Denne artikkelen er produsert og finansiert av NMBU - Norges miljø- og biovitenskapelige universitet - les mer.

Når det ikkje finst noko klart ja- eller nei-svar, blir det vanskeleg for elevane, viser forskinga til Ingrid Eikeland.

Unge slit når det ikkje finst fasit

Tenåringar er flinke til å diskutere seg fram til ei løysing, men slit når dei finn ut at dei kanskje ikkje har rett. – Det overraska oss, seier forskar.

Ho sette tenåringane til å diskutere eit dagsaktuelt problem. Da dei hadde diskutert seg fram til ei løysing på problemet, vart dei møtt med eit motargument. Mange reagerte med å bli utrygge og forvirra.

– Det illustrerer at ja, det finst mange løysingar, men alle har konsekvensar. Når det ikkje er noko klart ja- eller nei-svar, blir fleire redde og mister håpet, fortel forskar Ingrid Eikeland.

Dagsaktuelt og problematiske diskusjonar

Ho prosjektkoordinator for Universitetsskoleprosjektet, der lærarutdanninga ved NMBU samarbeider med fire vidaregåande skular.

No har ho teke doktorgraden på å formidle kontroversar i vitensenter. Det gjorde ho i samarbeid med ei gruppe formidlarar på eit vitensenter, med å laga eit heilt konkret skuleprogram der elevane skulle diskutere bakterieresistens.

Eit vitensenter er eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter.

– Det skulle vera eit tema som var dagsaktuelt og problematisk, forklarer ho.

Dermed måtte elevane diskutere seg fram til ei løysing. Korleis kan vi unngå at vi får problem med bakteriar som antibiotika ikkje verkar på?

Det finst ikkje nokon fasit. Men elevane vart samde om kva dei meinte var det riktige svaret.

Elevane blei redde og forvirra

Det kunne til dømes vera «vi bør reise mindre». Da dei la fram svaret sitt, vart dei møtt med motargument.

– Det illustrerer at dagsaktuelle tema er komplekse. Ofte er det uklart kva som er den beste løysinga, seier Ingrid Eikeland.

Sjølve diskusjonane gjekk bra. Alle kunne vera med på å diskutere og ta val. Da motargumenta kom, derimot, var det verre.

– Fleire av elevane vart redde og forvirra. Det verka som dei ikkje var førebudde på at det ikkje var svar som var heilt rette eller heilt gale. Dei hadde vore veldig engasjerte i diskusjonen og komme til at «jo, men for å redde verda, skal eg reise mindre», fortel ho.

Eikeland fortel vidare at elevane følte veldig på krafta til å påverke. Men med ein gong dei fekk eit motargument, gjekk dei rett inn i håpløysa att og tenkte «nå kjem vi til å døy same kva vi gjer» og at «bidraget vårt er ikkje relevant».

Ikkje alt har ein fasit

Eigentleg skal eit vitensenter vera ein stad som speler på dei positive kjenslene og syner elevane kor lette realfaga kan vera berre dei får prøve seg i praksis.

– Det å introdusere slike tema som er problematiske, og ikkje har fasitsvar, bryt med identiteten til vitensentera, innrømmer Eikeland.

Ho hadde venta at formidlarane på vitensenteret skulle vera skeptiske.

– Så var dei veldig engasjerte og hadde lyst til å dra formidlinga enda lenger og spele enda meir på kjenslene til elevane, fortel ho.

Ho sit att med mykje kunnskap om korleis du skal sjå på løysingar og skapa håp, men òg handtere det som vitskapen er meir usikker på og setja spørjeteikn ved det som ikkje er sikker kunnskap.

– Så får vi litt forståing av kompleksiteten i eit slikt bilete og korleis det å sjå samanhengar er viktig kompetanse. Kva om du vel ikkje å ta antibiotika om du blir sjuk – og så får du ein alvorlegare sjukdom som ein konsekvens? Da må du ta enda meir antibiotika seinare. Du trur du gjer ei god gjerning, så kan det hende at du ikkje gjer det, skildrar Eikeland.

Meir form enn samanheng

Ho fortel korleis kompetansemåla i skulen legg meir vekt på at elevane skal lære om til dømes oppbygginga og formeiringa til bakteriane. Om dei er runde eller stavforma og kva det heiter når dei heng saman i rekker.

Konsekvensane er det mindre fokus på – kva som skjer med helsa di om du blir smitta av e. coli-bakteriar.

I skuleprogrammet, derimot, la Eikeland mindre vekt på at elevane skulle lære mykje fakta om bakteriar og bakterieresistens, men meir på å sjå samanhengar.

– Det var òg tilbakemeldingane frå lærarane som hadde klasser inne i prosjektet. Dei syntest det var eit fint opplegg, men skulle gjerne sett at det var meir fagleg tungt. Det handlar vel litt om korleis kompetansemåla er bygd opp, med at dei skal lære seg ulike former for bakteriar. Det eg tenkjer at kan mangle i undervisninga, er konteksten på det elevane lærer, seier Ingrid Eikeland.

Skulen er på veg

Avdelingsdirektør Hedda Huse i Utdanningsdirektoratet fortel at skulen allereie er på veg i den retninga som Ingrid Eikeland etterlyser.

– Det er kjempespanande at denne saka kom opp. Dette er eit veldig aktuelt tema i dei nye læreplanane som kom i haust, fortel ho.

– Intensjonen der er nettopp å løfte fram kritisk tenking og den aktive eleven som jobbar med å utforske og forstå samanhengar i faga og i eiga læring. Vi ønskjer at elevane skal forstå at dei kan komma fram til ulike svar og utvikle den typen kompetanse i enda større grad enn tidlegare, seier Huse.

Ho peiker på at dette er kompetanse dei treng i arbeidslivet og i eige liv.

Mange arbeider mykje med dette i undervisninga allereie. For andre er det eit område å arbeide meir med. Sjølv om skulen innfører nye læreplanar, kjem nok ikkje praksisen til å endre seg over natta.

– Men dette er eit eksempel på noko som den profesjonelle læraren må handtere. Både å ta opp tema som det ikkje finst berre eitt svar på og å skapa tryggleik hos elevane, slår Hedda Huse fast.

Referansar:

Ingrid Eikeland og Merethe Frøyland: Pedagogical considerations when educators and researchers design a controversy-based educational programme in a science centre. Nordina, 2020. Samandrag. Doi: 10.5617/nordina.7001

Ingrid Eikeland og Dagny Stuedahl: Co-designing a controversy-based educational program in a science centre. I boka Addressing Wicked Problems through Science Education: The role of out-of-school experiences redigert av Achiam mfl. Kjem ut på Springer forlag i 2021.

Vitensenter

Eit vitensenter er eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi der barn og vaksne kan lære ved å eksperimentere sjølv.

Kvart år er nesten 900 000 innom vitensentera. 230 000 av dei er elevar som kjem i skuletida.

Doktorgraden til Ingrid Eikeland er knytt til forskingsprosjektet UtVite – Utforsk Vitensentre – som Statoil tok initiativet til i 2011.

Powered by Labrador CMS