Har funne årsaka til vissen ask

Årsaka til askeskotsjuken har lenge vore ukjend, men nyleg isolerte Bioforsk ein sopp som truleg forårsakar denne visnesjuken hos ask.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tverrsnitt av askekvistane frå Østfold som soppen Chalara fraxinea vart isolert frå i mai 2008. Veden var sterkt skadd, og det var delvis brune felt i leiingsvevet.

Nedvisning av ask er eit stort problem i fleire europeiske land. No er symptoma også observert på asketre i Østfold og Akershus.

Årsaka til sjukdomen har lenge vore ukjend, men nyleg isolerte Bioforsk Plantehelse ein sopp som truleg forårsakar visnesjuken.

- Gjennom prosjektet ”Planter for norsk klima”, der ein av aktivitetane er å fylgja skadebilete på buskar og tre i grøntanlegg, fann vi alt i 2006 tydelege visnesymptom på ask, seier Venche Talgø ved Bioforsk.

- I slutten av april vart det tatt ut ein prøve med liknande symptom i Østfold. Frå denne prøven isolerte vi soppen Chalara fraxinea

Stakkars små

Ein reknar det no som truleg at askeskotsjuke skuldast C. fraxinea, men vidare forsking pågår i fleire europeiske land for sikkert å fastslå dette.

Nedover i Europa daudar ofte små asketre heilt ned i planteskular.

- I ein planteskule vi besøkte nord for Hamburg i mai 2008, hadde 100 prosent av asketrea visna ned, seier Talgø.

Større tre får tilbakevisning i krona. No når bladverket har kome på trea, er det lett (sjølv på avstand) å plukka ut tre med daude kvistar, men mykje av dette kan også skuldast til dømes frostskade.

Kva skal ein gjera?

Ask med visne skot.

- Det viktigaste tiltaket her i landet er no grundig kontroll av asketre som vert importert til vidare dyrking. For å unngå vidare spreiing må ein ikkje flytta planter frå Østfold til område der asken står frisk, åtvarar Talgø.

- Det er all grunn til å tru at det ikkje berre er Østfold som er ramma på Austlandet, så ein må vera på vakt.

Til dømes vart det ikkje observert skade på ask på ein rundtur i delar av Ryfylke og Jæren i byrjinga av mai 2008, så i slike område er det svært viktig at det ikkje kjem inn infisert plantemateriale.

- På sikt vert det truleg svært viktig å finna fram til eventuelle asketre som er resistente mot sjukdomen, avsluttar Talgø.

Powered by Labrador CMS