Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Sprint – på Aspire Academy i Doha, Qatar. Her som elles får mange av utøvarane skadar, men mange av desse kan unngås om ein er meir merksam, viser studiane Wik har gjennomført.

Mange idrettsskadar hos tenåringar blir oversett av trenarar

Kroppen veks ulikt. Derfor må treninga bli tilpassa meir etter vekst og modning enn ein gjer i dag.

Du har sikkert sett det sjølv: Ungdom skyt i vêret til ulik tid og med ulikt tempo. Nokre blir raskt muskuløse, andre brått høge og spinkle. Jenter modnast lenge før gutane.

Kva nå om ulike delar av kroppen modnast i ulik takt medan ungdom veks til? Da vil dei delane av kroppen som er det svakaste ledd, også variere over tid.

– Det må trenarar ta omsyn til det. Men samstundes må dei veta kva for skadar som er mest utbreidde og alvorlege. Her kan mykje bli betre, seier Eirik Halvorsen Wik.

Eirik Halvorsen Wik er stipendiat ved Senter for idrettsskadeforskning og Institutt for idrettsmedisin på NIH, men arbeider til dagleg ved eliteskulen Aspire Academy i Doha, Qatar.

Risikable fasar

Han har studert korleis ulike skadar kan koplast til ulike risikofaktorar og ulike fasar av kroppsleg vekst og modning hos ungdom.

Med så ulik kroppsleg modning innanfor ei gruppe bør ein ikkje einast leggje vekt på alder når ein set opp eit lag og eller treningsgruppe.

Eitt mål med arbeidet til Wik har vore å svare på om risiko for skade har samanheng med vekst og modning. Mykje tyder på det. Eitt av funna er også at skjelettskadar, ein av de mest alvorlege skadetypane, blir underrapporterte.

Har oversett skjelettskadar

Dei siste fire åra har Wik budd i Qatar sin hovudstad Doha, tilknytta Aspire Academy, ein nasjonal eliteskole for idrettstalent i alderen 12–18 år.

Der har han studert idrettsskadar hos fotball- og friidrettsutøvarar, spesialisert innan sprint, langdistanseløp, kast og hopp. Alle ungdomane har fysioterapeut tilgjengeleg heile tida. Såleis har det vore mogleg å registrere alt av små og store skadar.

Hovudmålet for Senter for idrettsskadeforskning, som Wik er tilknytta i Noreg, er å førebyggje skadar. Før tiltak må ein veta mest mogleg om skadebiletet. Når skade i emning er oppdaga, kan ein setje inn skadereduserande tiltak. Det kan sikre betre progresjon for utøvaren.

Dette er viktig for eigen framdrift, for å hindre langvarige plager og kanskje også for om han eller ho held fram i idretten eller ikkje. Også for laget er dette viktig.

Her har ikkje Wik berre sett på kor ofte ein skade skjer, men også på kor alvorleg han er.

– Vi fann at særleg skjelettskadar vert oversett. Dei skjer sjeldnare, så dei forsvinn i statistikken, men dei er alvorlege for utøvaren. Om ein ser på total skadetid, er slike skadar meir alvorlege enn det som har vore kjent. Relativt sett er dei eit større problem i friidrett enn i fotball.

Ulike vekstsonar er særskilt utsette for skadar medan ein veks til. Senefestet for den store lårmuskelen øvst foran på leggbeinet er ein slik plass.

Svakaste ledd skiftar

Skjelettskadar er her ikkje berre beinbrot, som er vanlegast hos vaksne, men også belastningsskadar og skadar i brusken i vekstområda i knoklane. Slike skadar finn ein ofte inn mot leddkula der brusken hardnar til bein først etter kvart.

Til forskjell frå brot vil slike skadar som oftast einast gje smerte. Utøvaren kan halde fram.

– For å avgrense skadane må ein ta smertene på alvor. Ein må også vita kor slike skadar kjem. Dette er aldersavhengig, påpeiker Wik.

Hælen er mest utsett i 10–12/13-årsalderen, kneet i 12–15-årsalderen, medan andre att ikkje har fullt modna skjelett i hofte og bekken før i 20-årsalderen. Dette gjeld gutar. For jenter skjer utviklinga tidlegare.

– Men kva som er svakaste ledd til kvar ein tid i utviklinga er såleis også individuelt?

– Ja, så visst, fordi dei nemnde strukturane utviklar seg til så ulik tid hos ulike personar.

Langdistanseøkt – ungdom frå Aspire Academy i Doha.

Trenaren kan logge modning

Dette skiftande skademønsteret må trenaren ta omsyn til, meiner Wik. Men berre ein veit om farane, treng det ikkje vere så vanskeleg.

– Ein kan ta i bruk ein vekst- eller modningslogg, notere høgda på kvar einskild utøvar til dømes 3–4 gongar i året. Når puberteten tek av, bør ein vere meir forsiktig med øvingar som er spesielt harde for hælen, så knea, så hofta, seier han.

– Samstundes må ein vere varsam med bråe skifte i treningsbelastninga. Dei som er seint utvikla, kan vere spesielt utsette i så måte. Krav til trening og konkurranse aukar gjerne før dei er modne til å ta belastninga.

Enda meir nøye kan ein fylgje utviklinga hos ein ungdom om ein måler såkalla beinalder, men det krev meir avansert utstyr.

– Samstundes vil det nok vere viktig at trenaren forklarar foreldra kvifor han tilpassar treninga slik han gjer, seier Wik.

– Men det kan vel vere vanskeleg? Ein vil så gjerne vere best til kvar tid?

– Ein må forklare kvifor det er viktig å tilpasse. Får dei gjennomført individuell tilpassing, er det vinnvinn for alle.

Trenere og fysioterapeuter på Aspire Academy i Doha. Eirik Halvorsen Wik til høyre.

Motiverande å trene på sitt eige nivå

Å følgje med på modninga er avgjerande for å halde utøvarane i idretten. Årsaka er at ungdom veks til, til så ulik tid. Ein tidleg utvikla 13-åring kan fysisk vere som ein middels 15-åring, som igjen kan likne ein «late bloomer» på 17.

– Kvar einskild burde få spele eller trene med andre på sitt eige nivå, uavhengig av alder, i alle fall innimellom. Det kan vere motiverande både for tidleg og seint utvikla ungdom fordi dei då får bryne seg på og vist seg for jamsterke, meiner Wik.

Det gjeld fysiske utfordringar og teknisk dugleik.

– I nokre idrettar, som kampsporten judo, bruker dei jo òg vektklassar innan breie aldersgrupper, fortel forskaren.

Men han understrekar at slik sjonglering må gjerast nennsamt.

– Her òg må trenaren forklare skikkeleg kvifor han eller ho gjer det.

Wik understrekar at dette er tankar han har gjort seg i arbeidet. Dei kan godt syne seg vanskeleg i praksis, til dømes av sosiale årsaker ein må erfare over tid.

Eirik Halvorsen Wik på trening i meir heimlege traktar, med ungdomane i Vålerenga Galaxy. Riktig oppvarming og betydninga det har for å unngå skadar sto på programmet.

Det gjeld å tøyle riktig

I tillegg til trinnvis modning og skaderisikoen som flyttar seg over tid, syner studiane i Doha at skadar skjer oftare med aukande alder.

– Når ein blir eldre, blir ein også tyngre, sterkare, ein trener og konkurrerer meir, og belastninga, intensiteten og krafta aukar. Vi har teke omsyn til treningstid, men ikkje målt alt.

Meir opplagt er det kanskje at type skade følgjer type idrett. Også i Qatar får sprintarane oftast muskelskadar, kastarane får skadar i menisk og ulike musklar i overkroppen, langdistanseløparane plagast oftast av beinhinnebetennelsar medan hopparane oftast får trøyttheitsbrot.

– Men også her speler alder og modning inn. Det gjeld å tøyle hesten riktig til riktig tid, seier Eirik Halvorsen Wik.

Registreringa haltar

Da Wik sette saman tala frå fysioterapeutane i Doha, oppdaga han at dei sprikte kraftig når man tok med alle skadar som medførte undersøking av fysioterapeut eller lege. Òg andre undersøkingar kan lide under same svakheit, åtvarar han. Som desse:

  • Nøyaktig registrering av kva og korleis utøvarar skadar seg, er avgjerande for å kunne førebyggje nettopp skadar.
  • Dei ulike fysioterapeutane rapporterte veldig ulikt – fordi dei brukte ein såkalla brei skadedefinisjon. Den ivrigaste noterte nesten ni gonger fleire skadar som ikkje påverka deltaking, enn dei minst motiverte gjorde. Det gjorde tala ubrukelege. Metodologisk er dette eit svært viktig funn i Doha-studien.
  • Registreringa av alvorlegare skadar var heldigvis mykje betre. Der kunne fysioterapeutane bruke ein «smalare» skadedefinisjon: Når ein skade påverka deltaking, registrerte alle det same.

Skjelettskadar

Nokre døme på skadar som kan oppstå før skjelettet er ferdig utvikla, medan ein ungdom framleis veks:

  • Slatters (Osgood-Schlatters sykdom) er ein irritasjon som kan oppstå i senefestet øvst på leggbeinet, der sena frå lårmuskelen via kneskåla er festa.
  • Severs sjukdom (ein såkalla apofysitt) er ein irritasjon i festet for akillessena bakpå hælen. Sena er festa i brusk og bein i sjølve vekstsonen på hælen.
  • Apofysitt eller irritasjon i det øvre festet for den rette lårmuskelen (hovudmuskelen foran på låret) inn mot hoftebeinet.

Referanse:

Eirik Halvorsen Wik: Injuries in elite male youth football and athletics - Growth and maturation as potential risk factors. Doktorgradsavhandling ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH, 2021. (Nettside på NIH om avhandlingen)

Powered by Labrador CMS