Fisk gir ikkje brystkreft

I seinare tid har det vore debatt om miljøgifter i feit fisk som oppdrettslaks kan gi brystkreft. Ei ny, stor europeisk undersøking visar no at fiskeinntak verken aukar eller reduserer faren for slik kreft.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Du treng ikkje vere redd for å få brystkreft berre fordi du ikkje et fisk. Ein ny studie visar at fiskeinntak ikkje har nokon innverknad på brystkreftutvikling."

Multisenterstudien European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC), har undersøkt over 300 000 kvinnelege deltakarar frå ti europeiske land. Deriblant 37 000 kvinner frå Noreg. Oppfølgingstida var 6-12 år og meir enn 4700 av dei europeiske kvinnene i undersøkinga utvikla brystkreft i denne perioden.

Resultatet viste at kvinner som åt fisk verken hadde auka eller redusert fare for brystkreft. I studien blei det sett på både totalt fiskekonsum og om ein åt feit eller mager fisk, men resultatet blei likt uavhengig av inndeling.

Analysane frå denne undersøkinga vart gjort ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø. Dei norske kvinnene i EPIC-studien er òg med i “Kvinner og kreft” studien ved UiTø.

Studien er publisert on-line i tidsskriftet International Journal of Cancer.

Reduserer heller ikkje brystkreftrisikoen

(Foto: colourbox.com)

Om fisk aukar eller reduserer brystkreftrisikoen er omdiskutert. I følgje Verdas Helseorganisasjon (WHO) er det til dømes usikkert om fiskeinntak har innverknad på brystkreftutvikling.

Mange tidlegare studiar har vist ein redusert risiko for brystkreft ved høgt inntak av fisk, andre studiar har ikkje sett noko samanheng og andre igjen har funne auka risiko. Felles for desse studiane er at dei fleste er små og utført i berre eitt land eller distrikt. Dei færraste av studiane skil mellom feit og mager fisk.

Den seinare tids debatt om at miljøgifter i feit fisk og særskild oppdrettslaks kan gi auka kreftrisiko, er basert på dyreforsøk.

- I EPIC-studien har ein derimot deltakarar frå ti forskjellige land med forskjellig kosthald og ulike kreftførekomstar. Vi trur derfor studien er påliteleg, seier stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisin og hovudforfattaren bak artikkelen, Dagrun Engeset.

Fisk og tjukktarmskreft

Sjølv om denne studien ikkje viste at inntak av fisk kan redusere brystkreftrisikoen, er det ting som tyder på at fisk har ein helsebringande effekt ved ein annan krefttype. Ein tidlegare EPIC-studie kor ein undersøkte inntak av kjøtt og fisk i forhold til tjukktarmskreft, viste at fisk hadde ein førebyggjande effekt.

- Tidlegare studiar tyder òg på at fisk er bra for hjartet, seier Engeset. - Så da kan vi ete fisk med godt samvit?

- Ja, det kan vi. Og om ein et lite fisk treng ein heller ikkje engste seg for auka brystkreftrisiko, seier Dagrun Engeset.

Powered by Labrador CMS