Hurtigare nedbryting av trekol enn venta

- Å forstå meir av karbonet sin syklus i naturen er ein føresetnad for å forstå drivhuseffekten og klimaendringane, seier Rune Halvorsen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

- Vi ville undersøkja om det er like sterke spor etter skogbrannar i heile Skandinavia, eller om det er regionale forskjellar, seier Halvorsen.

Han er professor ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, og har vore med i ei gruppe leia av Mikael Ohlson frå Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) på Ås, som har studert mengda av trekol i skogbotnen.

- Når skogen brenn, er det ein del av veden som ikkje vert fullstendig forbrent, men som i staden havnar i jorda som trekol. Vi har samla 850 jordprøvar frå 15 barskogsområde for å sjå kor mykje dette dreier seg om, fortel Halvorsen.

Overraskande funn

Barbro Dahlberg frå Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) var den som fekk jobben med å plukka ut trekolbitar frå jordprøvane, ein møysommeleg jobb som tok fleire månadar. Då desse vart analyserte, fann forskarane noko som overraska dei.

- At det er stor variasjon i forekomsten av skogbrannar mellom dei ulike områda, var ikkje uventa, seier Halvorsen.

- Det var heller ikkje uventa at ein større del av skogsmarka synte spor etter brann i dei tørre innlandsstroka i Nord-Sverige enn langs den fuktige og kjølege vestkysten av Noreg.

- Nokre avvik frå det vi venta var det rett nok, som viser at det er mange faktorar som saman avgjer kor utsett eit område er for skogbrann, seier han.

- Det som overraska oss, var at medianalderen på ei rekkje tilfeldig utvalde kolbitar var så låg som 652 år.

- Tidlegare har ein trudd at trekolet vert liggjande i tusenvis av år før det var heilt brote ned, og at karbonet i kolet dermed er teke ut av karbonsyklusen tilsvarande lenge, seier Halvorsen.

- No ser vi altså at trekolet vert brote ned raskare enn vi har trudd. Det kan vera på grunn av biologisk nedbryting, det kan skuldast at nye skogbrannar fører til ei meir fullstendig forbrenning av trekol frå tidlegare brannar, eller det kan skuldast årsaker me ikkje kjenner.

Forstå drivhuseffekten

- Gøy at ti års arbeid vil bli lest av mange, seier Rune Halvorsen frå NHM. Studien er publisert i prestisjetidsskriftet Nature. (Foto: Anette Edvardesn, NHM)

Ut frå desse funna anslår forskarane at mengda av karbon som er bunde opp i trekol i barskog på den nordlege halvkula er 1 petagram (= 1 000 000 000 tonn) .

Det tilsvarar 1 prosent av karbonet som er bunde opp i levande plantar i desse skogane, og rundt 15 prosent av det karbonet som vert sleppt ut i atmosfæren ved forbrenning av fossilt brennstoff.

Tonje Økland frå Norsk institutt for skog og landskap og Kendrick J. Brown frå De Nationale Geologiske Undersøgelser for Danmark og Grønland (GEUS) er dei andre forfattarane bak studien, saman med Halvorsen, Mikael Ohlson frå UMB som har leia gruppa, og Dahlberg.

Referanse:

Mikael Ohlson, Barbro Dahlberg, Tonje Økland, Kendrick J. Brown og Rune Halvorsen; ”The charcoal carbon pool in boreal forest soils”, Nature Geoscience Online; 6. september 2009; DOI: 10.1038/NGEO617.

Powered by Labrador CMS