Farleg å vere for sporty

Den norske ut på tur-kulturen kan vere med på å vedlikehalde spiseforstyrringar, meiner psykolog Stine Laberg.

- Søkelyset på slanking og trening gjer at mange får problem med sjølvbildet og kroppsbiletet, seier psykolog Stine Laberg. Treningsfokuset er større i Noreg enn i Sverige, hevdar ho, og meiner at ut på tur-ideologien har ei bakside.

Et for lite

- Det går lenger i Noreg før det blir feil å trene, seier Laberg.

Ho påpeikar at media kjører på med bodskapen om at ein skal kutte ned på fett og sukker. Men om folk trener like mykje som før, kan dette ha den uheldige konsekvensen at folk får i seg for lite mat.

Kroppen blir stressa om ein et for lite, og resultatet er at du får lyst til å bevege deg. Dette er kroppens biologiske respons og eigentleg er den då ute og leiter etter mat.

- Angsten blir redusert av aktiviteten, men om du ikkje et når du kjem fram ender du med å bli enda meir stressa, seier Stine Laberg som jobbar etter ein modell som blir kalla dialektisk åtferdsterapi.

Dialektisk åtferdsterapi

Denne forma for terapi vart utvikla på 1990-tallet i USA med gode resultat, og spreidde seg ganske raskt til Sverige, der Laberg lærte seg metoden.

"Stine Laberg og faren Jon Christian Laberg samarbeider om å betre vilkåra for pasientar med spiseforstyrring."
"Stine Laberg og faren Jon Christian Laberg samarbeider om å betre vilkåra for pasientar med spiseforstyrring."

Ho jobbar no ved Seksjon for spiseforstyrrelser ved Haukeland Universitetssjukehus. Laberg tok utdanning i Sverige og har også jobba klinisk der i mange år. Hubro møter psykologen og far hennar, professor i psykologi ved UiB, Jon Christian Laberg til ein samtale om spiseforstyrringar.

Dei jobbar begge for å betre vilkåra for behandling for pasientar med spiseforstyrringar i Bergen. Laberg byrja å interessere seg for feltet under eit forskingsopphald i USA for tjue år sidan.

Han har jobba klinisk med denne pasientgruppa, men har også forska på feltet, og på emna avhengnad og rus.

Forbetra teoriar

I følgje Jon Christian Laberg har det kome ei endring i forståinga av spiseforstyrringar. For tjue år sidan såg ein på slike lidingar som eit læringsproblem der det å legge på seg vart forbunde med ein negativ kjenslemessig reaksjon.

For å bøte på dette jobba psykologane med modellar der pasientane mellom anna skulle sjå seg sjølv på bilete. Dette gjorde dei for å bli vare for, og dermed endre, innlærte responsar.

Så kom det ei endring i retning av det kognitive, der pasientane skulle endre tankemønstra sine ved hjelp av kognitive teknikkar. Desse teknikkane var ikkje heilt tilstrekkelege til å forstå mekanismane bak spiseforstyrringar.

Må sjå det kroppslige

Laberg seier at dei nye tilnærmingsmåtane, som dialektisk åtferdsterapi, har ei betre kopling mellom det psykiske og det kroppslige.

- No er vi meir medvitne om det fysiologiske aspektet i dei kjenslene vi opplever. Vi veit at alle angstreaksjonar til dømes fører til at ein har lyst til å bevege seg.

- Aktivitet kan vere svært positivt, men dersom vi merker at vi stadig er rastlause og har problem med å sitte stille, kan dette også være eit teikn på at ein ikkje har det bra, skyt Stine Laberg inn.

Biologisk sårbar

Angst kan altså skyldast at kroppen blir utsett for ein fysisk trussel. Ein annan måte å bli full av angst på er å tenke negativt. Di meir vi er «på kanten» frå før, di meir sårbare er vi ovanfor alle typar kjensler.

Kjenslene gjev oss fysiske impulsar som skal få oss til å handle. Formålet er at vi skal handle på ein måte som vernar oss. Om vi gjer det, har kjensla fylt sin funksjon.

Om vi derimot har lært oss å takle kjenslene våre på destruktive måtar, blir det ikkje bra når vi følgjer impulsen. Ein del menneske er meir biologisk sårbare for impulsivitet enn det andre er.

Pasientar med spiseforstyrringar tilhøyrer ofte den gruppa. Ved ikkje å ete oppfører dei seg på ein måte som gjer dei meir sårbare. Stine Laberg forklarer:

- Om du er sårbar handlar du kanskje på impuls, og om dette gjer deg endå meir sårbar får du dårlegare hemming neste gong også bortetter. Mange får sterke impulsar til noko som ikkje er bra.

Vond sirkel

Dårleg sjølvbilde gjer oss sårbare, noko som påverkar terskelen for impulsgjennombrot, held ho fram, og gjev eit døme:

- Om ein har dårlig sjølvbilde, og trur at dette vil bli betre om ein går ned i vekt, vil ein gjerne begynne å slanke seg. Å ete mindre kan skape angst og uro i kroppen.

- I kombinasjon med tanken om at det er bra å trene for å gå enda raskare ned i vekt, kan dette gjere at vi spring ein tur. Etter kvart kan dette bli «standardløysinga» kvar gang vi kjenner uro eller får sterke, ubehagelige kjensler.

Samstundes vil det å springe når vi har for lite mat i kroppen auke sårbarheita vår, det vil seie gjere at vi lettare reagerer sterkt og negativt på all motgong, forklarer Laberg.

- Dette gjer altså at vi oftare og oftare vil få impulsar til å springe, for å «løyse» problemet, og om vi følgjer den impulsen vil vi bli stadig meir sårbare. Her hadde det vore betre å kunne hemme impulsen til å springe, og i staden kvile og ete, og prøve å finne andre måtar å takle vanskane i livet på.

Kurerer borderline-pasientar

I tidlegare former for kognitiv terapi har det vore viktig å tenke annleis for å kunne motstå impulsane. Dialektisk åtferdsterapi vart utvikla fordi det viste seg at ein del pasientar ikkje klarte å motstå impulsane sjølv om dei tenkte annleis.

Nokre får så sterke impulsar at dei må fokusere på meir konkrete strategiar som kan nyttast i den augneblinken impulsen tar dei, til dømes å ta ein iskald dusj. Denne typen teknikkar blir kombinert med vanlege metodar for å endre negative tankemønster.

Dialektisk åtferdsterapi er utvikla i takt med at forståinga av samspelet mellom åtferd, kognisjon og fysiologi har auka. I følgje Stine Laberg er det belegg i forskinga for at dei nye metodane er effektive.

- Dialektisk åtferdsterapi har til dømes vist seg å fungere svært bra for borderline-pasientar. Omgrepet «mindfulness» er sentralt. Pasientane blir trena i å sortere, konstatere og registrere kva kjensler dei har.

- I staden for å kjempe så hardt for det du ikkje kan endre, trener ein på å kunne konstatere korleis røynda faktisk ser ut, og på sikt finne veier frem til det ein ønskjer å oppnå.

Ville ikkje bli psykolog

Med ein far som var professor i psykologi var psykolog var det siste yrkesvalet Stine Laberg kunne tenke seg. Slik gjekk det likevel ikkje.

Samtalene med faren i oppveksten hadde vekka interessa for psykologi, og etterkvart hamna ho altså på same felt som faren, Jon Christian Laberg. Det dei begge glade for no.

- Det Stine driv med tykkjer eg er svært spennande, og eg har tru på at vi nærmar oss ei langt betre forståing av korleis kjensler, kognisjon, biologi og kultur verkar saman på ein kompleks måte.

Far og dotter Laberg samarbeider på fleire område. Han rettleier studentar som skriv oppgåver knytt til behandlinga av pasientar spiseforstyrringar. Det er meininga å auke forskingsintensiteten på feltet.

I haust startar eit samarbeid mellom Haukeland Universitetssjukehus og eit forskarteam i Oslo i forhold til nevropsykologisk utgreiing av pasientar med spiseforstyrringar.

Delar av prosjektet blir også knytt til fmri-scanning, som kan gje meir kunnskap om korleis dette ytrar seg reint fysiologisk. På sikt kan datamaterialet eventuelt også nyttast av studentar ved UiB.

Powered by Labrador CMS