Import og handel av grøntanleggsplanter fører også med seg nye plantesjukdommar. Forskarane er spesielt uroa over at den svært skadelige eggsporesoppen Phytophthora no er funnen i skogs- og naturområde.
Namnet Phytophthora tydar planteøydeleggjar (phyto= plante, phthora = øydeleggjar), og slekta høyrer til eit eige rike (Stramenopila) på linje med til dømes dyreriket, planteriket og soppriket. Phytophthora vert ofte kalla eggsporesoppar eller algesoppar, sjølv om dei altså ikkje er ekte soppar.
Dei fleste Phytophthora-artar er jordbuande, men nokre er luftborne, med sporar som spreier seg i luft.
Ved angrep av jordbuande artar vert bladverket eller baret misfarga, og kvistar og greiner døyr. Dette skuldast at røtene gradvis vert øydelagde og dermed ikkje kan forsyna plantene med nok næring og vatn. Infeksjonen spreier seg oppover frå rota, og etter kvart kollapsar leiingsvevet.
Ved angrep av luftboren Phytophthora går angrepet motsett veg, dvs. at bladverk og nye skot vert ramma først, og så spreier sjukdomen seg nedover i plantene
Funn av Phytophthora
På verdsbasis er det så langt rapportert 67 Phytophthora-artar, men stadig nye vert oppdaga. Her i landet er det funne fleire Phytophthora-artar på prydplanter i veksthus, planteskular og grøntanlegg, og karanteneskadegjeraren P. ramorum vert stadig funnen på rododendron og andre prydplanter, både i importerte varer og i etablerte anlegg.
Bioforsk Plantehelse finn det også svært alarmerande at P. plurivora og P. ramorum i fjor vart funne i villbestand i Rogaland, førstnemnde på bøk og lønn i eit skogholt i Stavanger og sistnemnde på ville blåbær rett ved infisert rododendron. Områda i Rogaland der funna vart gjort har liknande klima som sørvestre England, der epidemien av P. ramorum på lerk har drepe om lag ein halv million tre sidan 2009.
Omfattande internasjonal handel med planter gjer at Phytophthora spreier seg til stadig nye område i verda. Det fins mange ulike artar, men felles for dei er at dei er svært skadelege for plantene dei angrip.
Her i landet er det dei siste åra gjort funn på treaktige planter både i planteskular, hagesenter, frukthagar, klyppegrøntfelt, juletrefelt, grøntanlegg og lauvskog.
Smitten kjem frå importerte planter, og her er det gjort fleire funn, sjølv om plantene kjem med ”sunnhetssertifikat”!
Fleire sjukdomar
Planteklinikken ved Bioforsk Plantehelse får stadig inn prøvar med plantesjukdomar som er nye for landet. Seinast i august vart det stadfesta store skadar av ein ny soppsjukdom på hekkplanten buksbom frå ein privathage i Oslo.
I september vart han funnen i Rogaland og seinare også på importerte planter i fleire hagesenter i Akershus.
– Denne skadegjeraren er eit omfattande problem på buksbom i mange europeiske land, og er nok eit døme på korleis handel med planter spreier skadeorganismar.
– Vi fryktar at sjukdomen kan vera spreidd over eit større område, seier forskar Venche Talgø ved Bioforsk Plantehelse.
Det er ikkje enkelt å få bukt med slike nye sjukdommar. Bruk av kjemiske middel er uaktuelt i privathagar, parkar og anlegg, og det finnes heller ikkje resistente sortar av buksbom. Dermed har planteskular og hagesenter eit stort ansvar ved import, samtidig som hageeigarar må vera ekstra merksame.
Phytophthora-bekymring
Noreg har vore skåna for mange av plantesjukdomane som fins i andre land. Men auka handel aukar faren for spreiing også her i landet.
På verdsbasis er det så langt rapportert 67 Phytophthora-artar, og stadig nye arter vert funne. Det mest alvorlege funnet dei siste åra er ein ny Phytophthora-art på spisslønn og bøk i eit skogholt ved Byhaugen i Stavanger i 2009.
Men også funn av ein annan nyleg innført Phytophthora-art på ville blåbær er skræmande.
– Funnet i skog er spesielt alarmerande, og vi må gjera alt for å hindra at artar av Phytophthora får etablera seg i naturen, meiner Talgø.
Denne sjukdommen er kjent frå 46 lauvtreartar i Europa og USA og vert sett på som ein stor trussel mot skogar og andre økosystem i Europa. Difor er Talgø redd for konsekvensane ved ytterlegare spreiing i Noreg.
Aktuelle tiltak
Har ein først fått inn smitte av Phytophthora, er det svært vanskeleg å få bukt med problemet. Kvilesporar kan nemleg liggja i jorda i årevis i påvente av gunstige tilhøve og rett vertplante.
Annonse
Tradisjonell sprøyting med soppmiddel vil heller ikkje fungera. Sidan Phytophthora er ulik ekte soppar, er det få av dei tilgjengelege soppmidla som har nokon verknad. Ingen av dagens kjemiske preparat kan utrydda Phytophthora.
– Handteringa av situasjonen med ein Phytophthora-art i sypress på vestkysten av USA gir likevel håp. Der har dei innført strenge restriksjonar på ferdsel både til fots og med køyretøy for å hindra smitte til nye område.
Talgø fortel at dei også har lukkast med å få fram sypressplanter som er resistente, og at skogen no er byrja å veksa opp att på ny.
Kontroll ved import
Uansett sjukdom er det viktigaste tiltaket å bruka friskt plantemateriale. Her har planteskulane ei viktig oppgåve, då det er lettare å kontrollera plantematerialet der enn ute i felt.
I høve til Phytophthora meiner Venche Talgø det bør gjennomførast ei grundig kartlegging av situasjonen både i Stavanger og andre aktuelle område i Norge. Det bør seinare bli ei vedvarande overvaking, slik at ein kan setja inn tiltak på tidleg stadium for å hindra spreiing av sjukdomen.
– Når det gjeld det infiserte skogholtet i Stavanger, ligg det isolert til i høve til annan skog, men det beste vil vera å sanera dei sjuke trea og innføra restriksjonar på ferdsel i området. Fylgjer vi ”føre var” prinsippet, har vi håp om å koma problemet i forkant.