Global interesse for undervassreise

MAR-ECO-ekspedisjonen kom tilbake i august med mystiske funn og ukjende organismar frå havdjupet. Reisa langs den midtatlantiske ryggen fenga svært mange menneske, og fekk pressedekning i heile 28 land.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"MAR-ECO-ekspedisjonen fann ukjende organismar på havdjupet."
"MAR-ECO-ekspedisjonen fann ukjende organismar på havdjupet."

På Internett, i aviser og tv over heile verda har ekspedisjonen, i regi av Havforskningsinstituttet og Universitetet i Bergen, fått merksemd.

Undersøkingane langs den midtatlantiske ryggen og funn av eksotiske artar som djuphavsmarulk, uidentifiserte medlemer av blekksprutfamilien og ei rad andre artar har altså vekt stor internasjonal interesse.

Ukjent fjellkjede

G.O. Sars, fartyet til ekspedisjonen, har operert mellom Island og Azorene i den nordlege delen av Den midt-atlantiske ryggen, ei gigantisk vulkansk fjellkjede som strekk seg tvers gjennom Atlanterhavet.

- Dette er truleg den minst utforska fjellkjeda i verda, seier forskar ved Havforskningsinstituttet og prosjektleiar for MAR-ECO, Odd Aksel Bergstad.

Fangsten dei har brakt tilbake til Bergen består av materiale og observasjonar nok til å halde marine forskingsmiljø engasjert i tiår framover.

No startar det store arbeidet med å systematisere og analysere over 80 000 ulike artar fisk og blekksprut, i tillegg til talrike typer plankton, henta frå områder på planeten som aldri før har vore tilgjengelege eller blitt sett av menneske.

Så langt er berre 350 av dei 80 000 artane identifisert. Dei 60 forskarane frå 13 land som var med på toktet har likevel stor tru på at dei alt har sett artar som er nye for vitskapen. Bergen Museum skal vere kurator for dei biologiske funna frå ekspedisjonen, og vil mellom anna få verdens største samling av havblekksprut.

Djupt mysterium

Reisa til Atlanterhavet handlar også om dyr som aldri vart funne. Bilete frå eit fjell 2 000 meter under havflata nord for Azorene viser spor eller groper i botnen i ei line mot mørkret.

Forskarane venta og håpte at dyret skulle vise seg og prøvde også å følgje etter spora med undervassfarty, men utan resultat.

- Å arbeide i ei fjellkjede under vatn er veldig krevande, seier Bergstad, som ser for seg store framsteg i havforskinga som følgje av ny teknologi.

Opererer i dårlig ver

Splitter nye G.O. Sars er eit stillegåande forskingsfarty, med senkekjølar som gjer det lettare å operere i dårleg ver. Og med hjelp av djupvasstrål og avansert akustikk, fjernstyrte farkostar, video og foto, har forskarane vore i stand til å hente informasjon som kan revolusjonere kunnskapen om livet i havet.

I den store samanhengen er forskingsfangsten likevel meir som ein dråpe i havet å rekne.

- Det er så mange ubesvarte spørsmål, vi har eigentleg berre pirka i overflata, seier Odd Aksel Bergstad.

Forskarane i MAR-ECO-prosjektet, som starta i 2001 og vil vare ut 2008, er tilknytta det globale programmet Census of Marine Life.

Powered by Labrador CMS