risiko ved sjølvmord

Burrell meiner at dei som jobbar med barn og unge, bør vere særleg merksame.

– Også i helsevesenet bør ein hugse å spørje om tidlegare tapsopplevingar, slik at den som har problem, får rett diagnose.

Ho understrekar at risikoen er ekstra stor viss foreldre døyr i sjølvmord.

– Ved sjølvmord blir det ofte ein del tilleggsproblem. I førekant kan barna oppleve at ei psykisk liding hos forelderen skaper usikkerheit og ustabilitet. I etterkant kan alt dei trudde dei visste, bli snudd opp ned på. Mange grublar mykje på det som har hendt og spør seg om dei kunne hindra det, seier Burrell.

Burrell disputerer 15. desember med ein doktorgrad ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

NSSF er ikke et krisesenter, men formidler krisehjelp-informasjon.

Referanse:

Lisa Victoria Burrell mfl.: Parental death by external causes during childhood and risk og psychiatric disorders in bereaved offspring. Child and Adolescent Mental Health, 2021. Doi.org/10.1111/camh.12470

Powered by Labrador CMS