Mobbetala held seg nede

Skular som har vore med i mobbeprogrammet Zero, klarer å halde mobbetala nede også etter programperioden.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- I den siste målinga ser vi at den reduksjonen i mobbing som skulane oppnådde i løpet av programmet, held seg etter at programperioden er ferdig.

- Det er gledeleg, for ofte aukar mobbinga igjen etter at eit program er avslutta, seier Unni Vere Midthassel, prosjektleiar for Zero og assisterande senterleiar ved Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

72 skular

I målinga har forskarane følgt 72 barne- og ungdomsskular i to år etter programslutt.

- Her var reduksjonen på 20 prosent for dei som mobba og dei som blei mobba kvar veke eller oftare. Det er noko forskjell mellom skulane, men alt i alt er det ei positiv utvikling som held seg, seier Midthassel.

I Zero-programmet får skulane kunnskap om korleis dei skal avdekke mobbing, løyse mobbesaker, førebu mobbing og gjere innsatsen mot mobbing til ein del av skulens kontinuerlege arbeid.

Nulltoleranse og aktivt arbeid for eit miljø fritt for mobbing er eit sentralt mål i Zero.

Skulane som deltek i Zero får fagleg oppføljing i eitt år. Skulane er organisert i grupper på tre til fem samarbeidande skular. Til saman har meir enn 330 skular i Noreg vore med i Zero sidan 2003.

Powered by Labrador CMS