Elevar som gjekk ut av fjerde og sjuande klasse låg frå eit halvt til to år føre jamaldringar som ikkje hadde delteke i prosjektet. (Foto: Annica Thomsson)
Ny skriveopplæring har gitt suksess
Elevar som går ut av fjerde klasse, kan skrive som sjetteklassingar viss dei får den rette opplæringa, viser eit pågåande forskingsprosjekt. Nøkkelfaktorar er klare forventningar til tekstkvalitet og individuelt tilpassa undervising.
Prosjektet Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning («Normprosjektet», 2012–2016) har som mål å bidra til betre forskingsbasert kunnskap om kva ein kan forvente av skrivekompetanse hos elevar på ulike trinn i utdanningssystemet.
I tett samarbeid med skular over heile landet har prosjektet utvikla nasjonale standardar, eller forventningsnormer, for skrivekompetanse. Desse dannar utgangspunkt for skriveopplæring og vurdering av skriving i alle fag.
Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire fag og fleire institusjonar: NTNU i Trondheim, Universitetet i Oslo, Universitetet i Agder og Høgskolen i Sør-Trøndelag / Skrivesenteret.
Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, og det blir styrt frå Høgskolen i Sør-Trøndelag.
Å kunne skrive godt kan opne dører, og det gjev makt. Men det er store skilnader på skriveferdigheitene blant norske grunnskuleelevar.
I Normprosjektet har forskarar samarbeida med lærarar, rektorar og elevar ved 20 skular for å finne ut kva som er god skriving, kva krav ein bør stille til tekstkvalitet og korleis ein skaper god skriveundervising. Resultata er oppsiktsvekkande.
– Elevar som i to år har brukt dei verktøya vi har utvikla, ligg då opp til to år føre elevar som ikkje har følgt prosjektet. I tillegg ser vi at skilnadene i skriveferdigheiter mellom ulike grupper blir viska ut, seier språkprofessor Kjell Lars Berge ved Humanistisk fakultet ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar ved Universitetet i Oslo.
Samarbeida tett med lærarar
Prosjektet starta i 2010 med at lærarar ved skular rundt om i landet henta fram tekstar elevane deira hadde skrive. Desse tekstane vart brukte i arbeidet med å etablere ei forventningsnorm for kva elevar bør meistre av skriveferdigheiter i slutten av fjerde og sjuande klasse.
Lærarane var sjølve med å etablere denne norma. Dei vart intervjua både i grupper og individuelt.
Forventningsnorma vart også delt inn i ulike vurderingsområde.
– Å skrive godt inneber nemleg fleire eigenskapar, mellom anna å velje ut innhald, å byggje opp ein tekst og å bruke eit godt språk, seier Berge.
I alt sju slike vurderingsområde skulle gjere det lettare for lærarar å følgje opp elevane på dei områda dei trong det.
Så vart dei nye normene tekne inn i undervisinga på skulane i prosjektet, i alle fag. I to år følgde lærarar opp elevar på dei felta dei trong det: Nokre fekk hjelp til rettskriving, andre fekk hjelp til å velje ut innhald eller setje teikn. Forskarane følgde med på utviklinga, og dei følgde også kontrollgrupper ved skular som ikkje var med på prosjektet.
To år framfor jamaldringar
Ei slik spesialisert oppfølging var arbeidskrevjande både for lærarane og elevane, men då elevane vart evaluerte etter to år, såg forskarane klare resultat: På dei skulane der lærarane hadde gjort ein god innsats, låg prosjektelevar som gjekk ut av fjerde og sjuande klasse frå eit halvt til to år føre jamaldringar som ikkje hadde delteke i prosjektet . Elevane sine prestasjonar vart målte gjennom nasjonale prøver.
– Alle lærarar i alle fag måtte ta del, uansett skrivekompetanse. Dette var krevjande, og nokre skular i prosjektet har følgt opp betre enn andre. Vi ser tydeleg at dei som legg inn ein innsats, også får gode resultat, seier Berge.
Han fortel at elevane på småskuletrinnet, altså dei som gjekk ut av fjerde klasse då dei vart evaluerte, hadde ei spesielt sterk utvikling.
– Hos borna på mellomtrinnet såg vi større skilnader frå elev til elev. Dei hadde begynt å utvikle særinteresser og måtte motiverast sterkare. Det kravde meir av lærarane. Men når lærarane gjorde ein god innsats, utvikla også desse elevane ferdigheitene sine i stor grad.
Eit anna viktig funn, ifølgje Berge, er at skilnader mellom elevgrupper vart viska ut.
– Ofte ligg jentene føre gutane i skuleprestasjonar. Denne skilnaden forsvann. I tillegg såg vi at gruppa born som ikkje har norsk som førstespråk, tok igjen dei andre elevane. Sjølvsagt var det store skilnader mellom individ, men gruppeskilnadene forsvann.
Forankra i Kunnskapsløftet
Annonse
500 lærarar og rektorar og 3088 elevar var med i prosjektet, som no er avslutta. Men mange skular held fram med den nye skriveundervisinga. Ifølgje Berge er tilbakemeldingane frå lærarar og rektorar svært positive. Lærarane rapporterer at elevane blir meir motiverte, og mange lærarar er glade for sjølve å ha fått vere med å utvikle skrivenormene.
– Internasjonalt er det sjeldan at lærarar sin erfaringsbakgrunn blir trekt inn i utarbeidinga av nye rutinar og metodar. Mange kan då oppleve at dei får retningslinjer tredde ned over hovudet. I dette prosjektet er lærarane aktivt med, og dette har vekt oppsikt internasjonalt, seier Berge.
Også å ta forskingsresultat med attende til skulane og implementere dei, for så å studere effekten, er ein ny måte å forske på, fortel han.
– Vi har forska på skrivekompetanse før, men å gå inn og medverke til endring er nytt. Kunnskapsløftet har gjort dette mogleg. Her vedtok Stortinget at skriving skal vere ei grunnleggande ferdigheit. Lærarane opplever dermed at prosjektet er forankra i deira viktigaste mandat, seier Berge.
Må prioriterast
Viss ein skal svare på Stortinget sine klare ønske, vil prosjektet få stor innverknad på norske kommunar sine prioriteringar, meiner han.
– Resultata våre indikerer at ei god og effektiv skriveopplæring krev ei fagleg sterk og engasjert skuleleiing. Lærarar må ha solid innsikt i språk og tekst, og elevane må skrive oftare og meir systematisk. Alt dette arbeidet tar tid, og det vil krevje tydelege prioriteringar.
– Skuleleiinga bør leggje til rette for kompetanseheving blant dei tilsette og prioritere skrivearbeidet i klasseromma, seier Kjell Lars Berge.