Hekta på hobbyen

Ikkje alle blir lykkelege av å ha ein hobby. Enkelte blir så avhengige at dei ikkje klarer å slutte. I verste fall kan det føre til depresjon og isolasjon frå vener og familie.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For nokon handlar det kanskje om korsong eller band. For andre symjing, sykling eller maratonløping.

Dei aller fleste har ein eller fleire aktivitetar dei engasjerer seg i på fritida. Og dei aller fleste er samde i at der er positivt at livet handlar om meir enn berre familie og jobb.

Men ei ny doktorgradsavhandling i psykologi ved Universitetet i Oslo rokkar ved tradisjonelle oppfatningane av korleis fritidsaktivitetar påverkar liva våre.

- Fritidsaktivitetar tidligare sett på som utelukkande positive i eit helseperspektiv kan ha negative psykologiske konsekvensar, fortel stipendiat Frode Stenseng.

Gjennom bruk av ulike spørjeskjema har Stenseng samla inn data frå i overkant av 1000 personar med heilt vanlege fritidsaktivitetar som til dømes fotball, fotografering, symjing  eller sykling.

Og resutatet viser at nokre personar rett og slett blir så strekt involverte i hobbyen sin at det artar seg som ein avhengigheit. Dei klarar ikkje å slutte, sjølv om dei ikkje får noko glede av å halde på med det.

- Som rusmisbruk

Dette er tendensar som er velkjende hos speleavhengige eller rusmisbrukarar, men ifølgje Stenseng  gjeld dette også folk som held på med eit breitt spekter av heilt vanlege, tilsynelatande uskuldige fritidsaktivitetar.

Avhengigheten går sterkt utpover humør, familieliv, jobb og veneforhold. I verste fall kan det føre til depresjon og isolasjon frå vener og familie.

- Konsekvensar ein også ser hos speleavhengige og alkoholmisbrukarar, seier Stenseng. 

Det handlar om lidenskap

Men kvifor er det slik at nokre utan problem klarer å balansere livet mellom jobb, familie og fritidsaktivitetar, medan andre ikkje klarer det?

(Foto: Colourbox.no)

Stenseng bruker ordet lidenskap for å forklare. Han meiner ein kan skilje mellom to typar av lidenskap, nemleg ”harmonisk lidenskap” og ”tvangsmessig lidenskap”.

- Personar med en harmonisk lidenskap blir meir tilfredse gjennom å engasjere seg i favorittaktiviteten sin. Dei bruker mykje tid og energi på aktiviteten sin utan å oppleve at dette kjem i konflikt med andre deler av livet.

- Derimot vil personar som utviklar en tvangsprega lidenskap ha problem med å bestemme seg for kor tid dei skal avstå frå aktiviteten og kor tid dei kan engasjere seg fritt i aktiviteten. Dette føre til at dei verken opplever lykke når dei held på med aktiviteten eller når de ikkje driver med aktiviteten, seier Stenseng.

Ytre press

Personar som byrjar med ein aktivitet på grunn av press eller forventingar frå familie og vener, har lettare for å utvikle ein slik tvangsmessig lidenskap.

- Eg trur at dei fleste av oss kan kjenne oss igjen i opplevinga av å vere tvangsmessig lidenskapeleg for ein aktivitet, og eg trur mange har det slik i periodar. Men for nokon er dette eit stabilt trekk.

- I slike situasjonar blir personen dratt mellom ønsket om å dedikere alle sine ressursar mot aktiviteten og ønsket om å fungere normalt, i den forstand at ein ivaretar sine forpliktelser til arbeidsgivar, partner, familie, vener, og andre.

- I nokre tilfelle blir det gjerne slik at alt som står i vegen for aktiviteten fasast ut slik at personen kan tilbringe mest mogeleg tid i aktiviteten, seier Stenseng.

Tidlegare forsking positiv

At fritidsaktivitetar kan ha slike negativ innverknad for enkelte, har knapt vore forska på tidlegare, ifølgje Stenseng.

Tidlegare forsking på fritid og psykologi har ofte tatt det for gitt at fritidsaktivitetar bidrar til auka livskvalitet. På 1970-tallet var det mykje fokus på at også kvinner burde ha rett til å drive med fritidsaktivitetar, medan ein på 1980-tallet var opptekne av at ungdom skulle ha lik rett til å kunne engasjere seg i ulike aktivitetar.

I dag er det myke fokus på at ein må vere engasjert i ein fritidsaktivitet for å kunne vere eit komplett menneske. Det vil seie at ein skal ikkje berre realisere seg sjølv gjennom jobb og familie, men også gjennom fritidsaktivitetar.

Frode Stenseng.

Den sosiale statusen aukar dersom ein i tillegg til å lykkast på desse arenaene, også har ein eller annan form for lidenskap.

- Den enorme populariteten ”Birken” har fått hos bedriftsleiarar og andre kan sjåast på som et teikn på dette. Men å lukkast med å balansere bruken av tid, energi, og andre ressursar mellom desse livsdomena kan vere problematisk, spesielt for personar med ein tvangsmessig lidenskap, seier Stenseng.

Aukande problem

Stenseng trur det kan vere grunn til å tru at det er fleire i dag som utviklar ein tvangsprega lidenskap for favorittaktiviteten sin enn tidlegare.

- I eit stadig meir dynamisk samfunn aukar muligheitene til å forfølgje lidenskapen sin. Aktiviteten er også ei kjelde til å bygge seg ein identitet, slik at ein har noko spennande å vise fram når ein presenterer seg på Facebook, eller noko å fortelje om når ein skal bli kjent med nye menneske.

- Forsking tyder på at dette blir stadig viktigare for menneske i moderne samfunn, seier Stenseng.

I snitt brukte deltakarane i Stenseng si undersøking meir enn 10 timar per veke på aktiviteten sin.

- Utfrå statistike berekningar som vanlegvis blir gjort på bakgrunn av svara i spørkeskjema, kan over ein tredjedel av dei som engasjerer seg i aktiviten kring 10 timar per veke klassifiserast som tvangsmessig lidenskaplege.

Ingen diagnose

Å ha ein tvangsmessig lidenskap er ikkje eit klinisk fenomen. Det vil seie at det ikkje eksisterer noko diagnose eller eit hjelpeapparat for å fange opp personar med eit tvangsmessig forhold til hobbyen eller fritidsaktiviteten, konstaterer Stenseng.

- Det vil nok ta lang tid før dette kan bli eit akseptert helseproblem på linje med speleavhengigheit.

Bakgrunn:

Frode Stenseng disputerte med avhandlingen “A Dualistic Approach to Leisure Activity Engagement – On the Dynamics of Passion, Escapism, and Life Satisfaction” fredag 9.oktober ved Psykologisk Institutt, Universitetet I Oslo.

Powered by Labrador CMS