Korleis lagar du ein god eksamen? Ein ekspert ved Universitetet i Oslo har fleire tips. Her er eit døme på fleirvalsoppgåve. (Skjermdump av nasjonal fagprøve)

Slik er den gode eksamensoppgåva i medisin

Dei tar utgangspunkt i verkelege situasjonar og i breidda i det studentane skal ha lært.

På Medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo, finn vi noko som så langt er eit sjeldsyn her til lands. Der har dei nemleg ein eigen psykometrikar – ein spesialist på metodar for å måle til dømes ferdigheiter, evner og kunnskapar – som arbeider med å gjera eksamensoppgåvene betre.

Spesialisten heiter Stefan Schauber, er fyrsteamanuensis ved Helsevitskapleg utdanningssenter (HUS), og fortel gjerne om korleis ein lagar dei gode oppgåvene:

Det grunnleggjande med ein medisinsk eksamen er å dokumentera at studenten kan det som vi vil at ho eller han skal kunna når dei skal ut i samfunnet.

Dei fleste av oss kjenner avgangseksamen i norsk frå vidaregåande skule, der eleven skal skriva ei lengre oppgåve om eit avgrensa tema innan det ein har lært. Det passar ikkje for medisinutdanninga, meiner Schauber.

– Prinsippa for medisinsk eksamen vil ofte la seg overføra til andre fagområde, meiner Stefan Schauber. (Foto: Shane Colvin, UiO)

Beskriv utslettet

– Medisinarstudentane må dokumentera breidda i kompetansen sin. Dermed må eksamen bestå av ei rekkje mindre oppgåver. Det gjev eit heilskapsbilete av kva studenten har lært, seier han, og legg til:

– Eksamen skal òg visa at dei uteksaminerte kan bruka kompetansen sin i praksis. I forelesingssituasjonen brukar ein faguttrykk som synkope, men pasienten hjå allmennlegen vil fortelja at han har svima av. Då er det det siste uttrykket ein bør bruka i eksamensoppgåva.

Schauber tilrår at ein eksamen varierer mellom oppgåvetypar og kombinerer fleirvalsoppgåver med fritekstoppgåver, gjerne av ulik lengd. Han viser fram eit døme på ei god oppgåve: eit bilete av eit utslett som skal beskrivast i ein journal.

Riktig føring i journalen

– Kandidaten får då vist både at ho kan stilla riktig diagnose og at ho kan kommunisera den til andre i ein journal. Sjølv ville eg ha stått i fare for å skriva ein halv roman som svar, men riktig journalføring er stikkord eller telegramform.

Fleirvalsoppgåver har eit litt rufsete rykte som Schauber meiner er ufortent og unyansert.

– Nasjonale delprøver i medisin inneheld berre fleirvalsoppgåver, og alle oppgåvene har fire svar, verken meir eller mindre. Eg kan vera samd i at det vert for lite fleksibelt. Men generelt meiner eg det bør vera den som lagar oppgåvene som sjølv må vurdera kva oppgåvetype som passar best til det ein vil ha svar på.

Når sensorane gjev ulik vurdering

– La oss seia at vi har ei oppgåve om ei undersøking på eit akuttmottak. Nokre vil meina at det bør vera ei open oppgåve fordi ein pasient er noko anna enn eit lysark frå forelesingssalen. Andre vil hevda at legen har ei sjekkliste i hovudet når ho gjer ei undersøking, slik at det er heilt kurant med ei fleirvalsoppgåve. Det er ikkje nødvendigvis noko fasitsvar på kva oppgåvetype som vil fungera best her.

Til alle eksamenar vert det laga rettleiingar til eksterne sensorar, og Schauber understrekar kor viktig det er at dei inngår i evalueringa i etterkant:

– Er det sensorrettleiinga som må forbetrast dersom to sensorar gjev svært ulike vurderingar av ei oppgåve? Og sjølv om sensorane er samde: Stemmer vurderinga deira overeins med det vedkomande som laga oppgåva hadde tenkt seg?

Kan overførast til andre fag

I medisinutdanninga startar studentane med såkalla basalfag med dei grunnleggjande medisinske kunnskapane før dei går vidare med spesialisering i kliniske fag. Etter kvart som studentane kjem lenger i studiet, omfattar eksamenane alt det dei har lært tidlegare, ettersom basalfaga vert tekne i bruk i dei kliniske vurderingane.

Slik sett skil medisinstudiet seg frå ein del andre studiar, der studentane kan gjera seg ferdig med eitt og eitt tema og ta eksamen i det, før dei går vidare til eit anna tema der eksamen i liten grad har samband med førre tema.

Schauber meiner likevel at dei viktigaste prinsippa for ein medisinsk eksamen ofte vil la seg overføra til andre fagområde og nivå, inkludert grunnskule og vidaregåande skule:

  1. Ha klart for seg kva det er studenten skal ha lært
  2. La eksamen femna breidda i det studenten skal ha lært
  3. Ta utgangspunkt i verkelege situasjonar der det er mogleg

Sjølv om Schauber arbeider med forbetring av eksamensoppgåver, meiner han like fullt at norske medisinske eksamenar har høg kvalitet, og at dei stadig vert endå litt betre.

Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer

Powered by Labrador CMS