Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Støtte frå familie og venner er viktig. Men det trengst også ei tidleg, langvarig og omfattande oppfølging av alle som brått mistar nære familiemedlemmer, meiner Lisa Burrell.

Barn som mistar ein forelder brått i ulykke, drap eller sjølvmord, har høgare risiko for problem seinare i livet

– Desse barna treng meir enn berre ei opa dør, seier forskar Lisa Victoria Burrell.

Lisa Victoria Burrell har gjort den første store nasjonale undersøkinga av korleis barn blir påverka av å miste ein forelder brått av ei ytre dødsårsak, altså ulykke, drap eller sjølvmord.

– Barn blir ofte kalla dei gløymde etterlatne, fordi dei kan ha problem med å uttrykke sorga si og fordi dei får manglande oppfølging og hjelp, seier Burrell.

– Det er vanleg å oppleve posttraumatisk stress eller komplisert sorg etter sjølvmord, seier forskar Lisa Victoria Burrell.

Droppar ut av skulen

Ho har undersøkt korleis eit slikt tap før fylte 18 år kan påverke skulegang, risikoen for psykiske lidingar og for sjølvskading eller sjølvmordsforsøk seinare i livet. Dette er blant resultata:

  • 43 prosent av dei etterlatne barna fullfører ikkje vidaregåande skule, mot 33 prosent av dei som ikkje har opplevd eit slikt tap.
  • Risikoen for sjølvskading eller sjølvmordsforsøk med sjukehusbehandling som følge er rundt dobbelt så høg blant barn som har mista ein forelder i sjølvmord. Det same gjeld dei som har mista ein forelder i ei fall- eller forgiftingsulykke. Blant barn som har mista ein forelder i ei trafikkulykke, ser Burrell ingen merkbar auke på dette punktet.

– Fall- eller forgiftingsulykker, som overdosar, er oftare kopla til tidlegare psykisk sjukdom hos den avdøde. Både genetikk og vanskelege oppvekstvilkår kan tenkast å auke risikoen hos dei etterlatne, forklarer Burrell.

Ho understrekar at resultata gjeld på gruppenivå og at dei ikkje kan ikkje seie noko om kvart enkelt tilfelle.

Uventa og traumatisk

Burrell tar utgangspunkt i store nasjonale register: Folkeregisteret, FD Trygd, Dødsårsakregisteret og Norsk pasientregister. Kvar av dei fire studiane i doktoravhandlinga hennar omfattar over 200 000 menneske, altså eit stort nok tal til å kunne studere fenomen som trass alt er forholdsvis sjeldne.

Studiane peikar i same retning: Viss foreldre rammast av drap, ulykker eller sjølvmord ser det ut til å påføre barn ei belastning seinare i livet.

– Det er vondt å miste ein forelder, og når ei hending skjer plutseleg, kan belastninga på dei etterlatne bli enda større. Da opplevast dødsfallet nemleg oftare som eit traume, seier Burrell.

Ho legg til at også naturlege dødsfall kan vere plutselege, men at det oftare er tilfelle ved ytre dødsårsaker.

Ei tiltenkt handling

I tillegg skuldast desse dødsfalla ein ytre skade som kan vere dramatisk.

– Dette kan føre til ein del tankar om korleis det hende. For eksempel kan ein spørje seg om personen som døydde hadde det vondt.

Sjølvmord og drap er dessutan resultat av ei tiltenkt handling. Også dette tilfører eit aspekt som gjer at tapet kan opplevast meir traumatisk, ifølgje Burrell.

– Det er derfor vanlegare å oppleve posttraumatisk stress eller komplisert sorg, særleg etter sjølvmord, seier ho.

Kari Dyregrov er sosiolog og forskar ved Høgskulen på Vestlandet

Komplisert sorg er ei intens og langvarig form for sorg som ikkje blir betre med tida. Livskvalitet og funksjonsnivå blir redusert i stor grad.

Spesiell sorg etter sjølvmord

Burrell skildrar sorga etter eit sjølvmord som spesiell, også fordi dei etterlatne ofte tenkjer på årsakene til at personen ønska å døy, om dei kunne sagt eller gjort noko for å hindre det og kvifor dei ikkje oppdaga det.

– Dessutan er sjølvmord framleis forbunde med tabu, stigmatisering og meir sosial isolering blant etterlatne. Det kan vere vanskeleg å oppleve god støtte, seier ho.

Kari Dyregrov, sosiolog og forskar ved Høgskulen på Vestlandet, har forska mykje på etterlatne. Ho er samd i at sorga etter brå dødsfall med ytre dødsårsaker skil seg ut. Stigmatisering, og også skam og skyld, kan følgje med både sjølvmord, mord og narkotikarelatert død, påpeikar ho.

Meir generelt kan brå dødsfall gje ei oppleving av at alt ein tar for gitt, på ein blunk blir snudd opp ned.

– Dette kan føre til eksistensiell utryggleik, altså ein tanke om at «når dette kan skje, kan alt skje». Etterlatne kan også oppleve traumereaksjonar, i tillegg til at dei sørgjer over tapet av ein kjær person.

Lett å skulde på seg sjølv

Barn og unge kan oppleve dette ekstra sterkt, ifølgje Dyregrov.

– Dei har færre knaggar å henge ting på enn folk som har levd ei stund. Etter eit sjølvmord er det til dømes mange som ikkje greier å forstå kvifor far eller mor har tatt livet sitt. Det er så fort gjort å tenke at det må vere noko du sjølv har gjort, eller at mor eller far ikkje kan ha vore særleg glad i deg.

Unge kan dessutan mangle gode meistringsstrategiar.

– Ettersom vi blir eldre, har dei fleste av oss litt fleire erfaringar. Då kan vi også få meir sjølvtillit på at vi kan klare å kome gjennom vanskelege ting.

Konsentrasjonsvanskar

Dyregrov er ikkje i tvil om at brå dødsfall hos ein forelder kan gå ut over skulearbeid og utdanning. Unge ho har intervjua, har sjølv vore svært opptekne av dette.

– Sorg og traumatiske sorgreaksjonar kan gje mangel på konsentrasjon. Dette gjeld ikkje minst ved sjølvmord, der mange grublar over kvifor det hende.

I forskinga si har ho sett at mange opplever sinne, angst og frykt etter sjølvmord. Ofte er sinnet retta mot den forelderen som tok livet sitt.

– Ein del opplever dessutan at unge på same alder bryr seg om ubetydelege ting. Kanskje trekkjer dei seg unna skulenettverket, eller dei blir risikosøkjande og aukar alkoholforbruket.

Treng langvarig oppfølging

Tidlegare studiar frå Dyregrov tyder på at tilbodet til etterlatne varierer, avhengig av kvar du bur. Ofte er det verken langvarig eller proaktivt nok. Ho påpeikar at Helsedirektoratet legg opp til ei oppfølging i vegleiaren «Mestring, samhørighet og håp. Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer», men at det likevel er eit stykke å gå.

– Med denne vegleiaren ligg Noreg langt framme globalt sett. Men praksis kan bli enda betre. Kommunane bør lage gode system for å fange opp nære familiemedlemmer etter brå dødsfall, og dei bør følgje opp desse etter prinsippa i vegleiaren, seier Dyregrov.

Ho og Burrell er samde i at det trengst ei tidleg, langvarig og omfattande oppfølging av alle som mistar nære familiemedlemmer i ulykke, drap eller sjølvmord og særleg barn og unge.

– Skulesystemet bør kunne fange opp dei som treng auka oppfølging og vise dei vidare til helsetenestene, der dei kan få meir hjelp, seier Burrell.

Dei som jobbar med barn og unge, må også kjenne til pårørandeorganisasjonar og etterlatne-organisasjonen LEVE og aktivt gje ut informasjon om desse, legg ho til.

Referansar:

Lisa Victoria Burrell mfl.: Parental death by external causes and risk of hospital-treated deliberate self-harm in bereaved offspring. European Child & Adolecent Psychiatry, 2020. Doi.org/10.1007/s00787-020-01534-3

Lisa Victoria Burrell mfl.: Educational attainment in offspring bereaved by sudden parental death from external causes: a national cohort study from birth and throughout adulthood. Soc Psychiatry Psychiatr Epidemiol, 2020. Doi.org/10.1007/s00127-020-01846-4

Powered by Labrador CMS