I åra framover vil det verta fleire eldre. Det forventes at eldre over 80 år vil fordobla seg fram til 2040. Med ein aldrande befolkning vil utgiftene til langtidspleie auka.
Mange eldre får behov for pleie og omsorgstenester frå det offentlege. Hjelp gis i form av heimehjelp, opphald på alders og -sjukeheim eller som opphald på omsorgsbustad mot eigenbetaling. Dei fleste eldre klarer seg likevel sjølv ofte med god hjelp frå pårørande.
Ved sjukdom kan det vera naudsynt med langtidspleie og tilsyn av helsepersonell, den eldre må på sjukeheim. Dette er kostbart for det offentlege og det er færre plasser enn det er behov. Mange eldre og pårørande kan dermed oppleva at dei får avslag når dei treng det.
Universell versus lokal
Mykje av dette skuldast at modellen for langtidspleie er eit kompromiss mellom velferdsstatens universalitetsprinsipp med like goder for alle og lokal autonomi med lokale tilpassingar i tilbodet.
– Det kommunale nivået er med å bestemma kva tilbod og omfang den eldre får, og om han/ho skal på institusjon eller ikkje. Lokale tilpassingar finn ein i brukarbetaling og i tilbodet, seier Tor Iversen.
Han er ein av forfattarane bak rapporten ”Scandinavian long-term care financing” der forskarar har samanlikna langtidspleie i Sverige, Norge og Danmark. Desse landa er like når det gjeld økonomiske tradisjonar, eit sterkt lokal autonomi, og at velferdsordningane gjeld for alle, uansett kjønn, inntekt, demografi og andre forhold.
Det er det kommunale nivået som har ansvar for å tilby og finansiera langtidspleie i både Sverige, Danmark og Norge. Tilbodet vert finansiert frå skatt og statlege overføringar.
Det nasjonale nivået er på si side ansvarleg for kontroll og lovgiving, samt økonomiske rammer for helse- og sosialtenester inkludert alderspleie.
Brukarbetaling for offentlege tenester
Det er innført brukarbetaling i aldersomsorga i dei tre landa. Brukarbetaling betyr at ein person betaler for bruk av ei offentleg teneste. Brukarbetalinga varierer etter kva tenester som vert ytt og kan også avhenga av kva inntekt brukaren har.
– Lokal fastsetting av brukarbetalingar fører til lokale variasjonar som ikkje er foreneleg med norma om at det skal vera like betingelsar for alle som bruker offentlege tenester, påpeiker Iversen.
I Sverige skulle kommunane sjølv designe ordninga for brukarbetaling, med nokre generelle prinsipp i botn; brukarbetalinga må ikkje overstiga produksjonskostnadene, den skal vera rettferdig og ikkje for dyr. I Norge kviler brukarbetalinga på same prinsipp.
I Danmark er skiljet mellom pleie på institusjon og pleie heima bygd ned, i og med at det er mulig å yte 24 timars hjelp i heimen. Kommunen bestemmer om ein person skal på institusjon eller vera heima. Varig heimepleie er gratis.
I Norge er det brukarbetaling for heimetenester og institusjonstenester. Kommunane har anledning til å krevje inntektsavhengig brukarbetaling for institusjonstenester, mens for heimetenester er brukarbetalinga i større grad avhengig av tenesta som vert ytt.
Forskarane påpeikar at dette kan gje uheldige insentiv ved at tenestetilbodet kan verta vridd mot dei tenestene som gir høgast gebyrinntekt, altså at kommunen kan verta freista til å tilby tenester til dei brukarane som betalar mest
Variasjon i tilbod
Forskarane kan også påvise at det er stor variasjon i volum og tilbod av eldretenester alt etter kva region den eldre er busett i dei tre landa. Sjølv om langtidssjukepleie er tilgjengeleg i regionen, er omfang, kva tenester som omfattast, og kvalitet på tenesta, ikkje likt i regionane i dei tre landa.
Annonse
Den lokale variasjonen i tilbodet kan opplevast urettferdig av dei eldre og deira pårørande.
– Store skilnadar i omfang, kvalitet, og brukarval kan vera ein utfordring for folks oppslutning om velferdsstaten, fordi den bryt med nedfelte prinsipp om at ytingane skal gjelde for alle, meiner Iversen.
Referanse:
Karlsson, Iversen, Øien: Scandinavian long-term care financing, utgjeven av Helseøkonomisk forskingsprogram ved Universitetet i Oslo, skriftserie 2010:2.